Annonse

Her er det nyttårsaftan kvar 8,5 time

Nyoppdaga eksoplanet gjer unna ei runde rundt moder-stjerna på rekordtid.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Planeten Kepler 78b går i bane så nær sola at han har ei overflate av smelta lava. (Foto: Cristina Sanchis Ojeda/MIT)

I samarbeid med:


 

Denne saken er produsert av NRK.

I løpet av litt meir enn ein vanleg arbeidsdag på jorda, har den nyoppdaga planeten Kepler-78b allereie gått ein heil runde rundt sola si, og dermed fullført eit år.

Viss vi samanliknar med vårt heimlege solsystem er planeten 40 gongar nærare stjerna si enn det Merkur er sola, ifølgje ei pressemelding.

Planeten er omtrent like stor som vår eigen jordklode, men ifølgje forskarane som oppdaga han er moglegheit for liv lik null.

Med overflatetemperaturar på rundt 2000-3000 grader celsius, utgjer det øvste laget av planeten mest sannsynleg eit hav av smelta lava.

_____________________

Les hele saken på NRK.no

Powered by Labrador CMS