Grete Netteland er forskar og instituttleiar ved institutt for samfunnsvitskap ved Campus Sogndal ved Høgskulen på Vestlandet. Ho har sett på korleis informasjonsbehovet til arbeidsinnvandrarar blir vareteke når dei buset seg i Noreg. (Foto: Marthe Njåstad)
– Arbeidsinnvandrarar bør få betre oppfølging
Arbeidsinnvandrarar treng språkopplæring og betre informasjon frå kommunane, meiner forskar Grete Netteland.
I samarbeid med På Høyden
Artikkelen er utgitt av Universitetet i Bergens uavhengige avis, På Høyden.
Arbeidsinnvandring som ressurs i regional utvikling
Forskningsprosjektet har vært ledet av Universitetet i Stavanger, og har vært gjennomført i de fire vestlandsfylkene Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland i perioden 2013-2016.
Prosjektet har hatt som hovedmål å utvikle kunnskap om arbeidsinnvandringens rolle og betydning i regionen. Man har særlig lagt vekt på i hvilken grad og hvordan kommunene på Vestlandet, i eget arbeid og i samarbeid med andre aktører, har håndtert arbeidsinnvandringen slik at det ressurspotensialet som denne gruppen representerer for arbeidslivet og samfunnslivet har blitt ivaretatt på best mulig måte.
Prosjektet har bestått av tre delprosjekt som hver for seg belyser ulike sider ved kommuners og fylkeskommuners måte å arbeide på i møte med arbeidsinnvandringen til landsdelen.
Referanse: Rapporten «Arbeidinnvandring som ressurs i regional utvikling»
– Mange slit med å finna bustad, dei har problem med å skaffa seg lån, har vanskar med å skaffa seg arbeid og å forstå det norske systemet, seier Netteland.
Ho er forskar og instituttleiar ved Institutt for samfunnsvitskap ved Campus Sogndal ved Høgskulen på Vestlandet. Ho har mellom anna sett på korleis informasjonsbehovet til arbeidsinnvandrarar blir vareteke når dei kjem til Norge.
Forskinga er del av eit større prosjekt som har sett på arbeidsinnvandring til Vestlandet og korleis arbeidsinnvandrarane kan bli ein ressurs for landsdelen.
Meir enn nokon annan landsdel er Vestlandet arbeidsinnvandrarregionen i Noreg. Vestlandet har meir enn to arbeidsinnvandrarar for kvar flyktning.
– Noko av det som er interessant med kommunane, er at fleire ikkje veit om dei har nokon arbeidsinnvandrarar, eller kor mange dei har. Deira fokus er nemleg på flyktningar og asylsøkarar, ikkje på arbeidsinnvandrarar, seier Netteland.
– Noreg er blitt meir heterogent
– Både kommunar og fylkeskommunar skal gi tenester til alle innbyggjarane, også til arbeidsinnvandrarar. Trass i dette har dei færraste kommunar og fylkeskommunar informasjons- og kommunikasjonsstrategiar som fangar opp at Norge er blitt meir heterogen. I staden snakkar ein om mangfald meir generelt og gløymer at mange av arbeidsinnvandrarar ikkje kan norsk.
Netteland hevdar at ein generelt i det offentlege finn låg kunnskap om informasjonsbehova til denne innvandrargruppa.
I forskingsprosjektet har ein kartlagt informasjonsbehova, og ho seier at fleire av arbeidsinnvandrarane slit med å skaffa seg korrekt og presis offentleg informasjon.
– Mange har òg problem med å bruka digitale offentlege tenester og får problem når dei skal søke om barnehageplass, skaffa seg lege eller finna fram til språkkurs av god kvalitet. Viktig informasjon om lokale forhold er også etterspurt.
Rapporten viser at både kommunar og fylkeskommunar legg i stor grad til grunn at alle tenestemottakarar har same behov. Men at eit aukande sosiokulturelt mangfald utfordrar denne oppfatninga.
– Denne utfordringa er heilt klart størst for kommunane - det er jo her arbeidsinnvandrarane bur. Men både fylkeskommunar og kommunar bør legga til rette for enklare og meir målretta informasjon og tenester til denne gruppa, undersøke kva dei har behov for, involvera dei i lokalsamfunnet og slik bidra til ei betre integrering. Dette er ikkje minst viktig når me veit at heile ein av fem som kjem til Noreg for å jobba, også vel å busetta seg her innan ti år. Mange slit med å finna bustad, dei har problem med å skaffa seg lån, har vanskar med å skaffa seg arbeid og å forstå det norske systemet. Då er enkel tilgang til forståeleg informasjon om kommunale tenester viktig.
– Bør vurdera introduksjonsordning
– Sjølv om der er unnatak, ser vi at kommunane i liten grad prøver å integrera dei. Det finst nemleg ikkje nokon statleg introduksjonsordning for denne gruppa. Viss kommunane verkeleg ønskjer at denne type arbeidskraft skal bli verande, så treng dei ordningar som stimulerer til rask integrering.
Då kjem me inn på det punktet som Netteland meiner er det viktigaste. Nemleg språk.
