Bakgrunn: 40 års ferd mot økologisk kartverk

Treng du hjelp til å finne bær, jaktbytte eller godt beite? Løysinga kan vere eit økologisk kartverk som dekkjer over 20 000 kvadratkilometer av Noreg, og som no blir tilgjengeleg for alle.

Publisert

Vegetasjonskart

Eit vegetasjonskart viser mosaikken av vegetasjonstypar i eit område. Tek ein utgangspunkt i at vegetasjonstypane speglar veksemiljøet, blir kartet ein oversikt over variasjonen av fleire miljøfaktorar som næring og vatn i jorda, klima, snødekke og kulturpåverknad. Vi kan også knytte ei rekkje eigenskapar til vegetasjonstypane med omsyn til ressursutnytting og arealbruk. Slik blir vegetasjonkartet eit allsidig informasjonsgrunnlag og det næraste vi til no har kome eit økologisk kartverk.

Vegetasjonstyper

Veksemiljøet til plantene er samansett av ei rekkje naturgjevne og menneskeskapte tilhøve. Dei viktigaste av desse såkalla økologiske faktorane er næring og vatn i jorda. Planter som har nokolunde same krav til veksevilkår vil finnast på same stad. Dei dannar det vi kallar eit plantesamfunn eller ein vegetasjonstype. Ein vegetasjonstype er såleis ei karakteristisk samling av artar som vil finnast att på stader med like veksevilkår.

Mange artar vil opptre i fleire vegetasjonstypar. Desse har eit vidt økologisk leveområde, men mengdeforholdet vil oftast variere frå kanskje dominerande art i ein type til spreitt forekomst i ein annan. Andre artar kan ha snevre tolegrenser for ein eller fleire miljøfaktorar. Desse kallar vi karakterartar fordi dei fortel oss noko heilt bestemt om tilhøva på veksestaden og om plantesamfunnet dei veks i. Når vi kartlegg utbreiinga av vegetasjonstypar, brukar vi dominerande artar og karakterartar som kjenneteikn.

Fotosyntesen til dei grøne plantene dannar grunnlaget for alt liv. Planter med like krav til veksetilhøve veks saman og dannar det vi kallar vegetasjonstypar.

Eit vegetasjonskart viser mosaikken av vegetasjonstypar i eit område. Ved å utnytte den kunnskapen plantene gir oss om veksetilhøva, blir kartet det næraste vi har kome eit økologisk kart.

– Det er ein kjempejobb som er utført av alle dei feltarbeidarane som heilt sidan byrjinga av 1970-talet har traska land og strand rundt for å kartfeste fordelinga av vegetasjonstypar, sier seksjonsleiar Yngve Rekdal ved Norsk institutt for skog og landskap.

Saman med medarbeidarane sine står Rekdal bak lanseringa av vegetasjonskart på nett. Gjennom karttenesta Kilden kan interesserte brukarar klikke seg inn og få tilgang til kunnskap om arealressursane der kartlegging er utført.

– Den teknologiske utviklinga har gjort at vi no kan presentere all denne kartinformasjonen digitalt, fritt tilgjengeleg for alle, fortel Rekdal.

– Å kunne gjera dette materialet tilgjengeleg er ein gamal drøm som no blir verkeleg, seier Rekdal entusiastisk.

Rekdal legg til at sjølve vegetasjonskartet kan vera komplisert og krev litt tid å sette seg inn i. Det er derfor presentert fleire karttema avleia frå vegetasjonskartet tilpassa ulik bruk. Tre temakart kring husdyrbeite og naturtypar er lagt ut i denne omgangen.

40 års kartlegging

Kvar sommar har fem–ti personar frå Skog og landskap reist ut i ulike delar av landet for å kartlegge vegetasjonen. Vanlegvis greier ein person å kartlegge to til fire kvadratkilometer per dag.

– Over 30 000 kvadratkilometer er kartlagt av oss og andre institusjonar. Det tilsvarar nesten ti prosent av det samla landarealet i Noreg. I alt 20 000 kvadratkilometer er no framstilt digitalt, fortel Rekdal.

– Det kan bli lange økter, og når ein må ut i marka kvar dag skjønar ein at veret ikkje alltid er like bra. Men at feltarbeidet også har sine positive sider går fram av at dei som først byrjar i denne jobben har lett for å bli verande.

