– Område med mykje immigrasjon kan vere prega av fattigdom som i seg sjølv kan redusere viljen, eller evna, til å bidra til eit kollektivt gode, ifølgje forskar. (Foto: Reuters / NTB Scanpix)
– Område med mykje immigrasjon kan vere prega av fattigdom som i seg sjølv kan redusere viljen, eller evna, til å bidra til eit kollektivt gode, ifølgje forskar. (Foto: Reuters / NTB Scanpix)

Vert fellesskapskjensla vår svekka av auka innvandring?

Amerikansk forsking viser at folk som bur i område med etnisk mangfald viser større uvilje til å bidra til kollektive gode. Men er det slik også i Noreg?

Publisert

Om Oslo Fiscal Studies (OFS)

Forskingssenteret har som mål å drive forsking og undervisning i offentleg økonomi av høg kvalitet, og då særskilt innanfor skatteøkonomisk analyse. Formålet med forskinga er å auke forståinga vår av korleis skattar og omfordelingspolitikk påverkar økonomisk aktivitet og velferd.

Senteret er eit samarbeid mellom Økonomisk institutt, Statistisk sentralbyrå og Frischsenteret.

OFS vart etablert i 2012 og går no inn i sin andre femårsperiode med støtte frå Noregs forskingsråd.

Framover ynskjer senteret å styrke si empiriske forsking og prioritere eit tettare samarbeid med skatteetaten, både når det gjelder tilgang til data og kunnskapsutveksling med dei tilsette.

Samfunnsvitarar har vore opptekne av å kartleggje kva verknadar eit veksande etniske mangfald har på velferdsstatar. Nokre meiner at auka innvandring bidrar til innovasjon, kreativitet og økonomisk vekst. Andre har vore bekymra for om ei meir heterogen befolkning vil føre til lågare sosial tillit, mindre samhald og fleire spenningar blant innbyggjarane.

Blant desse er statsvitaren Robert Putnam. Han har funne at aukande etnisk mangfald i det amerikanske samfunnet fører til mindre tillit både i og mellom etniske grupper, noko som igjen påverkar fellesskapskjensla.

– Sjølv om amerikansk forsking viser at folk som bur i område med etnisk mangfald viser større uvilje til å bidra til kollektive gode, kan vi ikkje vite sikkert om denne samanhengen er kausal. Det vil seie, om det faktisk er etnisk heterogenitet som fører til redusert fellesskapskjensle, seier Gaute Torsvik, professor ved Universitetet i Oslo.

– Kanskje er det andre faktorar som ligg bak ein slik samanheng. Område med mykje immigrasjon kan vere prega av fattigdom som i seg sjølv kan redusere viljen, eller evna, til å bidra til eit kollektivt gode, forklarar han.

Villige til å betale

Torsvik understrekar at legitimiteten til velferdsstaten er avhengig av innbyggjarar som er villige til å betale skatt og som støttar ei omfordeling av inntekt. Dersom forskarar som Putnam har rett i konklusjonane sine vert det difor viktig å utarbeide politiske tiltak som kan motarbeide ein slik dynamikk meiner han.

– Me kan godt tenkje på velferdsstaten som eit stort forsikringssystem og at viljen til å bidra til dette systemet avheng til ei viss grad av om du trur at andre bidreg på lik linje. I så fall kan det hende at auka immigrasjon fører til meir «vi og dei» –tenking, mindre tillit, og mindre støtte til velferdsstaten, forklarar Torsvik.

Gaute Torsvik, professor ved Økonomisk institutt og ny leiar for senteret Oslo Fiscal Studies (OFS). (Foto: Eline Kvamme Hagen / UiO)
Gaute Torsvik, professor ved Økonomisk institutt og ny leiar for senteret Oslo Fiscal Studies (OFS). (Foto: Eline Kvamme Hagen / UiO)

Saman med fleire kollegaer har han nettopp fullført eit forskingsprosjekt med utgangspunkt i desse spørsmåla der dei studerte romkameratar i fyrstegongstenesta. Målet med prosjektet var å finne ut om tett interaksjon mellom ulike etniske grupper bidrar til å bygge opp tilliten dei imellom. Dersom svaret er ja, gir det eit meir positivt bilete av korleis innvandring påverkar sosial tillit i vestlege samfunn enn det amerikanske studiar har konkludert med tidlegare.

Resultata kan ta dei eit steg vidare mot å finne svar på korleis auka innvandring også kan påverke skattemoralen vår.

Soldatar i hæren ideelt

Studiet vart utført hausten 2015 i samarbeid med Forsvaret og hærens Brigade Nord. Alle som er fyrstegongssoldatar her, må gjennom ein åtte veker lang og krevjande treningsleir. Soldatane vert fordelte på ulike avsidesliggande leirar og jobbar oppimot 12-15 timar om dagen. Dette gir dei lita muligheit til å sosialisere med andre enn romkameratane sine.