– Språk er hovudting nummer éin, og då må staten inn. Kanskje ein kunne tenka seg ei introduksjonsordning «light» for denne gruppa. Denne må vera forpliktande, elles vil dei kanskje ikkje prioritera å gjennomføra, meiner Netteland.
– Me ser at fleire arbeidsinnvandrarar opplever å få vanskar. Likevel blir dei verande her, sjølv i nedgangstider. Med manglande språkkompetanse er desse nesten verre stilt enn andre innvandrargrupper. For å bli meir sjølvhjelpne, etterspør fleire av dei digital kommunal informasjon på fleire språk. Dette er i stor grad mangelvare.
Ho trur informasjon og tenester til flyktningar og asylsøkarar så langt har hatt hovudfokus i kommunane.
– For desse får kommunen pengar gjennom introduksjonsordninga. I mange tilfelle representerer dei også nye arbeidsplassar, til dømes i form av arbeidsplassar på asylmottak. Inntektspotensialet som ligg i flyktningar og asylsøkarar er truleg ei av årsakene til at desse får større fokus enn arbeidsinnvandrarar. Så langt ser vi at kommunane i liten grad har utvikla målretta strategiar for å ta ut ressurspotensialet som ligg i arbeidsinnvandringa.
KS: – Ikkje kommunane sitt ansvar
Avdelingsdirektør i KS, Anne-Cathrine Hjertaas, meiner kommunane ikkje kan ta på seg ansvaret for norskopplæring.
– Me meiner det er viktig at det er arbeidsgjevarane som i utgangspunktet har ansvaret for tilstrekkeleg norskopplæring for sine tilsette. Det er stor forskjell på flyktningar og arbeidsinnvandrarar. Det skal vera eit skilje mellom det tilbodet dei to gruppene får, og det er viktig at kommunane ikkje skal ha eit større ansvar for arbeidsinnvandrarane. Når arbeidsgjevarar ønsker arbeidskraft er det rimeleg at dei tar kostnadane ved det, seier Hjertaas til På Høyden.
Ho seier ein likevel kanskje kunne hatt eit betre tilbod til familiemedlemmar som gjerne også flyttar til landet, men som ikkje alltid har arbeid.
– Me har også sagt at me meiner at staten må sørga for eit godt språktilbod til ektefeller av arbeidsinnvandrarar, slik at dei kan delta i arbeidslivet. Dette må staten sørga for ei finansiering av.
– Kva opplever kommunane som den største utfordringa knytt til arbeidsinnvandring?
– Det har me gjort nokre undersøkingar på i fleire samanhengar. Det rådmennene peikar på er at den største utfordringa er språk. I kommunane er det mange jobbar i barnehage, skule, pleie og omsorg, kor ein arbeider med menneske. Eit vesentleg verktøy her er språk. Eit godt nok språk er viktig for å få forsvarlege tenester.
– Når kommunane tilset nokon, så er dei ansvarlege for at dei er fagleg skikka. Viss kommunane ønsker å tilsetta ufaglærte eller andre, har dei ansvar for at dei er fagleg og språkleg skikka for å gjera jobben. Det må dei gjera ei vurdering på.
Hjertaas seier ho ikkje kjenner til utfordringa med at det er vanskeleg å nå ut med informasjon til denne gruppa.
– Treng ein politikk på området
Netteland seier dei er klar over at det finst negative effektar av arbeidsinnvandring. Ho meiner likevel at når kommunar og bedrifter hentar inn arbeidskraft utanfrå, så må dei følgja dei opp godt nok.
– Me er ganske nyanserte i våre vurderingar. Me ser at det er ei problemstilling at arbeidsinnvandrarane kan bli billeg arbeidskraft og utkonkurrere norske arbeidstakarar. Det nemner me også i prosjektrapporten. Med større arbeidsløyse er det også auka konkurranse om jobbane. Me meiner at Noreg treng ein politikk på dette området.
Arbeidsgjevarane Netteland og kollegaane hennar har vore hjå, har alle sagt at dei ikkje kunne klart seg utan arbeidskrafta frå utlandet, fortel ho.
– Dette seier dei til og med i store bedrifter i Bergen som me har besøkt. Dei fortel at dei er avhengige av arbeidsinnvandrarane, og at dei investerer i dei. Dei skulerer dei, og sørger for at dei får kompetanse og karrieremoglegheiter. Det som er interessant, er at nokre av arbeidsgivarane gjer noko som det offentlege truleg ikkje kunne gjort. Mellom anna blir du hjå enkelte ikkje fast tilsett før du har tatt språkkurs på eit visst nivå. Nokre av arbeidsinnvandrarane får også redusert løn inntil dei har gjennomført språkopplæring.
Arbeidsgjevarane ønsker tettare samarbeid med kommunane og ei betre tilrettelegging frå det offentlege.
– Meir samarbeid mellom arbeidsgivarar og lokale styresmakter kunne truleg gitt eit betre tilbod til fleire, til dømes i form av språkkurs. Kanskje må kommunane revurdera sine tankar om arbeidsinnvandrarane som mobil og mellombels arbeidskraft? Dei kan kanskje komma til å bli våre medborgarar på lang sikt.
Artikkelen ble først publisert i På Høyden.