Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Stavanger - les mer.

Klaus Mohn har vært kapitalforvaltar, rådgjevar og sjeføkonom i Statoil. Seinare forlet han selskapet for å forfølge faglege interesser og ble professor i samfunnsøkonomi ved Handelshøgskolen ved UiS. (Foto: Mari Hult)

Ny rektor ved Universitetet i Stavanger:
– Vi skal vere på nivå med dei beste universiteta i Noreg

Klaus Mohn har mellom anna bakgrunn frå toppstillingar i Statoil. No er han klimaengasjert og har store visjonar for universitetet framover.

I berre skjorta, pent stappa ned i dongeribuksa, hiv han seg på sykkelen. Det er ein dag fri for regn, og Klaus Mohn tråkkar ståande opp Telegrafdirektør Heftyes vei. Han girar ikkje om til eit lågare gir. Det er fart, styrke og driv i kroppen. No vil han gje Universitetet i Stavanger (UiS) det same.

– Eg har mista kontrollen over tida mi, fortel mannen som fyrste august formelt går frå stillinga som professor ved Handelshøgskolen ved UiS til å bli rektor for heile universitetet. Kalenderen har vore fullbooka dei siste månadane. Han har førebudd seg til rektorgjerninga ved å ha møte med sju fakultet og ni stabseiningar. Han ser ikkje utmatta ut. Heller oppglødd og ivrig etter å ta fatt.

– Eg hadde ikkje reflektert nøye nok over mangfaldet i det vi held på med.

– Vi har hard ingeniørutdanning på den eine kanten og utøvande kunst på den andre. Undervisingsformane er veldig forskjellige, tankesett rundt rekruttering og utdanning er også forskjellig. Også synet på arbeidslivet er ulikt, fortel den nye rektoren.

Han trur fakulteta har mykje å lære av kvarandre og er alt i gang med å tenkje ut korleis universitetet kan bli betre på å dele erfaringar seg imellom.

Vil vere synlege

Klaus Mohn er den fyrste tilsette rektoren ved UiS, og samstundes går universitetet over til heilt ny styringsform. Rektoren får med seg ei toppleiing med tre prorektorar.

– Saman med desse ønskjer eg å bidra til å løfte universitetet sitt ry som ein attraktiv lærestad. Målet er å trekke til oss dei beste og mest motiverte studentane, dei beste forskarane og dei beste samarbeidspartnarane, seier Mohn.

Sjølv skal toppleiinga bidra til å gjere dette ved å vere synlege.

– Vi skal ta ein nasjonal posisjon og bli meir til stades i samfunnsdebatten, seier Mohn, som ikkje kjem til å seie nei til Debatt 21 og Dagsnytt 18 om dei ringjer. Nyleg vart han intervjua i Verdibørsen på NRK 2.

Sjølv karakteriserer han seg som ein nyhendenarkoman. Han er oppteken av å halde seg oppdatert, lese nettaviser, følgje sosiale mediar som Twitter. Og i helgene tek han seg tid til å lese papiraviser som Morgenbladet, Klassekampen og Dag og Tid.

Med petroleumsøkonomi som spesialfelt

Klaus Mohn har jobba som forskar ved Statistisk sentralbyrå og vore makroanalytikar i Den norske bank. Han har også vært kapitalforvaltar for Statoil (no Equinor), Noregs desidert mest verdifulle selskap og blant verdas 50 største selskap uavhengig bransje. Her var han også rådgjevar på konsernsjefens kontor, seinare sjeføkonom.

– Desse åra gjekk eg i hælane til konsernsjefen og la til rette for agendaen og var taleskrivar og presenterte selskapet eksternt. Det har gjeve meg ein god ballast når eg no trer inn i stillinga som rektor, meiner mannen som er samfunnsøkonom med petroleumsøkonomi som sitt spesialfelt.

Det var det faglege drivet hans som fekk han til å ta ein doktorgrad ved UiS om investeringar i olje- og gassnæringa.

– Når eg set meg noko føre, så ønskjer eg å bli god i det, seier Mohn som forlét Equinor til fordel for universitetet nettopp for å kunne fordjupe seg fagleg.

Klimaenagsjement

Det siste halvåret har Mohn gjort seg synleg som deltakar i regjeringas ekspertutval som vurderte klimarisiko for den norske økonomien. Resultatet er NOU-en «Klimarisiko og norsk økonomi» som kjem med klar tale: Ei sentral oppgåve for politikken er å korrigere marknadssvikt og skape riktige insentiv.

