Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Det kan vere at pandemien får oss til å konsentrere oss om andre ting i livet, meiner professor Ping Qin.

Færre sjølvmord dei første månadene med covid-19

Økonomiske støtteordningar og eit godt psykisk helsetilbod kan ha betydd mykje, ifølgje medisinprofessor.

I mars, april og mai 2020 tok færre nordmenn livet sitt enn kva som var tilfelle i same periode dei fem åra før. Det kjem fram i ein kommentar som nyleg vart publisert i tidsskriftet Acta Psychiatrica Scandinavica.

Talet på sjølvmord i Noreg var 12,5 prosent lågare i desse tre månadene i 2020 enn gjennomsnittet for dei same månadene dei fem føregåande åra.

I faktiske tal var det ein nedgang frå 160 til 140 sjølvmord, ifølgje ein analyse av tal frå Dødsårsakregisteret.

Usikre forklaringar

Ifølgje professorar i medisin Ping Qin og Lars Mehlum ved Nasjonalt senter for selvmordsforskning og -forebygging (NSSF), som står bak kommentaren, er forklaringa på nedgangen uviss.

Det kan vere del av ein naturleg variasjon, men dei ser det som sannsynleg at nedgangen heng saman med pandemien.

I så fall kan ei viktig forklaring vere at pandemien får oss til å konsentrere oss om andre ting i livet, meiner Ping Qin.

– Tidlegare vanskar blir mindre presserande når pandemien trugar alle og heile samfunnet. Pandemien kan også ha endra folks syn på helse og dødelegheit og gjere at vi opplever livet som meir verdt å ta vare på, seier ho.

Meir sosial støtte

Ho peikar også på andre mulege forklaringar, for eksempel ei oppleving av eit sterkare fellesskap. Dette kan ha gjort at folk som kjenner seg utanfor, har opplevd meir sosial støtte.

– Dessutan vart det gjeve store pakkar med økonomisk støtte, og det vart raskt implementert eit breitt spekter av psykososiale førebyggjande tiltak. Dette trur eg har hjelpt mange i ein kritisk fase.

Mellom anna vart helsetenester for folk med psykiske vanskar haldne opne. Det vart også oppretta fleire digitale tenester, og eksisterande hjelpetenester på nett og telefon vart styrka økonomisk.

Usikker trend framover

Årleg tar mellom 500 og 600 menneske livet sitt i Noreg, ifølgje Folkehelseinstituttet. Dei fleste er menn, og medianalderen er 47 år, noko som betyr at det rammar like mange over 47 år som under.

Personane som døydde av sjølvmord i desse tre månadene i år hadde medianalderen 45 år, altså på linje med det ein har sett tidlegare.

Ping Qin er redd mange skal oppleve tida framover som tung og tar ikkje for gitt at trenden frå våren 2020 skal halde fram.

– Ettersom pandemien forverrar seg og trekkjer ut i tid, kan vi oppleve at fleire kjenner seg utanfor sosialt. Fleire kan dessutan få økonomiske vanskar eller oppleve psykiske problem. Dette er kjende risikofaktorar for sjølvmord, seier ho.

Fleire studiar har tyda på at covid-19 fører med seg auka stressnivå, søvnvanskar, depressive symptom og også sjølvmordstankar.

På den andre sida går det an å minimere risikoen for ein auke i sjølvmordstala om ein set inn dei rette tiltaka, meiner Qin.

Å lytte utan å dømme

– Vi må levere effektiv psykisk helsehjelp og tilby nødvendig sosial støtte, inkludert finansiell støtte, til dei som er tyngst ramma. Då kan ein auke i talet på sjølvmord bli hindra eller minimert, meiner ho.

Ho oppmodar dei som er i risikosonen til å søke hjelp og dei som er uroa for familie eller venner til å snakke med den det gjeld.

– I tillegg til profesjonelle hjelpetenester, finst det mange nettilbod og telefonar som kan kontaktast viss ein har det tøft, seier ho.

Familie og vennar som lyttar utan å dømme kan også bety mykje.

– Personar med sjølvmordstankar ser ofte ikkje etter konkrete råd. Medkjensle og empati kan derimot hjelpe til med å snu ein vanskeleg situasjon, seier Ping Qin.

Referanser:

Ping Qin og Lars Mehlum: National observation of death by suicide in the first 3 months under COVID‐19 pandemic, National Center for Suicide Research and Prevention, University of Oslo, Doi:10.1111/acps.13246

Carmen Moreno mfl.: How mental health care should change as a consequence of the COVID-19 pandemic. The Lancet, 2020. DOI:https://doi.org/10.1016/S2215-0366(20)30307-2

Powered by Labrador CMS