Ein notis frå Universitetet i Agder - les mer.

I prosjektet CareWell går forskarar med ulik fagbakgrunn saman om å utvikle ein ny metode som vil gjere det mogleg for eldre å føle seg trygge og bu heime så lenge som mogleg.

Ny teknologi skal hjelpe eldre å bu heime lenger

Universitetet i Agder (UiA) har fått 16 millionar kroner frå Noregs forskingsråd for å utvikle ny teknologi til bruk i norsk helsevesen.

– Folk vil helst klare seg sjølv og halde seg heime så lenge som mogleg. Vi skal utvikle teknologi som gjer at eldre kan kjenne seg trygge og bu heime lenger enn før, seier professor Matthias Pätzold ved Institutt for IKT på UiA.

Han leiar forskingsprosjektet CareWell, der målet er å utvikle radiosensorar som kjenner att og lokaliserer alle aktivitetar heime hos brukarane. Data frå sensorane kan seie noko om det er vanleg eller uvanleg åtferd heime hos brukaren. I eit tidlegare forskingsprosjekt har Pätzold og hans kollegaer brukt frekvensar fra radiosensorar for å fange opp om ein brukar ramlar. No utvidar dei bruksområdet og skal få sensorane til å fange opp fleire typar aktivitet.

Behovet for nye løysingar på dette feltet er stort, ifølgje forskaren. Ikkje minst fordi nødknappar og smartklokkar ikkje er optimale. Slike verktøy er i bruk i helsevesenet mange stader, men har ifølgje Pätzold mange svakheiter.

Les meir om forskinga på nettsidene til Universitetet i Agder

Powered by Labrador CMS