Særleg er det skilnader i bankinnskot, verdipapir, aksjar og obligasjonar, visar ny studie. (Foto: Berit Roald / NTB scanpix)

Forskjellane i nordmenns formuar aukar – aller størst er ulikskapane i Oslo

Noreg vert ofte framstilt som eit samfunn prega av likskap, men ny forsking viser at fordelinga av formue er nesten like ujamn her som i USA.

Vi liker å tenke på Noreg som eit samfunn der folk har like moglegheiter. Men er det faktisk slik?

‒ Skilnadene mellom formuane til folk ser ut til å vere ganske store og i ein del tilfelle også aukande. Dette er eit paradoks, for Noreg vert ofte trekt fram som eit samfunn prega av likskap, seier Øyvind N. Wiborg.

Han er førsteamanuensis ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi ved Universitetet i Oslo og har studert korleis bustad påverkar nordmenns formue. Resultata er publiserte i boka «Oslo – ulikhetenes by», som kom ut i fjor.

‒ Skilnadene i formue er høge i landet generelt og i Oslo spesielt. Medan inntektsskilnadene er låge samanlikna med andre land, er skilnadene i formuane til folk faktisk nesten like store som i USA, seier Wiborg.

Studien er basert på informasjon om heile den norske befolkninga, henta frå administrative register.

Akerselva deler Oslo

Ulikskapane er størst i Oslo by, men store i heile Oslo-regionen. Særleg er det skilnader i finanskapitalen til folk, som i studien vert målt som bankinnskot, verdipapir, aksjar og obligasjonar. Frå 1993 til 2012 vaks finanskapitalen mykje i denne regionen.

‒ Ein tendens er at finansformuane breier seg lenger sørvest i regionen, langs kysten i Asker-området. I sjølve Oslo går det eit tydeleg skilje langs Akerselva. Svært få nabolag på austkanten har store gjennomsnittsformuar, fortel Wiborg.

Rundt 70 prosent av dei aller rikaste bur i bydelar på vestkanten, men Nordstrand er likevel eit unntak. Dette er eit velståande område med utsikt over Oslofjorden, gode grunnskular og naboar med høg kulturell og økonomisk kapital.

‒ Oslo er ein delt by, og han har blitt enda meir delt over tid. Det viser denne studien av formue, og dette har andre forskarar også vist ved bruk av andre mål for sosial lagdeling, seier Wiborg.

Kjøpesterke vel rike nabolag

At mange med store formuar vel å busette seg i dei same områda, kan føre til at ulikskapane aukar mellom bydelar og nabolag.

‒ Det er mange grunnar til at folk flyttar. Dette er ikkje kartlagt i forskinga mi, men eit døme kan vere at kjøpesterke flyttar til vestkanten, slik at dei sikrar barna sine tilgang til skulane med dei høgaste grunnskulepoenga i dei mest attraktive nabolaga, seier Wiborg.

Tidlegare studiar har også vist at det gjev betre livssjansar å vekse opp i attraktive nabolag. Det aukar sjansen for fullført høgare utdanning og for at du seinare i livet høyrer til samfunnets øvste sosiale sjikt. Dette gjeld spesielt for familiar frå arbeidarklassa.

Større skilnader blant menn

Medan finanskapital er lett omsetteleg, inkluderer realkapital også fysiske eigedelar, bustad og hytte. Skilnadene i realkapitalen har ikkje utvikla seg på same måte som finanskapitalen sidan 1993. I realkapital ser Wiborg ein svak nedgang i skilnadene.

‒ Dette heng truleg saman med at fleire eig bustaden sin i dag enn tidlegare. Bustadverdiane har stige, og mange har dermed fått auka realkapital.

Det er likevel stor skilnad på kvinner og menn. For menn aukar skilnadene i alle former for formue, også realkapital. For kvinner har det motsette skjedd.

‒ Med unntak av finanskapital er det blitt stadig mindre skilnader i formuen til kvinner dei siste åra. Det betyr at til dømes realkapitalen i dag er meir likt fordelt kvinner imellom. Eg har ikkje studert årsakene til denne trenden, men kanskje kan han forklarast av kjønnsskilnader i kjøp av bustad og finansar i eit parforhold, seier Wiborg.

‒ Til dømes kan det tenkast at det tradisjonelt har vore menn som har ordna med finansane, at kvinner i mindre grad har tatt opp lån, eller at dei sjeldnare har stått oppførte som låntakarar enn dei gjer i dag. Men her trengst det meir forsking for å seie noko sikkert, fortel forskaren.

Stemmer med tidlegare funn

Wiborg har målt ulikskap på ulike måtar, mellom anna ved bruk av den såkalla Gini-indeksen. Dette er eit statistisk mål som varierer frå 0 til 1. Er indeksen 0, har alle innbyggjarar akkurat like stor inntekt eller formue. Talverdien 1 indikerer at éin person har all inntekt eller formue.

Ifølgje Wiborgs funn er Gini-indeksane for nordmenns formue stort sett mellom 0,6 og 0,9, litt avhengig av korleis ein bereknar dei. Dei største skilnadane finn ein i finanskapital, og dei minste skilnadar finn ein i nettoformuane.

Ein amerikansk studie fann i 2014 tilsvarande tal for USA for finansformue og nettoformue, medan ein nyleg OECD-rapport viser noko høgare tal for USA enn Noreg. Wiborg påpeikar at OECD-rapporten ikkje egner seg så godt til å samanlikne ulike land då dei rapporterer tal frå ulike periodar.

Ein annan studie frå 2014 år viser eit like høgt nivå også for Sverige og Danmark.

For Noreg sett under eitt stemmer Wiborgs funn overeins med tidlegare forsking ved Universitetet i Oslo, som i 2012 fann at dei ein prosent rikaste i landet eig nærmare 50 prosent av samla finanskapital og opp mot 20 prosent av samla nettoformue.

Her er forskinga om ulikskap

Øyvind N. Wiborg: Hvor er formuene i Oslo? Gylne ghettoer og deres utvikling over tid, I: Jørn Ljunggren (red.), Oslo - ulikhetenes by. Cappelen Damm Akademisk 2017. ISBN 9788202521615

Lisa A. Keister: The One Percent, Annual Review of Sociology 2014, https://doi.org/10.1146/annurev-soc-070513-075314

Marianne Nordli Hansen: Segregering og ulikhet i Oslo-skolen 2017, I: Jørn Ljunggren (red.), Oslo - ulikhetenes by, Cappelen Damm Akademisk 2017, ISBN 9788202521615

Marianne Nordli Hansen: Om konsentrasjonen av formue i Norge. Søkelys på arbeidslivet 2012, ISSN 1504-8004

N. Skopek med fleire: National patterns of income and wealth inequality. International Journal of Comparative Sociology 2014, https://doi.org/10.1177/0020715214565674

Maren Toft, og Jørn Ljunggren: Geographies of class advantage: The influence of adolescent neighbourhoods in Oslo. Urban Studies 2016. ISSN 0042-0980, https://doi.org/10.1177/0042098015601770

Powered by Labrador CMS