Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

I årevis har forskarar og filosofar leita etter grensa mellom biletleg og bokstaveleg tale. No meiner forskarar å ha funne ho.

Ord kan bety fleire ting. Korleis forstår vi eigentleg kva?

No har forskarar forsøkt å løyse det dei kallar eit vitskapeleg ord-mysterium.

Å snakke med bilete gjer ord til noko anna enn dei eigentleg betyr. Men også når vi snakkar bokstaveleg, betyr orda vi bruker forskjellige ting.

Er utleigaren ein hai? Skal skattane kuttast? I språket vårt florerer det av metaforar som desse. Nokon er så fastgrodde at vi ikkje tenkjer over dei. Andre er nyare og kan få oss til å humre.

Men også når vi snakkar reint bokstaveleg, kan ord bety ulike ting.

Dei siste tiåra har fleire lingvistar og filosofar peika på at vi brukar ord med varierande meining heile tida.

For eksempel kan vi seie at «Jon si nye bok er tung» eller at «Jon si nye bok finst på Kindle». I det første tilfellet har ordet bok ei konkret tyding, medan det i det andre viser til innhaldet i boka.

– Når du begynner å sjå etter, ser du at språket er fullt av slike eksempel, seier Nicholas Elwyn Allott. Han er lingvist og forskar ved Universitetet i Oslo. Lingvistikk eller språkvitskap er det vitskaplege studiet av naturleg språk og tale.

Klippe plenen og klippe håret

I biletleg språk bruker ein ord med ei anna tyding enn ordet si normale, faste tyding. Det er den tradisjonelle måten å forstå skilnaden mellom biletleg og bokstaveleg tale på.

Men ei slik forståing er ikkje dekkande, ifølgje Allott.

– Når ord som også brukast bokstaveleg, stadig vekk kan ha ulike tydingar, kan ikkje ei slik grense mellom biletleg og bokstaveleg tale vere den rette, seier han og utdjupar:

– Du kan seie at du klipper plenen og at du klipper håret. På engelsk bruker vi også det same ordet «cut» når vi deler ei kake. Men sjølv om ordet er det same, får du heilt ulike bilete i hovudet.

Forskaren fortel at du kan klippe hår slik du klipper plenen, men det ville bli eit skikkeleg rot. Eit anna eksempel er ordet opne.

– Å opne ei flaske, ei dør eller ei vaskemaskin er svært ulike handlingar. Ordet brukast likevel bokstaveleg i alle tilfella.

Finst det eit skilje eller ikkje?

Så blir spørsmålet kvar grensa går mellom det bokstavelege og det biletlege, påpeikar han.

– For lingvistar og filosofar er dette eit viktig spørsmål: Finst det faktisk eit skilje eller er alt berre ei einaste stor gråsone?

Ein veg å gå er å hevde at det ikkje finst noko skilje i det heile tatt.

Dette skreiv forskarane Deidre Wilson og Dan Sperber i ein vitskapeleg artikkel i 2002: Dei meinte at vi ved bruken av eit ord kan justere tydinga slik at ho passar behova våre der og då. Ein metafor er berre ei spesielt stor justering – den eine enden av ein skala.

Ein annan veg å gå er på nytt å gjere reie for den bokstavelege og biletlege skiljelinja – å sette ho på fast grunn igjen.

Det er dette Allott og kollegaen Mark Textor gjer i ein vitskapleg artikkel i tidsskriftet Inquiry. Textor er filosofiprofessor ved King’s College London.

Nicholas Elwyn Allott meiner at å snakka bokstaveleg er å halda seg til den tradisjonelle meininga til ordet.

– Ord er tradisjonar

I staden for å hevde at ord har faste bokstavelege tydingar, ser forskarane på ord som tradisjonar. Å snakke bokstaveleg er dermed å bruke orda slik dei tradisjonelt har vore brukt.

– Nokon gonger kan den som snakkar overraske, for eksempel ved å fortelje deg at tomatar er ei frukt i staden for ei grønsak. Men dette er framleis ein bokstaveleg bruk av orda frukt og tomat, utdjupar Allot.

– Vi meiner at vi i bokstaveleg språk held oss til den tradisjonelle tydinga av eit ord, sjølv om det er breiare enn du kanskje trudde.

Ein tydeleg asymmetri

Biletleg språk ville aldri fått meininga si utan å ta utgangspunkt i ei bokstaveleg tyding av ordet, ifølgje Allott.

– Det er vanskeleg å sjå føre seg at nokon berre kunne bruke ein metafor utan å forstå den bokstavelege tydinga. Det meiner vi er umogleg.

Det finst biletlege ord som blir så faststøypte i språket at dei lever vidare på eiga hand – til dømes ordet nålauge.

Men opphavet til dette ordet er eit punkt i fortida der nokon bevisst brukte ordet auge på ein utradisjonell måte.

– Vi argumenterer for at biletleg språk er avhengig av det bokstavelege, men ikkje omvendt. Denne asymmetriske avhengigheita meiner vi er det som kjenneteiknar forholdet mellom bokstaveleg og biletleg språk. Dette har ikkje blitt peika på i tidlegare studiar.

Det vi trudde vi forstod

Ifølgje Allott er det fleire grunnar til at desse spørsmåla er viktige.

Éin av dei er at ei tydeleg skiljelinje kan vere nyttig for å forstå mennesket si utvikling.

Små born har for eksempel vanskeleg for å godta at ein bustadeigar kan vere ein hai. Også for enkelte med forstyrringar på autismespekteret kan dette vere vanskeleg.

– Viss vi forstår betre skiljet mellom det bokstavelege og det biletlege, kan det hjelpe oss å forstå menneskesinnet. Til dømes kvifor nokon finn metaforar og annan biletleg tale vanskeleg å forstå, seier Allott.

Dessutan: – Det er ein del av det store puslespelet: Korleis fungerer verda? Vi kan tenkje at vi har forstått ting og at vi står på solid grunn. Men viss det er feil, må nokon vise oss at vi ikkje har forstått det likevel. Forhåpentleg kan dei hjelpe til med å finne ut av ting. Det var dette Sokrates gjorde. I denne studien har vi prøvd på det same, seier Allott.

Referanse:

Nicholas Allott og Mark Textor: Literal and metaphorical meaning: in search of a lost distinction. Inquiry, 2022. DOI: 10.1080/0020174X.2022.2128867

Deirdre Wilson og Dan Sperber: Truthfulness and Relevance. Mind, 2002. Samandrag. Doi.org/10.1093/mind/111.443.583

Powered by Labrador CMS