Eit slikt tett og lite miljø var såleis ideelt for å undersøke om dei nære relasjonane soldatane imellom kunne ha ein positiv effekt på den sosiale tilliten deira.

– Soldatane vart plassert på rom med einannan heilt tilfeldig. Vi ønska å sjå på korleis det å verte utsett for ein tett situasjon som det å dele rom i forsvaret kan påverke sosial tillit til innvandringsgrupper, forklarar Torsvik.

Meir spesifikt ville forskarane finne svar på om dei soldatane som delte rom med soldatar av innvandrarbakgrunn var meir tillitsfulle i etterkant av opphaldet samanlikna med før rekrutteringsleiren starta. Dette vart testa gjennom såkalla tillitsspel; eksperiment der deltakarane må stole på einannan for å auke eigne, reelle pengegevinstar.

Forskarane ville sjå om soldatane si grad av tillit endra seg dersom den fiktive samarbeidspartnaren hadde innvandrarbakgrunn.

Fekk motbevist eigne fordommar

Resultata frå studien underbygde Torsvik og forskargruppa si hypotese om at tett kontakt med personar av innvandrarbakgrunn aukar tilliten til minoritetsgrupper. Dei fann at soldatane som hadde delt rom med ein soldat av innvandrarbakgrunn lét til å stole meir på etniske minoritetsgrupper enn dei andre soldatane som også hadde delteke i tillitsspela.

Ifølgje tidlegare forsking som har sett på korleis interaksjon kan førebygge konflikt, er grunnen til dette gjerne at soldatane fekk motbevist eigne fordommar og misoppfatningar om innvandrarar under leiropphaldet.

– Vi fann at spesielt dei soldatane som kom frå kommunar med stor grad av innvandring vart meir tillitsfulle ovanfor innvandrarar når dei hadde delt rom med ein soldat av innvandringsbakgrunn, seier Torsvik.

Han ser ikkje vekk i frå at ein av grunnane til funnet kan vere at kommunar med høg grad av ikkje-vestleg innvandring, slik som Oslo, ofte kan vere meir segregerte enn andre kommunar.

Sår tvil om omgrepet «svenske tilstandar»

Torsvik meiner at senteret Oslo Fiscal Studies har ei viktig rolle å spele for å bringe på bane påliteleg kunnskap om skattleggingsspørsmål som ofte er gjenstand for oppheta politiske debattar. Som senterleiar ynskjer Torsvik at OFS skal vere ein katalysator for solid og god forsking.

– Vi treng eit kritisk blikk på kva som verkar, og ikkje verkar, og kva vi kan vite og ikkje vite, seier økonomen.

Han held fram effekten av innvandring på velferdssamfunnet vårt som eit høgst aktuelt og politisk betent døme. Omgrepet «svenske tilstander» har som kjent versert i media den siste tida og vert brukt til å skildre auka kriminalitet som følgje av høg innvandring og låg integrering.

– Mange hevdar jo at det er fleire brotsverk og konfliktar i Sverige grunna auka innvandring, men det fins ikkje så gode studiar som kan fortelje oss om dette faktisk er tilfelle. Det manglar også forsking på korleis innvandring påverkar skattemoralen vår. Her kan vi bidra med analyser, seier han.

– Forsking på offentleg økonomi sentralt i eit land som Noreg

Torsvik understrekar at offentleg økonomi er eit særskilt relevant felt å forske på i norsk samanheng nettopp fordi den offentlege sektoren i Noreg er så stor samanlikna med andre land.

– Heile 33 prosent av den norske arbeidsstyrken er sysselsatt i offentleg sektor og vi har eit omfattande tilbod av velferdsordningar. Eit forskingssenter for offentleg økonomi og skattlegging er difor spesielt viktig i eit land som Noreg, seier han.

Framover ønskje forskarane ved senteret å undersøkje korleis innvandring påverkar skattemoralen vår i ein større skala. I eit av sine neste forskingsprosjekt skal dei sjå på om innbyggjarar i norske kommunar med eit stort tal innvandrarar er meir tilbøyelege til å unndra seg skatt enn i kommunar med færre innvandrarar.

Ei viktig prioritering for forskinga vår er å forsøke å estimere korleis skattar påverkar åtferda til folk. For å designe god skattepolitikk er det naudsynt å vite korleis politikken faktisk verkar, slår Gaute Torsvik fast.

Referanse:

Henning Finseraas m.fl: Trust, Ethnic Diversity, and Personal Contact: Experimental Field Evidence. Work in progress, 2017.