– Eg har eit samfunnsengasjement. I mine tidlegare jobbar har eg alltid vore oppteken av korleis verda rundt meg påverkar verksemda og korleis ein bør respondere, forklarer petroleumsøkonomen som altså i seinare tid har engasjert seg i klimadebatten.

– Harde politikk-tiltak vil krevjast framover og produksjonen av olje og gass på verdsbasis må ned dersom vi skal nå klimamåla. Det er ingen veg utanom. Alle knappar må trykkast på, det er ingen plass å gøyme seg! sa han ansikt til ansikt med oljenæringa då han stod på podiet på advokatfirmaet Kluges oljekonferanse i Stavanger i mars.

Økonomen har fagleg tyngd og mot til å meina. Han seier at det er eit tankekors at veldig mange tenkjer at klima er den største utfordringa vi har hatt, men så finn ein likevel få eksempeler på at staten tek ansvar og bruker sin kapital og sitt eigarskap til å bidra til omstilling.

– Det er i staden næringane sjølve som no ser ut til å ta alvoret inn over seg og gjere omprioriteringar. Viss staten har eit syn i denne samanhengen, så må dei investere litt mindre i næringar som ikkje representerer omstilling og tilsvarande meir i næringar som representerer innovasjon og endring, påpeiker Mohn.

Mohn seier det er eit tankekors at veldig mange tenkjer at klima er den største utfordringa vi har hatt, men så finn ein likevel få eksempeler på at staten tek ansvar og bruker sin kapital og sitt eigarskap til å bidra til omstilling. (Foto: Mari Hult).

Universitetets rolle

– Kva rolle skal universitetet ta når det gjeld omstilling?

– Verda har ei rekke utfordringar no om dagen som er godt summert opp i FNs berekraftmål. Desse er no på veg inn i utdannings- og forskingsstrategiar i Forskingsrådet og EU, seier Mohn og viser til at universitetet er i gang med arbeidet.

– Vi har ein historikk som knyt oss til petroleumsnæringa, men no framover skal vi tenkje breiare både innan studiar og forsking. Det viktigaste vi kan gjere er å gje dei unge ei utdanning som er fleksibel og som gjev dei valmoglegheiter. Det skjer endringar i studieprogramma våre. Nokre av faga har fått endra namn og blitt meir retta mot energi i staden for å berre vere retta mot petroleum.

Skal gire opp

– Om ti år, kvar er universitetet då?

– Det har eg tenkt på. Kva er den vidløftige visjonen min? Eg har sagt at eg ønskjer å løfte omdømet og ryet til UiS.

Mohn seier at det i dag er det eit skarpt skilje mellom dei nye og dei gamle universiteta, ikkje minst når det gjeld finansiering.

– Dette skiljet finst ikkje om ti år. Når folk ramsar opp dei klassiske universiteta, som UiO, NTNU og UiB, då vil eg at dei skal nemne oss i neste andedrag. Vi skal utvikle vidare det forspranget vi har til nokre av dei andre unge universiteta og løfte oss endå meir.

Den påtroppande rektoren har kunngjort at Studentorganisasjonen StOr blir innlemma på rektormøta. Det annonserte han frå talarstolen under rektorinnsettinga nyleg, til stor glede for avtroppande leiar og Arbeidsutvalet i StOr.

– Eg har alltid hatt tru på samarbeid i dei organisasjonane eg har jobba for. Studentane er den aller viktigaste gruppa, dei bidreg til viktige innspel til strategiane våre, og dei er våre viktigaste brukarar, held Mohn fram.

Mohn syklar heim frå jobb i god fart i oppoverbakkane, så vel som nedover bakkane på Ullandhaug. Han girar opp. Han har ikkje tid til å sykle på låge gir. Frå 1. august vil han ha med seg 12 000 studentar og 1600 tilsette på turen.

Klaus Mohn

  • 54 år frå Sandnes, bur i Stavanger
  • Påtroppande rektor ved UiS
  • Utdanna frå Norges Handelshøyskole (1991), doktorgrad i petroleumsøkonomi frå UiS (2008)
  • Forskar ved Statistisk sentralbyrå (1991–1994)
  • Marknadsanalytikar i Den norske bank (1994–1996)
  • Rådgjevar på konsernsjefens kontor i Statoil (no Equinor) (2000–2005)
  • Sjeføkonom i Statoil (Equinor) (2009–2013)
  • Professor i samfunnsøkonomi ved Handelshøgskolen ved UiS (2013–2019)
  • Kjærast. Ei dotter og ein son.
Powered by Labrador CMS