Troms er frodigaste fylket

Ein ny oversikt viser eit frodig og mangfaldig planteliv som gjer Troms til det frodigaste fylket i landet.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Fjordlandskap i Troms. Utsyn frå kartleggingsflate på Lavangstinden, sett inn over Balsfjorden. (Foto: Per K. Bjørklund/Skog og landskap)

Vegetasjonstyper

Veksemiljøet til plantene er samansett av ei rekkje naturgjevne og menneskeskapte tilhøve. Dei viktigaste av desse såkalla økologiske faktorane er næring og vatn i jorda.

Planter som har nokolunde same krav til veksevilkår vil finnast på same stad. Dei dannar det vi kallar eit plantesamfunn eller ein vegetasjonstype.

Ein vegetasjonstype er såleis ei karakteristisk samling av artar som vil finnast att på stader med like veksevilkår.

Mange artar vil opptre i fleire vegetasjonstypar. Desse har eit vidt økologisk leveområde, men mengdeforholdet vil oftast variere frå kanskje dominerande art i ein type til spreitt forekomst i ein annan.

Andre artar kan ha snevre tolegrenser for ein eller fleire miljøfaktorar. Desse kallar vi karakterartar fordi dei fortel oss noko heilt bestemt om tilhøva på veksestaden og om plantesamfunnet dei veks i.

Når vi kartlegg utbreiinga av vegetasjonstypar, brukar vi dominerande artar og karakterartar som kjenneteikn.

Vegetasjonskart

Eit vegetasjonskart viser mosaikken av vegetasjonstypar i eit område.

Tek ein utgangspunkt i at vegetasjonstypane speglar veksemiljøet, blir kartet ein oversikt over variasjonen av fleire miljøfaktorar som næring og vatn i jorda, klima, snødekke og kulturpåverknad.

Vi kan også knytte ei rekkje eigenskapar til vegetasjonstypane med omsyn til ressursutnytting og arealbruk. Slik blir vegetasjonkartet eit allsidig informasjonsgrunnlag og det næraste vi til no har kome eit økologisk kartverk.

- Frodig vegetasjon gir høg kvalitet på utmarksbeite sommarstid både for husdyr og rein. I Troms er andelen av det vi har kategorisert som «svært godt beite» dobbelt så høg som landssnittet, fortel vegetasjonskartleggar Per K. Bjørklund.

Saman med kollegaer ved Norsk institutt for skog og landskap i Tromsø og på Ås har Bjørklund i tre somrar saumfart heile fylket for å gi eit oversyn over den løynde rikdomen i det grøne.

Rapporten «Arealstatistikk for Troms» fortel ei historie om eit fylke med fantastiske grøne naturressursar. Vegetasjonskartleggarane plasserer tromsnaturen på norgestoppen når det gjeld frodigheit og mangfald i plantelivet.

- Det er kan hende inga nyheit at vegetasjonen i Troms er frodig og voksterleg, men ingen har tidlegare hatt tal for dette, fortel seniorrådgjevar Yngve Rekdal, som er leiar for det landsfemnande prosjektet.

Nasjonal arealrekneskap

Bakgrunnen for den omfattande kartlegginga av naturen i Troms er målet om ein nasjonal arealrekneskap for utmark innan år 2015. Så langt er resultat frå 14 fylke klare, og Troms skil seg klart ut.

- Samla sett er utmarksbeitet i Troms det beste ein finn i noko fylke i Noreg. Heile 25 prosent av tilgjengeleg beiteareal er i beste beiteklasse. Samla for landet ligg denne klassen på 12 prosent. Tala frå undersøkingane fortel at fôruttaket frå utmarka i alle fall kan doblast, påpeiker Rekdal.

- Potensialet for ei utvikling av utmarksbasert husdyrproduksjon er stort. Dette er eit tankekors i eit fylke der dyretalet i utmark har gått jamt nedover dei siste åra.

Dei mange skredprega liene langs fjellsidene gjev eit stort tilfang til den fruktbare Tromsnaturen. Frå Geitskarddalen, Ersfjorden i Berg kommune. (Foto: Per K. Bjørklund/Skog og landskap)

Geologi og topografi legg grunn for frodig natur

Dei produktive forholda i fylket kom eigentleg ikkje heilt uventa på vegetasjonskartleggarane frå Skog og landskap.

Resultat frå tidlegare kartleggingar i blant anna kommunane Lyngen, Sørreisa, Lenvik, Målselv og Bardu, samt kjennskapen til geologien i fylket, har peika i retning av omfattande grøne naturressursar.

- Ja, Troms fylke har ein særleg gunstig berggrunn for plantevokster. I tillegg er det stor variasjon i topografi og eit stort spenn i høgdelag, noko som er svært gunstig for beitekvalitet og sesongmessig beiteutnytting, fortel Bjørklund, som i over 40 år har kartlagt nordnorsk natur.

