Annonse

Ny teknologi held liv i samiske kulturminne

Samiske kulturminne vart ikkje registrerte før etter 1978, og mykje av kunnskapen om landskap og bruken av dette i samiske område er gått tapt.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

(Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no)

Kombinasjonen av teknologi og lokal deltaking kan vera med å bøte på noko av kunnskapsmangelen.

- Lokal kunnskap om landskapet er verdifull for vår forståing av korleis areal vart brukt i fortida, seier Stine Barlindhaug.

Ho disputerte nyleg på avhandlinga si der ho har sett på korleis bruk av teknologi som geografiske informasjonssytem kan vera med å kombinere arkeologi med lokal deltaking, for å auke kunnskapen om fortidig landskapsbruk.

- Mange eldre som har levd nært naturen kan landskapet og veit med det mykje om dei kulturminna som er der. Men mykje av denne lokale kunnskapen er i ferd med å bli borte.

Samlar fleire generasjonar

I Barlindhaug sitt forskingsarbeid har ein sentral del av metoden vore å samle fleire generasjonar i arbeidet med den teknologiske kartlegginga av kulturminna.

Stine Barlindhaug. (Foto: Sigrun Høgetveit Berg/UiT)

- Det er viktig at dei som sit med lokal kunnskap blir deltakarar, ikkje berre forskingsobjekt.

- Sjølv om dei eldre kanskje ikkje på same måten som dei yngre finn teknologien interessant i seg sjølv, er det tydeleg at dei ser nytten i den kunnskapsbanken som på denne måten blir bygd opp for nye generasjonar, seier Barlindhaug.

Sjølv om noko av kunnskapen blir borte, kan teknologien hjelpe til så det ikkje blir noko totalt brot.

- Dei eldre ser at landskapskunnskapen ikkje kjem av seg sjølv hjå dei yngre - som køyrer scooter og firehjuling, der den eldre generasjonen før gjekk på føtene.

- Og mange, både unge og gamle, blir fascinerte av den oversikten, og det tidsbdjubdeblikket ein kan få, når ein samlar alle data på eit stort kart, seier Barlindhaug.

Finnmark lite kartlagt

Registrering av kulturminne har gått føre seg i meir enn hundre år i Noreg. Likevel er store delar av Finnmark ikkje systematisk kartlagt, mellom anna av di samiske kulturminne ikkje vart nedfelte i noko lovregulering før 1978.

Så sjølv om kulturminna i eit områda var kartlagde før den tid, er det ikkje sikkert dei samiske kulturminna var med - av di det ikkje var noko system for å registrere dei.

- Men no når gruvedrifta, vindmølleparkane og dei internasjonale selskapa kjem inn for fullt, er det stort behov for eit systematisk kartleggingsarbeid. Då er det viktig at lokalsamfunna er med, seier Barlindhaug.

Til nytte også for forvaltninga

- I og med at forsking på samisk historie ikkje vart vektlagt for alvor før på 1980-talet, er det eit kunnskapshol mellom det me i dag veit om kulturminne og måten landskapet vart brukt på i samiske busetjingsområde, og den kunnskapen som styresmakter og forvaltning etterspør, serier Barlindhaug.

Med kombinasjonen av teknologi og lokal kunnskap om landskapsbruk, trur ho ein kan tette noko av dette kunnskapsholet og bidra til ei effektiv og bærekraftig kulturminneforvaltning.

- Eg håpar mitt bidrag kan vera å ta inn noko av det etterslepet som har oppstått i kjølvatnet av fornorskinga, avsluttar Barlindhaug.

Referanse:

Barlindhaug, Stine: Cultural sites, traditional knowledge and participatory mapping. Long-term land use in a Sámi community in coastal Norway. doktorgradsavhandling, UiT Noregs arktiske universitet 2013.

Powered by Labrador CMS