Kunne Darwin ha vore språkforskar?

– Evolusjonsteorien vart riktignok utvikla innafor biologien, men andre fagfelt har både bidrege til og hatt nytte av Darwin. Teorien kunne like gjerne ha komme frå eit anna fagfelt, meiner språkforskar.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

(Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no)

– Biologisk evolusjon er berre eit eksempel på evolusjon.

– Vi veit at Darwin var inspirert av språkfamiliane til lingvistane då han laga sine slektstre over artane, seier språkforskar Jan Terje Faarlund.

Han meiner at lingvistikken faktisk kan bidra til forståinga av evolusjonsteorien.

Ikkje berre kultur

Ei gjeldande oppfatning innafor språkvitskapen har vore at språk berre er kultur. Men dei siste åra har språkforskarane stilt spørsmålet:

Korleis er det mogleg at menneskebarnet kan lære så kompliserte strukturar som grammatikk, på eit tidspunkt då barnet er komme svært kort i utviklinga av andre ferdigheiter?

Dette må dreie seg om meir enn kulturell læring, meiner somme.

– Den dominerande retninga innafor moderne teoretisk lingvistikk, også kalla generativ grammatikk, går ut på at språket er ei medfødd evne hos mennesket. Grunnleggjaren av denne teorien, Noam Chomsky, meiner at språkevna er å samanlikne med eit organ.

– Men det er snakk om eit mentalt organ. Det er ikkje fullt utvikla ved fødselen, men anlegget ligg der frå naturen si side og blir utvikla under inntrykk frå omgivnadene, fortel Faarlund.

Han arbeider ved Centre for the study of Mind in Nature (Senter for studier av rasjonell, språklig og moralsk handling), eit Senter for framifrå fors­king (SFF) ved Universitetet i Os­lo.

Her leitar språk­fors­karen et­ter svar på menneskespråket si­ne løyndomar i sam­arbeid med filosofar og genetikarar. I Noreg er dette tverrfaglege sam­arbeidet nytt. In­ter­nasjonalt er dette fors­kings­feltet, som blir kalla bio­lingvistikk, blitt stort.

Snakka seg til sengs?

Jan Terje Faarlund. (Foto: UIO)

Det finst ingen fossilar etter språk. Difor kan ingen seie sikkert korleis språk har oppstått.

– Den gjeldande teorien er at språket utvikla seg då homo sapiens oppstod som art, og at det ikkje har skjedd grunnleggjande endringar i språket etter det, fortel Faarlund.

Men kvifor har mennesket fått eit språk som er så mykje meir komplisert enn hos andre artar? Her tek forskarane evolusjonsteorien i bruk.

– Ein teori er at det var dei menneska som hadde det mest avanserte språket, som overlevde. Den gongen, som no, var det dei som var flinkast til «å snakke seg til sengs», som fekk flest avkom, fortel Faarlund.

– Men denne forførande forklaringa har fleire svakheiter. Vi veit jo mellom anna at eit meir komplisert språk ikkje nødvendigvis lettar kommunikasjonen mellom menneske.

Ei anna – og kanskje meir sannsynleg – forklaring er at det skjedde ein mutasjon då homo sapiens oppstod.

– Hjernebarken voks, og det gjorde det mogleg for homo sapiens å utvikle eit meir komplisert språk, som eigna seg betre til sosial interaksjon, seier Faarlund.

Naturleg utval

Charles Darwin.

Forskarane trur ikkje at det har skjedd grunnleggjande endringar i språket sidan den gongen. Det som har skjedd av endring, kan også forklarast innafor evolusjonsteorien:

– Språk er ikkje det same som artar. Men Darwins teori om eit naturleg utval kan også brukast på språk. For at eit språk skal overleve, må det overførast frå éin generasjon til ein annan. Sånn sett kan du seie at det skjer eit naturleg utval.

Bryte ned faggrenser

– Viss vi skal auke kunnskapen vi har om opphavet og utviklinga til mennesket, er vi avhengige av kunnskap frå mange fagområde. Senter for studier av rasjonell, språklig og moralsk handling ser det som si oppgåve å rive ned barrierane mellom faga og held tverrfaglege seminar, mellom anna om språk og evolusjon, fortel Faarlund.

Studieobjektet for den generative lingvistikken er ikkje i hovudsak lydar eller trykte ord, men den kunnskapen og evna alle menneske har til å lære seg språk.

– Dette er inne i hjernen til folk, difor må vi samarbeide med hjerneforskarar og biologar for å forstå språket sitt eigentlege vesen. Eg meiner at det har vore for tette skott mellom humaniora og naturvitskap. Vi vil bidra til å bryte opp desse, avsluttar Faarlund.

Lenke:

Senter for studier av rasjonell, språklig og moralsk handling, eit Senter for framifrå fors­king (SFF)

Powered by Labrador CMS