– Kvar vår kriblar det i beina for å koma ut i terrenget att, forklarar seksjonsleiaren.

Utmarksbeite må skjøttast

Rekdal har sjøl kartlagt vegetasjon i 30 sesongar over heile landet. I dei siste åra har kartlegginga vore konsentrert om Nord-Østerdalen.

– Resultat frå kartlegginga i Nord-Østerdalen viser utmarksbeite av høg kvalitet. Dette er gamle haustingslandskap der beitekvaliteten vil falle dersom beitetrykket blir for lågt, seier Rekdal.

– Kartlegginga av beiteressursar i Tolga kommune starta i år 2000 og har pågått fram til i dag. Litt under halvparten av kommunearealet på 1122 kvadratkilometer er kartlagt. Det som har skjedd her i kommunen er gull verdt, fortel jordbrukssjef Gunnbjørn Trøan.

– Vi nyttar vegetasjonskartet aktivt i planlegging av utmarksbruk. Kartlegging har gjort grunneigarane i Tolga merksame på kor store verdiar som ligg i utmarka og auka medvit kring at beiteressursane må skjøttast, seier Trøan.

Gjennom arbeidet med kartlegginga av utmarksressursane har kommunen også vorte ein del av prosjektet Framtidslandbruket i samarbeid med Fylkesmannen i Hedmark.

– Det har gitt fornya interesse for å investere i nye driftsbygningar og samarbeid om driftsformer, fortel jordbrukssjefen.

Skjuler store verdiar

I Lyngen kommune i Troms har Skog og landskap kartlagt mykje av utmarka dei siste fire åra. Kartlegginga viser at her ligg noko av det beste beitet ein kan finne i utmark.

Lyngen er ein svært aktiv sauekommune og det blir seld stadig meir lammekjøt frå Lyngen-lam og Alpe-lam. Blant restaurantane i Tromsø er det ein aukande etterspurnad etter lam frå Lyngen.

– Det er mange interessemotsetnader i utmark. Utan slike vegetasjons- og beitekart er det vanskeleg for oss i kommunen å veta korleis område bør prioriterast til ulik bruk, fortel jordbrukssjef i Lyngen kommune, Even Kristiansen.

Kommunen nyttar vegetasjonskarta blant anna i arbeidet med revidert kommuneplan.

– Slike beitekart fortel oss om kor store verdiar som ligg skjult i skog og fjell. NGU, Norges geologiske undersøkelse, kartlegg Finnmark på leiting etter gull og diamantar – arbeidet som Skog og landskap utfører gir oss oversikt over Lyngen sitt grøne gull, poengterer Kristiansen.

Stor praktisk nytte

Den viktigaste brukaren av vegetasjonskart dei siste åra har vore beitenæringa.

Utmarka er ein viktig fôrressurs for norsk landbruk, og beitenæringa brukar vegetasjonskart til å synleggjera næringa sine arealinteresser, og til å planlegge beitebruk og skjøtsel av beitelandskapet.

– Frå vegetasjonskartet kan det også avleiast informasjon for ei rekkje andre arealbrukarar, forklarar Rekdal.

For forvaltninga kan til dømes vegetasjonskart nyttast til å vurdere kor eigna areal er til ulike formål, dokumentere ei rekkje arealbruksinteresser og avdekke brukskonfliktar.

Kor finn eg dei beste beitene, sa du? (Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no)
Kor finn eg dei beste beitene, sa du? (Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no)

Ifølgje Rekdal er registrering av plantelivet nøkkelen til informasjon om biologisk mangfald.

– Ikkje gløym reiselivsnæringa. Mykje av det attraktive med Noreg – både for norske og utanlandske turistar – er knytt til natur. Vegetasjonskart kan vera med og dokumentere kva arealinteresser reiselivet har.

– Det kan også nyttast aktivt i sjølve marknadsføringa av naturen i ulike område, påpeikar Rekdal.

– I forsking kan vegetasjonskart brukast til å dokumentere naturtilhøve i studieområde og studere vegetasjonsendringar over tid. Naturinteresserte turgåarar vil kunne leite seg fram til gode bærforekomstar og spannande stader for blomster og sopp, avluttar Rekdal.

Lenke:

Kilden – til alrealinformasjon