Ein notis frå Universitetet i Agder - les mer.
Stipendiatar forska på eigen korona-situasjon
Mange doktorgradsstipendiatar har opplevd utfordringar med forsking på grunn av covid-19. I vår og sommar skulle marinbiolog Juan C. F. Pardo på fleire båtturar for å hente inn prøvar frå havbotnen. Han gjennomfører doktorgradsarbeidet sitt innen marin forsking ved Universitetet i Agder. Men på grunn av koronasituasjonen blei arbeidet sett på vent. I denne situasjonen gjekk Pardo saman med fem andre marine doktorgradsstipendiatar frå fleire land og for å skrive ein vitskapleg artikkel om utfordringane ved å drive med marin forsking under ein pandemi.
– Vi er alle på ulike stadium i pandemien, men vi har liknande utfordringar. Forskingsperioden er tidsbegrensa og mange er avhengige av fysiske lokale, laboratorium og båtar. Sidan universiteta har vore stengde har vi ikkje hatt tilgang til utstyr, seier Pardo.
Sjølv om pandemien har ført til endringar i forskinga har det skjedd noko positivt. Pardo seier at mange har fått auga opp for nye møteplassar mellom forskarar. Til dømes er stipediatane blitt mykje betre på nettbaserte kommunikasjonsverktøy.
Les meir på nettsidene til Universitetet i Agder
Les også disse artiklene fra Universitetet i Agder:
-
Studie: – Unge tar Paracet og Ibux både for angst, depresjon og fysiske smerter
-
Forsking viste veg til betre mattekurs for tospråklege lærarstudentar
-
Denne forskaren har fått fleire økonomistudentar til å bestå eksamen i matematikk
-
Dette kan gjere livet lettare for ferske mattelærarar
-
Det finnes mange tilfeller av far og sønn på elitenivå i fotball. Hvorfor det?
-
Slik brukte vi planter til å beskytte oss mot det onde