En notis fra UiT Norges arktiske universitet - les mer.

Avtalen signeres av Eirik Kristoffersen, generalmajor i Hæren og Anne Husebekk, rektor ved UiT.

UiT inngår samarbeid med Hæren

UiT Noregs arktiske universitet og Hæren har signert ein intensjonsavtale om gjensidig kunnskaps- og kompetanseutvikling.

Avtalen skal mellom anna ta vare på Hærens behov for tilgang på sivil utdanning. Samarbeidet mellom Hæren og UiT er eit ledd i Regjeringas strategi for å revitalisera totalforsvaret i Noreg.

– Eit moderne forsvar har kontinuerleg behov for å fornya eigen kompetanse og å bidra til ei brei forankring av Forsvarets behov i samfunnet. Hæren treng tilgang på sivil utdanning for å fylla opp det totale kompetansebehovet sitt. Vi ser på kompetanseutveksling med UiT som eit viktig element i denne samanhengen, seier generalmajor Eirik Kristoffersen.

– Naturleg med ein avtale

Hæren består av militært og sivilt tilsette og vernepliktige soldatar som avtener førstegongsteneste. I fredstid består Hæren av i underkant av 10 000 personar. Tyngdepunktet er i nord, med utgangspunkt i Hærens garnisonar i indre Troms og to større garnisonar i Finnmark. Det er derfor naturleg at Hæren inngår ein avtale med UiT, meiner UiT-rektor Anne Husebekk.

Les meir om sammarbeidsavtalen på heimesidene til UiT

Powered by Labrador CMS