Dei vaksne rapsglansbillene et på blomsterknoppane. Dette fører til at det blir få frøkapslar og liten eller inga avling. (Foto: U. Abrahamsen, NIBIO)

Slik vil forskarane lure raps-skadebilla

Rapsglansbiller med aukande resistens mot sprøytemiddel bremsar produksjonen av oljeplantar som raps og rybs. No vil forskarane lure småkrypa med kvite rapsblomar og fangstplanter rundt åkeren.

Artikkelen er produsert og finansiert av NIBIO - Les mer

Fact: Click to add text

Raps og rybs

Rybs (Brassica rapa) og Raps (Brassica napus) er planter i korsblomstfamilien.

Rapsglansbille (Brassicogethes aeneus) er problematisk fordi den ødelegger blomstene på raps og andre korsblomstrede planter. Voksne biller er 2–3 millimeter lange og glinsende svartgrønne.

I Noreg er det ein aukande etterspurnad etter raps, rybs og andre oljevekstar. Det er stort rom for å dyrke meir protein her til lands og redusere behovet for import av mellom anna soya til kraftfôr. Dessutan kan oljevekstplanter brukast til å veksle med i kornproduksjonen, som eit slags kvileår for åkeren. Dette kallast vekstskifte og kan fjerne sjukdomar i kornog betre lønsemda.

Men det er gjort lite forskingsarbeid for å skreddarsy dyrking av raps og rybs etter norske forhold. I dag blir desse plantene dyrka på rundt 40 000 dekar. Dette er berre knapt to prosent av kornarealet i Noreg.

Fram til no har ei lita bille vore med og setje ein brems på dyrking av oljevekstar i Noreg. Billa heiter rapsglansbille og finst i heile landet utanom Finnmark. No vil forskarar ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) prøve nye strategiar for å redusere verknaden av desse skadegjerarane.

I dette forsøksfeltet var det så mange rapsglansbiller at nesten alle blomsterknoppane vart etne opp etter kvart som vart blei danna. Skaden var total. (Foto: E. Fløistad, NIBIO)

Gjer stor skade

– Rapsglansbiller er eit av dei viktigaste skadedyra på oljevekstar og ein av fleire grunner til at vi har beskjeden oljevekstdyrking her til lands, seier Gunda Thöming frå NIBIO. Ho er ein av forskarane som arbeider med prosjektet BRAKORN, som har som mål å optimalisere dyrkinga av våroljevekstar i Noreg.

Thöming fortel at den vesle billa angrip både raps og rybs og kan dessutan gjere skade i andre korsblomstrande frøkulturar. 

Ei av dei store utfordringane dyrkarar har hatt i seinare år, er at rapsbillene har utvikla resistens mot sprøytemiddel. No prøver NIBIO ut alternative plantevernmetodar for å redusere mengda skadegjerarar, og som kanskje vil kunne gi ei meir langsiktig løysing på resistensproblematikken.

Kvite blomar

Ein av strategiane er å leie rapsglansbillene bort frå rapsåkeren ved å prøve ut ein sort raps med kvite blomar som er mindre tiltrekkande for billene enn sorten med gule blomar.

– Billene finn vertsplantene sine, slik som oljevekstar, ved hjelp av spesielle luktstoff og den gule fargen – då er det spesielt på knoppane og tidleg blome det er snakk om. Dei er svært fargesensitive og det gjer ein stor forskjell for dei om blomen er gul eller kvit.

– Dette kan vi utnytte i ein motstandsstrategi. Det vi gjer er at vi dyrkar ein gul blome av raps kombinert med ein rapssort som har kvite blomar. Dei gule blomane er dyrka som ei ramme rundt åkeren. Då vil den gule blomen bli meir tiltrekkjande på feltet og billene vil kanskje stoppe opp der. Vi vil da sjå om dette reduserer angrep, seier Gunda Thöming.

Frå feltforsøk med vårraps med ulik blomsterfarge. Rapsglansbillene føretrekker oftast blomar med lys farge. (Foto: U. Abrahamsen, NIBIO)

Ein annan strategi er å plante ein rybs som blomstrar veldig tidleg som fangstplant rundt kanten av rapsåkeren. Ideen er at rapsglansbilla då berre vil angripe kanten, og at det ikkje vil vere naudsynt å sprøyte heile feltet. Slik kan ein heilt eller delvis unngå bruk av insektmiddel i vårraps.

Thöming fortel at det er gjort liknande forsøk i Danmark med gode resultat.

– Dette har vore ein strategi i Danmark. Vi vil sjå om dette fungere også tilpassa norske forhold.

Powered by Labrador CMS