Hugo De Boer ynskjer at EMA og FDA skal begynna å DNA-testa urtemedisinar. (Foto: Colourbox)
Hugo De Boer ynskjer at EMA og FDA skal begynna å DNA-testa urtemedisinar. (Foto: Colourbox)

DNA-prøvar kan avsløre falsk urtemedisin

Mange produsentar av urtemedisin let seg freista til å erstatta dyrt plantemateriale med billege erstatningar. DNA-analysar avslørar skurkane.

Publisert

Urtemedisinar vert av mange brukt som erstatning for eller som tilskot til vanleg medisin. Men manglande kontroll og dårleg dokumentert effekt gjev gode moglegheiter for profitt for produsentar som bokstaveleg tala har reint mjøl i posen – og ingenting anna.

– Det finst døme på at piller av urtemedisin ikkje inneheld anna enn mjøl. Produkt frå useriøse leverandørar kan òg innehalda ureinheiter frå dårleg reingjort produksjonsutstyr, seier forskar Hugo de Boer ved Naturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo (NHM).

Han forskar på DNA-testing av plantar.

De Boer ynskjer at kontrollorgan skal begynne å DNA-testa urtemedisinane for å finne ut meir om kva dei inneheld. 

Ingen god kontroll

Ansvaret for godkjenning av medisinar, inkludert urtemedisinar, ligg i Europa hjå European Medicines Agency (EMA) og hjå Food and Drug Administration (FDA) i USA.

Hugo De Boer ved Naturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo. (Foto: Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo)
Hugo De Boer ved Naturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo. (Foto: Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo)

– Men når det gjeld urtemedisinar, krev EMA og FDA berre at produsenten dokumenterer kva verkestoff som vert tilsett i produksjonsprosessen.

– Men for forbrukaren er det viktigaste ofte kva plante eller plantar sluttproduktet inneheld. Og det er det ingen god kontroll på i dag, seier de Boer.

Låg risiko for å bli teken

«Nesten 48 % av produkta inneheldt arten som var oppgitt på etiketten», er den lakoniske henvisinga til ein studie som undersøkte innhaldet i 44 urteprodukt til sals i Nord-Amerika.

– Risikoen for å bli teken er låg. Urtemedisinar vert gjerne selt i helsekostbutikkar, inkludert nettbutikkar, og det er restriksjonar på kva effekt ein kan lova at medisinen har.

– Dermed kan ein heller ikkje bli stilt til ansvar dersom effekten som forbrukaren forventar ikkje kjem og då kan freistinga til å bruka billege erstatningar verta for stor, seier de Boer.

Kontrollrutiner

Men forbrukaren kan oppleva andre effektar enn dei han eller ho forventar. Erstatningsplantar kan innehalda verkestoff som påverkar andre medisinar, som pasienten tek. I verste fall kan urtemedisinen rett og slett vera giftig.

De Boer ynskjer derfor at EMA og FDA òg skal begynna å DNA-testa urtemedisinane. Dei er ikkje avvisande til tanken, og de Boer håpar kontrollrutinar kan vera på plass innan fem år. I tilfelle har han sjølv gjeve eit bidrag til dette.

– Metoden vi brukar for å finna ut kva art ein DNA-prøve kjem frå, heiter DNA-strekkoding. Dei fyrste sekvenseringane av urtemedisinar vart gjort på 2000-talet, og ein kunne berre identifisera ein plante i ein og ein prøve om gongen.

– Ved å ta i bruk den nyare teknikken amplicon metabarcoding har vi ved NHM utvikla ein ny metode, der vi kan få ein million DNA-lesingar frå ei pille i ein enkelt prosess. Det gjer sjølvsagt testinga enklare ved at ein får ei samla oversikt over alle plantane som er til stades i eit produkt.

Nashornpulver

– No har vi eitt samarbeidsprosjekt med rumenske forskarar og fleire produsentar av urtemedisin i Romania for å vidareutvikla desse metodane.

De Boer understrekar at slike testar ikkje seier noko om effekten av medisinen. Det er det andre testar som gjer. Han ynskjer berre å sikra at medisinen inneheld det produsenten lovar, og at dei ikkje inneheld ingrediensar som kan vera til skade for forbrukaren.

– Testane våre kan til dømes undersøkja om nashornpulveret ditt faktisk skriv seg frå eit nashorn. Men nokon effekt lovar vi ikkje. Hornet til nashornet er jo berre keratin, det same stoffet som hår og negler er laga av. Effekten av neglebiting er nøyaktig den same, smiler han.