Vil ha di hjelp til å registrere gamle plantar

Har du ein smule interesse for naturen og gamle plantar? Då er kanskje denne dugnaden noko for deg: Naturhistorisk museum skal digitalisere sine gamle herbarieark og ber om hjelp til registreringa.

Slik gjer du det: informasjonen frå etiketten til venstre vert lagt inn i boksen oppe til høgre. (Foto: (Skjermdump: gbif.no/dugnad))

Samlingane ved Naturhistorisk museum (NHM) har ein historie som strekkjer seg tilbake til 1700-talet. I meir enn to hundre år har forskarar herfrå samla inn plantar, sopp og lav til herbariesamlingane her.

– Mykje av materialet er altså samla inn lenge før datamaskiner og internett såg dagens lys.Derfor har vi eit enormt etterslep i elektronisk registrering av materialet, fortel Dag Endresen frå NHM ved Universitetet i Oslo.

Crowdsourcing

NHM har derfor dei siste åra køyrt eit prosjekt der rundt 250 000 herbarieark har vorte sende til Finland for avfotografering. Deretter har bileta blitt sendt elektronisk til DigForsk i Finnmark, som har registrert data frå herbariearka.

– Men vi var nødt til å gjera eit val mellom kvalitet og kvantitet. Vi valde å avfotografera så mange ark som råd, sjølv om det betydde at ein del av data knytt til kvart ark ikkje vart registrert, forklarar Endresen.

Dag Endresen vil gjerne ha hjelp av deg, skular, studentar og folk med ein smule interesse for naturen. (Foto: Karsten Sund, NHM/UiO)

Og det er derfor han no ber om publikum si hjelp.

– Digitalisering av naturhistoriske samlingar og stort etterslep er ikkje noko fenomen som er unikt for Norge. Nokre få stader har ein alt kome i gang med å få hjelp av publikum, såkalla crowdsourcing, og no håpar vi at vi òg kan få til dette, seier Endresen.

2000 prøver frå lavherbariet

Det betyr at du kan bidra til museet sitt samlingsarbeid ved å gå inn på http://gbif.no/dugnad.

Der vil du få opp foto av eit herbarieark, og ein tekstboks der du kan fylla inn manglande data. Det er frivillig om du vil registrera deg, og du treng ikkje vera redd for å gjera feil.

– Registreringane havnar ikkje i basen vår før tre ulike bidragsytarar har tolka etikettane. Stemmer alle overeins, er det grei skuring. Der det er forskjellar mellom bidraga, må vi kontrollera manuelt.

I fyrste omgang er det 2000 prøver frå lavherbariet som er lagt ut til publikum. Om tiltaket vert ein suksess, kjem Endresen og kollegane hans til å leggja ut stadig fleire objekt frå samlingane.

– Og vi kjem ikkje til å leggja lista for suksess så frykteleg høgt heller, i alle fall ikkje i fyrste omgang, smiler han.

Effekt av klimaendringar

Registreringane kan brukast som her, til å visa innsamlingar gjort av Hildur Krog i perioden 1972-96. (Foto: (Skjermdump: gbif.no/dugnad))

– Vi må gjera våre erfaringar, sjå kva som fungerer og om det er noko vi bør retta på i innkøyringsfasen. Eg håpar at skular, studentar og folk med ein smule interesse for naturen vil hjelpa oss. Dette vil vera uvurderlig støtte for oss, og eg takkar gjerne på førehand alle som bidrar, seier Endresen.

Når naturhistoriske samlingar som desse vert digitaliserte, vert det svært mykje lettare for forskarar å utveksla opplysningar gjennom tenester som norske Artskart og internasjonale Global Biodiversity Information Facility (GBIF), der Endresen er leiar for den norske delen.

– Det er berre dei naturhistoriske samlingane som kan fortelja oss korleis naturen såg ut for ti, femti, hundre år sidan. Med utgangspunkt i det innsamla materialet kan vi til dømes seia kva effekt klimaendringar har hatt, seier han.

Start registreringa di her

 

Powered by Labrador CMS