– Ein flink robot er ikkje alltid ein snill, god eller rettferdig robot, seier forskar Marija Slavkovik. (Foto: Torhild Dahl, UiB)

Kva betyr robotane for oss og samfunnet?

Robotar utan ansikt flyttar inn i stovene våre. Dei er dyktige, men ikkje nødvendigvis snille.

– Vi kan ikkje nok, og veit ikkje nok, men det pressar seg på. Robotane er her, og når vi skal utvikle framtidsrobotane må vi ha med oss den etiske dimensjonen. Eg jobbar for å gjere utviklarane meir bevisste, seier Marija Slavkovik, som forskar på kunstig intelligens ved Universitetet i Bergen.

Ho var ein av innleiarane på Christie-konferansen 29. april, ein av Noregs viktigaste møteplassar for akademia, nærings-, kultur- og samfunnsliv. I år handla konferansen nettopp om kva robotane kan bety for mennesket og samfunnet vårt.

Video frå heile programmet ligger ope og kan sjåas her eller på nettsidene til UiB.

Powered by Labrador CMS