Annonse
Partnarar besøkte Høgskulen på Vestlandet i oktober. Frå venstre: Professor A. Kumara - National Institute of Fundamental Studies, professor Gamini Rajapakse - Universitetet i Peradeniya, professor Dhayalan Velauthapillai – Høgskulen på Vestlandet, Dr. Kristin Fanebust Hetland – Instituttleiar for data- og realfag, og professor Geir Anton Johansen – Dekan avdeling for ingeniørutdanning og økonomifag. (Foto: SIU)

Starta samarbeid med universitet på Sri Lanka

Professor Dhayalan Velauthapillai koordinerar NORPART-prosjektet Higher Education and Research Collaboration on Nanomaterials for Clean Energy Technologies (HRCNET). Prosjektet har stor betyding, ikkje berre for Høgskulen på Vestlandet, men også for partnarinstitusjonane på Sri Lanka.

Prosjektet skal etablera strukturar for studentutveksling mellom partnarane, og auke utdanningskvaliteten innan feltet rein energiteknologi.

Dei skal utvikla eit felles masterkurs som skal undervisast ved Høgskulen på Vestlandet og Universitetet i Jaffna, med lærarar frå begge institusjonane og eksterne ekspertar. Kurset får derfor betyding for fleire enn dei studentane som kjem til Noreg.

– Vi har mange studentar og tilsette i utvekslingsprogrammet, og vi har utvikla eit stort og godt fagleg nettverk, fortel professor Velauthapillai.

Powered by Labrador CMS