Blåskjel avslører forureining

Blåskjel reagerer raskt på endringar i miljøet. Med å måle hjartefrekvensen og kor ofte skjela opnar og lukkar seg, kan forskarar finne ut om eit område i havet er forureina med miljøgifter.

Publisert
Forskarane ved IRIS Biomiljø set sensorar på blåskjela og undersøkjer hjarterytmen deira. (Foto: Elisabeth Tønnessen)
Forskarane ved IRIS Biomiljø set sensorar på blåskjela og undersøkjer hjarterytmen deira. (Foto: Elisabeth Tønnessen)

Ved hjelp av blåskjel kan ein finne ut kva som skjer når giftige stoff kjem ut i naturen.

På forskingsinstituttet IRIS Biomiljø sin stasjon Akvamiljø, er blåskjel blant dei artane som blir brukt mest i forsking på effektar av forureining.

I ein tank med det latinske namnet Mytilus edulis skrive på, ligg det klyngjer av skjel. På IRIS Biomiljø forskar dei særleg på korleis oljeutslepp verkar på miljøet.

Blåskjel lever av mikroskopiske planktonalgar, og kvart skjel kan filtrere opptil seksti liter vatn i døgnet for å få tak i algane. Grunnen til at blåskjel er gunstige å bruke i miljøforsking, er at dei lett tek opp miljøgifter frå sjøen.

Ein annan fordel er at skjela, i motsetning til fisk, sit fast, og at dei difor kan seie noko om miljøtilhøva på ein bestemt stad i sjøen.

Respons på miljøgift 

Forskarane undersøkjer korleis blåskjela responderer på miljøgift. Dei biologiske responsane som fortel om miljøet skjela lever i, blir kalla biomarkørar.

– Med å studere blåskjela kan vi enkelt finne ut kor stor del av eit område som er forureina. Undersøkingane kan avdekkje korleis blåskjela reagerer på stoff som olje over lengre tid.

– Vi set sensorar på skjela og undersøkjer hjarterytmen deira og kor ofte dei opnar og lukkar seg. Så kan vi samanlikne dei med andre skjel frå eit reint kontrollområde der vi veit at skjela er friske, seier Jonny Beyer, seniorforskar ved IRIS Biomiljø og førsteamanuensis II ved Universitetet i Stavanger.

Finn PAH-er i blåskjel

– Ein av grunnane til at blåskjel er gunstige å bruke i miljøforsking er at dei lett tek opp miljøgifter frå sjøen, seier Jonny Beyer.
– Ein av grunnane til at blåskjel er gunstige å bruke i miljøforsking er at dei lett tek opp miljøgifter frå sjøen, seier Jonny Beyer.

IRIS Biomiljø ønskjer særleg å gjere undersøkingar av blåskjel og fisk i Karmsundet. Sommaren 2009 måtte Hydro Aluminium leggje ned Søderberg-fabrikken på Karmøy.

Undersøkingar IRIS hadde gjort, påviste høge konsentrasjonar av det kreftframkallande stoffet polyaromatiske hydrokarbon (kPAH) i sjøen utanfor fabrikken, der sjøvatn frå reinseanlegget til fabrikken blei sleppt ut.

Typen kPAH som vart funne, var blant anna benzo[a]pyren. Dette stoffet har vore studert mykje med tanke på kreftframkalling hos menneske.

Forskarane fann kPAH og miljøskadar frå desse stoffa med å gjere analysar av blåskjel, leppefisk og torsk i Karmsundet. I dag er det ulovleg å fange sjødyr i Karmsundet for å selje dei. No ønskjer IRIS å undersøkje utviklinga i området.

– Vi vil gjerne finne ut kor lang tid det tek før tilstanden blir betre og ein igjen kan fange fisk, krabbe og blåskjel i Karmsundet for eige konsum eller sal, seier Beyer.