Soldrive fly på veg til Marokko i første interkontinentale flight

Flyet «Solar Impulse» er akkurat no i lufta på sin første interkontinentale flytur frå Sveits til Marokko. Følg flyturen direkte her.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Flyet Solar Impulse flyr på solkraft med hjelp av 12000 solceller. (Foto: Wikimedia Commons)

I samarbeid med:


 

Denne saken er produsert av NRK.

Solar Impulse HB-SIA

Flyet Solar Impulse blir drive av fire elektriske motorar som får energi frå 12000 solceller som er integrert i vengjene på flyet. Flyet har også eit 400 kg litium polymer batteri som kan lagre energi.

Flyet har rekorden for lengste flytur for eit bemanna fly drive av sola med 26 timar, 10 minutt og 19 sekund over Sveits. Det har også høgderekorden på 9235 meter.

Flyet veg om lag som ein vanleg personbil, og har ein fart på om lag 70 kilometer i timen.

Kjelde: Solar Impulse

Etter ei forseinking på grunn av tåke i dag tidleg, tok flyet «Solar impulse» av frå flyplassen i Sveits i sitt første forsøk på å utføre ein interkontinentale flight.

Pilot Andre Borscberg fører flyet i lufta på den første etappen til Madrid i Spania der flyet etter planen skal lande fredag 25/5, klokka to om natta.

– Vi er svært godt førebudd, seier pilot Borchberg frå cockpiten i solflyet.

Følg flyturen live her:

 

 

_________________________________

Les hele saken på NRK.no 

 

Powered by Labrador CMS