Spør en forsker: Når er epla mogne?

Farge, fastleik og stivelse er tre viktige faktorar som avgjer kor mogne epla er.

Publisert
Kjernane viser kor mogne epla er. (Foto: Anette Tjomsland)
Kjernane viser kor mogne epla er. (Foto: Anette Tjomsland)

Eplas smak og konsistens avheng ikkje berre av kva eplesort du et. Om frukta er knasande og syrleg, eller mjuk og søt heng saman med kor mogen den er.

Det er enklast å fastslå mogningsgraden på eit grønt eple, eller eit eple som har synleg grønfarge under raudfargen.

– Det klaraste teiknet på mogning er at grønfargen endrar seg til gul, seier seniorforskar Eivind Vangdal ved Bioforsk. Han arbeider med eplekvalitet og lagringsmetodar.

Eit heilt raudt eple er vanskelegare å vurdera kvaliteten på. Då må ein smake seg fram, eller dele eplet i to.

– Kjernane inne i eplehuset er kvite før eplet er moge. Men etter kvart som det vert meir moge så endrar dei farge til brunt.

Vangdal påpeiker at slik trenden er no så vil mange like å ete eple før dei har utvikla brune kjernar. Eplet er då meir syrleg og knasande.

Om du har eple i eigen hage kan du teste kor godt dei heng fast på treet.

– Viss du må bryta dei laus så er det eit teikn på at frukta ikkje er hausteklar endå, seier Vangdal.

Eple som heng høgt i treet mognar gjerne først. Du bør difor hauste i fleire omgangar. 

Fastleik og stivelse

Eivind Vangdal. (Foto: Anette Tjomsland)
Eivind Vangdal. (Foto: Anette Tjomsland)

Eple vert mjukare og søtare dess meir moge det blir. Det har samanheng med kor mykje stivelse som er i frukta. Når stivelse vert omdanna til sukker, går eple frå syrleg til meir søtleg smak.

– Dei som er i butikken er gjerne litt faste og kan godt mogne litt i romtemperatur heime for å få topp kvalitet, seier Vangdal.

Han legg til at dette sjølvsagt er ein smakssak, som allereie påpeikt er det mange som likar epla best før dei er mogne.

Eit ekstra kjøleskap kan gjere nytten om ein har større mengder frukt som skal lagrast i lengre tid. På hausten før det vert for kaldt kan epla og lagrast i garasjen med plastdekke. Anbefalt lagringstemperatur er ein til to grader.

– Temperaturen i kjøleskap svingar jo litt, så du må ikkje stille det for langt ned. Det bør ikkje krype under ein grad. Still gjerne inn på to til tre grader, anbefaler Vangdal.

Stell av tre

Det er viktig at treet får godt stell. For mykje frukt på treet kan påverke smaken.

– Om det er for mykje frukt på treet så vert den bladproduserte karbohydratmengda for lita til å danna velutvikla fruktkvalitet. Då vert epla berre sure, underutvikla og smaklause, seier Marianne Frimann Nilsen.

Ho er laboratorieteknikkar ved Bioforsk, og arbeider med å analysere frukt etter hausting.

Eplehaust på Ullensvang i Hardanger. (Foto: Anette Tjomsland)
Eplehaust på Ullensvang i Hardanger. (Foto: Anette Tjomsland)

Tynning av kart er derfor ein viktig del av oppskrifta på god fruktkvalitet. Førstekonsulent Oddmund Frøynes har ansvar for sortsprøving og planteskulearbeid i testfelta til Bioforsk i Ullensvang. Han fyljer epletreas livslaup tett.

– Skotvekst og fruktvekst konkurrerer om karbohydrata frå bladverket. Det er om å gjera å tynne tidlig , anten under bløminga eller på tidleg kartstadium, slik at ein får god fruktkvalitet og det er ressursar att i treet til danning av nye blomeknoppar for neste år, seier Frøynes.

Han understrekjar at stell av fruktplantingar er et langsiktig arbeid der god balanse mellom vekst og fruktmengd vil gje jamne, årvisse avlingar av god kvalitet.