Derfor går ikkje VM i Østmarka

Årsaka til at Petter Northug, Marit Bjørgen og dei andre VM-deltakarane jaktar på kvarandre i Nordmarka og ikkje i Østmarka, ligg 250−300 millionar år tilbake i tid.

Osloriften
Osloriften

− I denne perioden, perm, skjedde det dramatiske geologiske endringar Oslo-området.

− Jordskorpa revna, og deler vart pressa ned og erstatta av vulkanske bergartar som trengde opp, fortel professor Hans Arne Nakrem ved Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo.

Då desse bergartane storkna, danna det seg mjukt avrunda åsparti, som vert kalla kollar. Vi finn desse formasjonane igjen i navn som Holmenkollen og Grefsenkollen.

Det norske urfjellet

− Her er det fint turterreng i alle retningar. Anten ein brukar sykkel, ski eller beina, er terrenget behageleg å ferdast i.

Nokre kilometer lenger aust er landskapet annleis. Østmarka består av folda gneis, rundt ein milliard år gammal.

− Dette er sjølve urfjellet, det norske grunnfjellet. Her er landskapet langsgåande åsar og djupe kløfter. Det går greitt å gå langsetter, men å gå på tvers er vanskeleg.

Fylkessteinen nordmarkitt

− Landskapet byr rett og slett ikkje på like mange moglege løypetraséar som Nordmarka, forklarar Nakrem.

Området som vart danna då jordskorpa sprakk, er kjent som Oslorifta eller Oslofeltet. Det strekkjer seg frå Østfold i aust til Hønefoss i vest.

Oslorifta er internasjonalt særmerkt, og mange bergartar har fått navna sine herfrå. Oslo sin fylkesstein er til dømes nordmarkitt.

Ski-VM i Kenya?

Professor Hans Arne Nakrem. Foto: Per Aas, Naturhistorisk museum, UiO
Professor Hans Arne Nakrem. Foto: Per Aas, Naturhistorisk museum, UiO

− Og bergarten rombeporfyr kjenner vi berre frå tre stader i verda: Oslorifta, Antarktis og det som vert kalla Den austafrikanske rifta.

− Dei siste 2−3 millionar åra har tilhøva der vore ganske like tilhøva rundt Oslo i perm: vulkansk aske, ørken, tørt klima, fortel Nakrem.

− Men det vert nok likevel enno ei stund til ski-VM vert arrangert i Kenya.

Sjå òg:
Meir om Oslorifta (Naturhistorisk museum)
Ski-VM 2011

Powered by Labrador CMS