- I fjellet er det store areal som ikkje blir snøbare før ut i juli, og denne spirande snøleievegetasjonen gir beitedyra tilgang til plantemateriale av høg kvalitet ut over ettersommaren og hausten.

Den kalkrike berggrunnen gjer at det i Troms ofte opptrer eit mangfaldig planteliv også på rabbar i fjellet. Sju prosent av arealet over skoggrensa er dekt av den litt eksklusive vegetasjonstypen reinrosehei.

I denne typen finn vi mange av dei mest sjeldne fjellplantene våre.

- Det er den næringsrike berggrunnen og dei gunstige nedbørtilhøva som er årsaka til den kravfulle og frodige vegetasjonen som dominerer store delar av Troms, forklarar Bjørklund.

Samla sett er utmarksbeitet i Troms det beste ein kan finne i noko fylke i Noreg. Heile 25 prosent er klassifisert til beste beiteklasse. Simler med kalvar på førsommarbeite, Lakselvdalen i Balsfjord. (Foto: Per K. Bjørklund/Skog og landskap)

Grunnfjellsområda på øyane og lengst aust i fylket er skrinnare og har mindre av dei frodige vegetasjonstypane, men sjølv der berggrunnen og jorda i utgangspunktet er skrinn, kan veksetilhøva vere gode for planter – nettopp takka vere det bratte landskapet.

- Dei frodige, skredpåvirka liene langs fjellsidene gjev eit stort tilfang til denne fruktbarheita, fortel Bjørklund.

Næringsstoff frå skredmateriale overgjødslar desse liene kvart år, og saman med rikeleg sigevatn i jorda, gir dette store areal med vegetasjonstypen høgstaudeeng, som i følgje vegetasjonsgranskarane gjev svært produktive beiteareal.

Frodig engbjørkeskog

Skogen i Troms er dominert av den frodigaste av skogtypane, nemleg engbjørkeskog med gras, urter og bregner. Heile 27 prosent av arealet under skoggrensa er dekt av denne typen.

Særmerkt for skogen i Troms er den store andelen av engbjørkeskog. Det er den vanlegaste vegetasjonstypen i skog, og dannar nær 27 prosent av skogarealet og 10 prosent av totalarealet i fylket. (Foto: Per K. Bjørklund/Skog og landskap)

- Dette er spesielt for Troms. I dei andre fylka i Noreg er det mest av fattigare skogtypar med lyng og lav, fortel Bjørklund.

Grøne ressursar

Bakgrunnen for denne nasjonale kartlegginga som Troms-rapporten inngår i, er at vi ikkje kjenner dei samla grøne ressursane vi har i utmarka. Undersøkinga skal gje statistikk over utbreiinga av vegetasjonstypar for heile landet og for kvart fylke.

Denne statistikken byggjer på eit nett av såkalla prøveflater lagt over landet med 18 kilometer mellom kvar flate. Flatene er om lag 1 km², og 86 av desse fell i Troms. På kvar flate er utbreiinga av vegetasjonstypar kartlagt.

Rapporten for Troms presenterer eit oversyn over dei ulike vegetasjonstypane i fylket og dei planteartane som inngår.

- Kvar vegetasjonstype er gjeve ein omtale kring førekomst og artsinnhald, og er i tillegg dokumentert med foto frå ulike stader fylket, fortel Bjørklund, som har gjort natur- og vegetasjonsbeskrivingane i rapporten.

Per K. Bjørklund har kartlagd Nordnorsk natur i over 40 år. (Foto: Lars Sandved Dalen/Skog og landskap)

Planteregistreringane fortel òg om verdfulle element i Tromsnaturen, slik som veksestader for sjeldne artar og plantesamfunn som er spesielt verdfulle for det biologiske mangfaldet.

- Vegetasjonstypane gir oss informasjon om veksetilhøve og miljø på veksestaden. Vegetasjonstypeinndelinga er kort og godt ein reiskap for naturforståing.

- Det er ein god inngang til kunnskap om økologien i Tromsnaturen, seier Yngve Rekdal, som har vore med på vegetasjonskartlegging i alle delar av landet.

- Nasjonal og regional statistikk er viktig for utvikling av politikk kring forvaltning og bruk av natur. Slik statistikk gjer det muleg å sette lokal kunnskap inn i fylkes- og nasjonal samanheng, avsluttar Rekdal.

Referanse:

Bjørklund, Rekdal og Strand: Arealregnskap for utmark - Arealstatistikk for Troms, Skog og landskap ressursoversikt 5/12.

[gallery:1]

Powered by Labrador CMS