– Mange barn tek ansvar for familiens dårlege økonomi, skriv kronikkforfattarane. (Illustrasjonsfoto: Ruslan Guzov / Shutterstock / NTB scanpix)

Sosialtenestene manglar medvit om barnefattigdom

KRONIKK: Barn som veks opp i fattigdom er langt fleire enn vi trur, og problema deira blir ikkje sett. Vi treng ei oppvakning i sosialtenestene og blant folk flest for å hjelpe dei.

– Eg ville ikkje fortelje mamma om bursdagen, for då hadde ho blitt så lei seg.

Dette fortalde ein 11-åring til ei vi kjenner som jobbar med å hjelpe barn i vanskelege livssituasjonar. Barnet visste kor vanskeleg den økonomiske situasjonen var heime, og let difor vere å vise bursdagsinvitasjonen frå ein i klassen. Situasjonen illustrerer eit typisk døme på korleis barn kan oppleve dårleg råd i Noreg, og korleis dei handterer det. Denne 11-åringen valde å ta følgjene av familiens vanskelege økonomi ved å la vere å gå i bursdag.

Mange barn tek ansvar for familiens dårlege økonomi på liknande måtar. Når du er den einaste på fotballaget som ikkje har råd til å reise på Norway Cup, eller når du gruar deg til å fortelje heime at fotballskoa har blitt for små, blir ei forklaring om at du har lyst til å slutte og at du er lei av fotball lettare å fortelje enn at det er på grunn av lite pengar.

Er vi flinke nok til å sjå dette? Vår påstand er at vårt medvit om barnefattigdom ikkje er sterkt nok. Dette gjeld for folk flest, men også innafor velferdssystemet, som har ansvar for økonomisk vanskelegstilte familiar. Desse barna får ikkje god nok hjelp – verken av folk i miljøet rundt dei, eller av systemet.

Fattigdom har store ringverknader

Me likar å tenke at Noreg er eit samfunn med små forskjellar, og at me har eit godt utvikla velferdssystem for dei som ikkje klarar seg ved eigen innsats. Dette stemmer berre delvis. Ein av ti barn i Noreg lever i fattigdom. Og forskjellane ser ut til å vekse.

Barn som veks opp i familiar med lite pengar har større risiko for å utvikle psykiske vanskar, dei droppar oftare ut av skulen og dei slit meir med å komme i arbeid. Manglande medvit om barnefattigdom gjer at vi heller ikkje ser den eller får forståing for kor vanskeleg det er for barn å vekse opp med dårleg råd. Viss me ikkje ser eller forstår fattigdommen, blir det heller ikkje gjort noko med den.

Ifølgje eit innslag på TV2 for kort tid sidan er det færre barn som feirar bursdag heime. Fleire foreldre vel i staden å betale dyrt for bursdagsselskap på leikeland og i trampolineparkar. Sjefen for eit av landets leikeland kommenterte utviklinga slik: «Vi ser en normalisering når det kommer til bursdager». Viss dette blir rekna som normalt er det mange barn som ikkje berre vil ha problem med å komme i bursdag. Det vil også bli vanskelig å invitere til bursdag sjølv.

Fattigdom skaper einsemd

I statistiske samanhengar er grensa for å rekne ein familie som fattig at dei har 60 prosent eller mindre av medianinntekten i Noreg. Men fattigdom handlar om så mykje meir enn økonomi. For barn handlar fattigdom mest av alt om å ikkje kunne delta på lik line med andre born. Difor blir fattigdom også målt opp mot kva som er vanleg å ha i eit samfunn, det vi kallar relativ fattigdom. Dårleg økonomi og fattigdom har konsekvensar for deltaking i aktivitetar dei fleste reknar som sjølvsagt å ta del i, slik som ein barnebursdag eller fotball.

Blant dei som lever under fattigdomsgrensa er auken størst i innvandrarfamiliar, men også fleire barn utan innvandrarbakgrunn lever med fattigdom. Korleis kan dette slå ut? Kva kan gjerast? Det er stor grunn til å frykte at nettopp desse barna hamnar på utsida av samfunnet på veldig mange vis

Folks medvit om barnefattigdom kan føre til ei kulturendring som gjer at det blir mindre press på å delta på sosiale aktivitetar som kostar pengar. Det kan også føre til ordningar som gjer det mogeleg for alle å få tilgang til nødvendig utstyr til fritidsaktivitetar. Dette ville hjelpe barna meir enn vi aner.

Barna blir ikkje høyrt

Men vi treng meir. I tillegg til ei oppvakning blant folk flest, må også velferdssystema våre få auga opp for dei store problema barn som veks opp i fattigdom hanskast med i kvardagen.

Kommunar har gjennom NAV eit ansvar for å hjelpe familiar med økonomiske problem. Dei er plikta til å kartlegge situasjonen til familien så godt at det er mogeleg å gjere individuelle vurderingar av kva som skal til for å sikre ein god barndom. Tilsynsrapportar som Helsetilsynet har gjennomført og nyare studie viser at denne kartlegginga er mangelfull og lite systematisk. Barns behov blir ikkje vektlagt sterkt nok, og barna i desse familiane blir sjeldan eller aldri snakka med når avgjerder om økonomiske støttetiltak blir fatta.

Familiar med låg inntekt er også overrepresenterte i barnevernet. Det gjer noko med sjølvforståinga til foreldre å leve på utsida av det livet som dei fleste andre tek for gitt. Mange opplever skam over det å vere fattige og prøver å skjule det. For mange foreldre kan det vere vanskeleg å ha overskot til å vere ein god forelder når kvardagen er prega av fattigdom. Likevel viser fleire studiar at fokus på materielle levekår har liten plass barnevernets vurderingar. Barnevernet har ofte eit einsidig fokus på kvaliteten på relasjonar og samspel i familien, og dei ser i liten grad korleis familiens økonomiske situasjon kan påverke situasjonen.

Vi må få fram barna sine forteljingar

Kva kan vi gjere for å motverke marginaliseringa av barn frå familiar med dårleg råd?

Vi treng å snakke mykje meir med barna sjølve og forstå korleis det er å leve med fattigdom – i tillegg også korleis dei opplever hjelpa frå sosialtenesta. Difor startar me no opp ein studie der barn, foreldre, NAV og barnevern saman med oss forskarar skal søke å finne ut korleis sosialtenestene i større grad kan sjå og forstå barnefattigdommen ut ifrå barna sin ståstad. Me håper at dette samarbeidet skal bidra til utvikling av betre praksisar for å hjelpe denne sårbare gruppa.

Barn må få sleppe å velje bort bursdagar og fotballturneringar for å skåne foreldra. Barn må få sleppe skam og utanforskap, og ansvar for byrder dei ikkje er klare til å ta ansvar for. Dei må – kort sagt – få ha ein barndom.

Powered by Labrador CMS