Å sjå på mannen - ikkje ballen

Fotballspelarar bør trene på å snu på hovudet, meiner fotballforskar Geir Jordet. Han arbeider med ei doktorgrad om korleis fotballspelarar "ser" spelet, og gjennomfører hemmelege eksperiment på norske landslagsspelarar.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

I følgje Jordet er fotball ein dynamisk og kompleks aktivitet som stiller store krav til kontakten spelaren har med omgivnadene. Difor forskar han på korleis spelarar sansar og observerar.

Ein god fotballspelar oppfattar nemleg raskt og nøyaktig dei viktigaste mogelegheitene i ein kamp, og handlar deretter. Ein spelar som ser rundt seg medan alle andre ser på ballen har skjønt poenget. Normalt har ikkje ein fotballspelar ballen i meir enn to minutt i løpet av ein kamp, så orientering og evne til å tenke framover er viktig.

Mystiske eksperiment

- Nei, Solskjær er litt for høgt profilert, seier Jordet, og nektar plent å røpe den minste detalj om dei perseptuelle eigenskapane til den norske fotballstjerna. Jordet, som høyrer til ved Noregs Idrettshøgskole, har eksperimentert med guten med den magiske fotballskoen, men held resultata tett til brystet.

Han vil heller ikkje seie noko om dei andre landslagsspelarane han har forska på, bortsett frå at tre av dei kjem frå Stabæk. Når det gjeld spørsmålet om norske landslagsspelarar generelt sett har god oppfatningsevne, er han heller ikkje talevillig.

- Kremt. Nokre av dei har bra persepsjon. Men det er ikkje så lett å sjå om det er bra eller ikkje, vrir han seg unna.

Oppskrift på ein god spelar?

Det kan hende Jordet ikkje vil røpe dei mørke løyndomane han har avdekt hos våre norske fotballheltar, men han røper gjerne at målet bak forskinga hans er å finne ein del av oppskrifta på den gode fotballspelaren. Han får små rynker i panna når han blir spurd om det eigentleg er nødvendig at fotballspelarane blir så mykje betre.

- Den spelaren som ein seier er den beste i verda i dag, franske Zinedine Zidane, blei selt frå italienske Juventus til spanske Real Madrid for 603 millionar kroner i januar i år. Etterpå var alle samde om at dette var ein rettferdig pris. Real Madrid vil komme til å tene inn dei pengane i løpet av eit år eller to, seier Jordet. Han meiner det er greitt å forske fram betre fotballspelarar når det er så mange pengar involvert.

- Det å auke prestasjonen nokre få hakk er rett og slett noko som kan bli rettferdiggjort økonomisk, seier han, men poengterer at det også er eit anna formål med forskinga.

Betre meistring hos unge

- I tillegg kan dette vere med på å gjere unge og barn betre til å meistre sporten, seier Jordet, og trur det er mest sannsynleg at forskinga hans blir nytta på lågare nivå.

- Men for å få det til må eg rette fokus mot eit høgare nivå, seier fotballforskaren, medan han set i gong ein video frå EM-finalen mellom Frankrike og Italia i 2000. Ein spelar i kvit drakt (Italia i kvitt, seier Jordet) ser ballen kome mot seg på eigen banehalvdel, kastar raskt på hovudet, og sender frå seg ei perfekt pasning med ei berøring.

- Ei pasning opnar heile angrepet, seier Jordet, og viser ein gong til korleis spelaren kastar på hovudet. Det er dette han forskar på, og spelarane som er forsøkskaninar må svare på spørsmål som: Kva såg du etter, eller kva såg du?

- Ballack er rå

Jordet snurrar ny film. Denne gongen er det frå meisterligafinalen i mai, og Michael Ballack på Bayern Leverkusen joggar lett nedover i bilderamma medan han snur hovudet i alle retningar.

- Ballack her heilt rå. Han er aktiv, og interessert i omgivnadene sine. Dei seier han skal bli den nye sjefen på Tyskland, fotballforskaren og får stjerner i auga. Han forklarer at Tyskland alltid har hatt ein formasjon der ein av spelarane styrer alt.

- Enkelte meiner det kan sporast tilbake til den gamle keisaren. Det er i alle fall veldig forskjellig frå spelestilen til andre land i verda. Denne mannen får tittelen “libero”, fri mann, og er fri til å gjere meir eller mindre det han vil. Han har ansvaret for å styre forsvaret og for å regissere angrep, seier Jordet. Han trur Ballack er flink til å tenke langt fram i tid, og at franske Zidane har eit langt utvikla periferisyn og god romkjensle.

Persepsjon kan trenast opp

- I internasjonal fotball er det trongt, og ein har dårleg tid. Det er viktig å vere rask i oppfatninga, seier Jordet, og meiner dette er noko ein kan trene opp. Grunnlaget for å få til denne forma for trening er det Jordet arbeider med i prosjektet som han har kalla Utvikling av perseptuell ekspertise i fotball. Eit treningstips er rett og slett å øve på å sjå seg rundt medan ein spelar pasningar fram og tilbake.

- Eg prøver å skildre prosessar ganske nøyaktig, og finne ut korleis ein kan trene opp desse tinga. Ein kan godt trene seg opp til å orientere seg før ein tek imot ballen, til å søke og røre på hovudet, og til å sjå vekk frå ballen, forklarar Jordet. Han meiner det er eit godt tips å løfte blikket; det er nemleg avgrensa kor mykje ein kan få med seg ved å sjå ned.

Ein annan av treningsmetodane til Jordet er å lytte til skildringar av situasjonar på CD. Dette er visualiseringstrening, og skal kunne gjere spelaren meir merksam. Kanskje om Jordet sender ein liten CD-kolleksjon til spelarane på landslaget, så klarer vi å kvalifisere oss neste gong?

Powered by Labrador CMS