Professor Kjetil Magne Dørheim Hals skal dei neste fire åra arbeida med eit nytt forskingsområde i Noreg: antiferromagnetisk spinnmekatronikk. (Foto: UiA)
Professor Kjetil Magne Dørheim Hals skal dei neste fire åra arbeida med eit nytt forskingsområde i Noreg: antiferromagnetisk spinnmekatronikk. (Foto: UiA)

Opnar nytt forskingsområde innan fysikk

Professor Kjetil Magne Dørheim Hals Universitetet i Agder (UiA) har fått åtte millionar kroner av Forskingsrådet for å førebu vegen for eit nytt forskingsområde i Noreg: antiferromagnetisk spinnmekatronikk.

– Det var veldig moro å få meldinga om at prosjektsøknaden vann fram. Tildelinga gjeld for fire år og vil i tillegg til meg òg sysselsetja ein stipendiat og ein forskar i ei postdoktorstilling her i Grimstad, seier Hals, som jobbar ved Fakultet for teknologi og realfag.

Professoren arbeider til vanleg innan feltet teoretisk fysikk, med teoretisk spinntronikk og spinnmekatronikk som spesialområde. Begge er område der ein tek utgangspunkt i det som vert kalla spinn-eigenskapane til eit elektron; altså at elektronet spinn rundt sin eigen akse – litt sånn som at jorda snurrar (spinn) rundt seg sjølv.

Forskingsretninga spinntronikk fokuserer særleg på korleis ein kan utnytta spinnet til elektronet for å transportera informasjon i framtidig elektronikk. Spinnmekatronikk derimot ser spesielt på korleis ein kan utnytta spinnet til elektronet mekanisk, der spinnet kan brukast for å driva mikroskopiske nano-maskiner.

Du kan lese meir om forskinga på nettsidene til UiA.