Mange barn vert fødde på sjukehus - men ikkje alle. I Noreg er det kvart år omlag 500 kvinner som føder før dei når fram til næraste fødeinstitusjon. (Illustrasjonsfoto: Romanova Anna, Shutterstock, NTB scanpix)

Fleire vert fødde utanfor institusjon

Om lag 500 barn vert kvart år fødde uplanlagt utanfor institusjon i Noreg, og talet gjekk opp frå 2000 til 2009. Dersom reisetida til næraste fødeavdeling er meir enn ein time, er risikoen for slik fødsel femdobla.

I samarbeid med På Høyden

Artikkelen er utgitt av Universitetet i Bergens uavhengige avis, På Høyden.

Hilde Marie Engjom har gått gjennom 640 000 fødslar. Denne veka disputerer ho med avhandlinga Obstetric care in Norway – the role of institutions availability and place of delivery for maternal and perinatal outcomes. Det handlar om fødselstilbodet, og kva reiseveg har å seia for korleis det går med mor og barn.

Engjom og forskingsgruppa har brukt folkeregistrert adresse på alle som fødde i Noreg i åra 1999-2009, det vil seia om lag 640 000 fødslar. Ved hjelp av Statistisk sentralbyrå sine adressekoordinatar vart det så rekna ut reiseavstand til næraste fødeinstitusjon for alle desse kvinnene.

– Slike individuelle utrekningar er ikkje tidlegare nytta på forsking i fødslar i Noreg, og det er få andre land i verda der slik forsking er mogleg, seier Engjom.

Tredobla risiko

I 1979 var det 95 fødeinstitusjonar i Noreg. Ved årsskiftet no var det 45. Fleire kvinner i fruktbar alder har meir enn ein times reiseveg til næraste sjukehus eller fødestove. Om lag 500 barn vert kvart år no fødd utanfor institusjon utan at det er planlagt, det vil seia 0,69 prosent av norske fødslar. Dei fleste som ikkje når fram er fleirgongsfødande. Og fødslane, dei skjer til dømes i bilar og ambulansar, på legekontor eller på ei nedlagd fødestove.

Engjom finn at dersom ein har meir enn ein time reiseveg, vert faren for å føda undervegs femdobla. Er reisevegen to timar eller meir er faren sjudobla.

Debatten om fødetilbod har gått med jamne mellomrom dei siste åra. I fjor sommar uttala mellom anna både Kjersti Toppe frå Senterpartiet og Norsk kvinne- og familieforbund seg i saka.

– Sjølv drektige kyr har eit betre tilbod, sa forbundsleiar Elisabeth Rusdal til Dagbladet.

Saka dreia seg nettopp om lengre veg til fødeinstitusjonar, men òg om det som mellom anna var eit av temaa 8. mars: Barselomsorg.

– Veit ein at det er eintydig negativt at det er færre fødselsinstitusjonar enn før?

– Det veit ein ikkje. Men dersom ein ser på Verdas helseorganisasjon sin definisjon av kvalitet i fødselsomsorga, har ein dårlegare kvalitet enn før – fordi risikoen for å føda før ein kjem fram aukar, seier Engjom.

– I Noreg har ein no dessutan færre fødeinstitusjonar enn WHO tilrår basert på folketal.

Risiko for alvorlege komplikasjonar aukar òg

I tillegg til å sjå på risikoen for å føda utan institusjon har Engjom òg sett på risikoen for komplikasjonar i samband med svangerskap og fødsel både for mor og barn. For mor såg forskarane på risikoen for alvorleg blødning, infeksjon, blodpropp og eklampsi, som er kramper ved svangerskapsforgiftning. Når dei samanlikna tal frå 2000 og 2009 fann dei at risikoen auka på landsbasis og at det vart større regionale skilnader.

– Men dette kan òg skuldast betre diagnostikk og rapportering. Difor studerte me deretter alvorlege komplikasjonar der fødselsregisteret gjer nøye kvalitetssikring, forklarar Engjom.

Forskarane såg då på eklampsi og HELLP-syndrom. Dette syndromet er knytt til svangerskapsforgiftning og er ein alvorleg tilstand der raude blodlekamar vert øydelagde, nivået av blodplater vert lågt og leveren vert påverka.

– Me fann at førstegangsfødande med lang reiseveg hadde høgare risiko for slike komplikasjonar, seier Engjom.

Nokre stader har ein jordmorstyrte fødestover. Rutinane er at fødande der ein har ein kjent risiko skal sendast vidare. Engjom finn at retningslinjene for dette fungerer bra. Samstundes kan det som ser ut til å skulle verta ein normal fødsel endra seg undervegs.

– Då må den fødande eventuelt fraktast i ambulanse eller helikopter til næraste sjukehus.

Fleire utanfor institusjon i byane

Engjom har òg sett på faren for dødsfall hos barnet under fødselen og i løpet av det første døgeret etter ved fødslar i fødeinstitusjonane og uplanlagt utanfor institusjon. Det er låg risiko for slike dødsfall i fødeinstitusjonane. Men samanlikna med institusjonsfødslar var risikoen for at barnet døydde i samband med fødselen tredobla ved ikkje-planlagt fødsel utanfor institusjon.

Det var i Finnmark, Sogn og Fjordane og Nordland at flest kvinner hadde lang reiseveg til næraste fødeinstitusjon i 2009. Men talet på fødslar som skjer uplanlagt utanfor institusjon har òg auka i meir bynære strok, der ein har mindre enn ein times reiseveg. I Østfold er fødselstilbodet no lokalisert til Fredrikstad, og både i Oslo og Akershus er det fleire som føder på veg til sjukehuset.

– Kvifor skjer dette?

– Det har eg ikkje sett på i denne studien. Men me kan tenkja oss at det mellom anna kan ha samanheng med innleggingsrutinar ved store og travle fødeavdelingar å gjera, seier Engjom, som jobbar som lege ved Kvinneklinikken ved Haukeland universitetssjukehus.

I Noreg har ein hatt eit mål om likeverdig fødselsomsorg uansett kor ein bur. Engjom spør no om ein har det.

– Kyndig hjelp frå jordmor eller lege og tilgang til fødeinstitusjonar er viktig for alle kvinner.

Ho viser til to mediesaker frå same tidsrom i fjor: Dagbladets sak med Statsråd Sylvi Listhaug som kjende seg trygg og prisa helsevesenet etter at sonen hennar vart fødd med hastekeisersnitt. Mette Fagervik frå Nordland som på TV2 skildra ei anna fødselsoppleving etter at ambulansen ho låg i segla avgarde på glatta og kolliderte. Ho fødde sonen sin i ambulansen. Nokre år tidlegare vart storesøster fødd om bord i eit helikopter.

– Me treng betre kunnskap om fordelinga av nytte og ulemper ved sentralisering av fødselsomsorga. Høvet til å kombinera ny teknologi med gode helseregister er ei ny og unik kjelde til slik kunnskap, seier Engjom.

Denne saken ble først publisert i På Høyden.

Powered by Labrador CMS