Fjellplantar toler beitesau

Beitande sau har liten innverknad på fjellvegetasjon, viser ny doktoravhandling. Variasjonar i klima gjev større utslag.

Publisert
Marianne Evju (t.h.) saman med Synnøve Lindgren.
Marianne Evju (t.h.) saman med Synnøve Lindgren.

I seks år har Marianne Evju brukt tre-fire veker kvar sommar med nasen i lyngen, side om side med dei beitande sauene som har vore utgangspunktet for forskinga hennar.

- Det er mange meir eller mindre velfunderte synspunkt på korleis sauen påverkar økosystemet i fjellet, seier ho.

- Arbeidet mitt er ein del av det tverrfaglege prosjektet Økologiske effekter av sauebeiting i høyfjellet, som skal gje oss meir kunnskap om dette. Slik kan debatten funderast på fakta framfor synsing, seier ho.

Avhandlinga hennar er levert ved Naturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo.

Variasjonar i klima

Området ho har studert ligg i Hol i Buskerud, og er på 2,7 kvadratkilometer. Det tilsvarar rundt 400 fotballbanar, og var inngjerda med 17 km med gjerde.

- Vi samanlikna område med mykje sauer, område med få sauer, og område utan sauer, fortel Evju. Ho har fulgt enkeltplantar av dei to urtene skogstorkenebb og fjellfiol.

For desse to plantane sin del viste det seg at variasjonar i klima gjorde langt større utslag enn om det var mykje eller lite beite av sau.

Beitevanar

På vanlig utmarksbeite ligger tilveksten på rundt 250 gram per dag. Forskerne vil finne ut om lammene kan oppnå samme tilvekstkurve på inngjerdet beite. (Foto: Jon Schärer)
På vanlig utmarksbeite ligger tilveksten på rundt 250 gram per dag. Forskerne vil finne ut om lammene kan oppnå samme tilvekstkurve på inngjerdet beite. (Foto: Jon Schärer)

- Noko av årsaka til dette er at fjellplantane er langlevde, og dermed ganske motstandsdyktige, meiner Evju.

Ho er påpasseleg med å understreka at fjellområda i Hallingdal er produktive til fjellområde å vera, slik at det er for tidleg å seia om desse funna gjeld for andre område.

Beitevanane til sauen kan òg ha gjort sitt til at utslaga på vegetasjonen er så små. Når variasjonar i klimaet fører til svingingar i mengde og kvalitet av dei ulike plantane, nøler ikkje sauen med å forsyna seg av dei plantane som er lettast å finna og som gjev mest næring.

Om sauebeite ikkje har den store innverknaden på vegetasjonen, har det større innverknad på andre deler av økosystemet.

- Bestanden av smågnagarar ser ut til å verta påverka negativt, medan beitet faktisk ser ut til å ha positiv effekt på bestandar av fugl, spesielt rype og heipipelerke, seier ho, og viser til andre studier innan hovudprosjektet.

Elsk-hat

Til slutt er det fristande å spørja om ho utvikla noko personleg tilhøve til desse enkeltplanatane som ho fulgte gjennom seks år?

- Det var fem hundre enkeltplantar av kvar art, så det vart nok ikkje utvikla så nære relasjonar, nei, ler ho.

- Og det ville nok vore eit elsk-hat-tilhøve i tilfelle. Feltarbeidet var ikkje alltid like triveleg som det ser ut på bileta derfrå, vi drog jo ikkje fram fotoapparatet når det regna.

Lenke:

Prosjektet: Økologiske effekter av sauebeiting i høyfjellet