Fosformangel vil i framtida gjere at prisen på kunstgjødsel skyt i veret. Då vil det vere vesentleg for landbruket å kunne utnytte det fosforet ein finn i avfallsprodukt frå husdyrhald, fiskeoppdrett og andre delar av matvaresystemet. (Foto: Erling Fløistad, NIBIO)
Fosformangel vil i framtida gjere at prisen på kunstgjødsel skyt i veret. Då vil det vere vesentleg for landbruket å kunne utnytte det fosforet ein finn i avfallsprodukt frå husdyrhald, fiskeoppdrett og andre delar av matvaresystemet. (Foto: Erling Fløistad, NIBIO)

Meiner landbruket må satse på resirkulering av fosfor

Ein stor del av fosforet i matvaresystemet hamnar i avfall, og det som blir resirkulert som gjødsel gjev ofte dårleg effekt.

Publisert

Artikkelen er produsert og finansiert av NIBIO - Les mer

Fact: Click to add text

Fosfor

Ein av hovudingrediensane i mineralgjødsel, populært kalla kunstgjødsel, er fosfor. Fosfor blir vunne ut av stein i gruver som no berre finst i fem land.

Størsteparten av utvunnen fosfor blir nytta i kunstgjødsel.

For store fosformengder i ferskvatn kan føre til gjengroing og oksygenfattig vatn.

Norsk landbruk og oppdrettsnæring bruker og taper omtrent like mykje fosfor. Fiskeslam blir per i dag ikkje utnytta, men forsvinn i havet.

Alle bønder treng tilgang på gjødsel med fosfor. Fosfor er livsnaudsynt for både plantar og dyr. Men fosfat er ein ikkje-fornybar ressurs, og i Noreg er vi avhengige av import.

Fosforet som er brukt i kunstgjødsel, er stort sett henta frå gruver i Vest-Sahara og Kina, men desse er på veg til å bli tomme. Dette kan ha store følgjer for den globale matvareproduksjonen.

Fosformangel vil i framtida gjere at prisen på kunstgjødsel skyt i veret. Då vil det vere vesentleg for landbruket å kunne utnytte det fosforet ein finn i avfallsprodukt frå husdyrhald, fiskeoppdrett og andre delar av matvaresystemet.

Stipendiat Eva Brod har i doktorgradsarbeidet sitt ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) og Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) sett på fosfor og kva som blir brukt og går tapt i norsk landbruk, fiskerinæring, matprosessering og avfallsbehandling.

Ho har også undersøkt kva slags gjødslingseffekt dei ulike fosforprodukta har samanlikna med kunstgjødsel og korleis ein kan ta omsyn til dette i gjødselplanlegging.

Brod etterlyser strengare regelverk på fosforbruk i landbruket og oppdrettsnæringa. Dessutan meiner ho det må bli ei snarleg satsing på utvikling av ny og betre teknologi som kan fange opp utslepp.

– I tillegg trenger vi meir effektive behandlingsmetodar for å utnytte det sekundære fosforet, seier ho.

Bekymringsfullt

Fosforutnyttinga i matvaresystemet er relativt dårleg. Difor går det ein del fosfor tapt til dømes i avfallsprodukt. Til saman er det 28 000 tonn fosfor i avfall.

Dei viktigaste avfallsprodukta er husdyrgjødsel (12 000 tonn) og fiskeslam frå oppdrettsnæringa (9000 tonn). Matavfall (2600 tonn) og kloakkslam (1900 tonn) inneheld mindre fosfor. Til samanlikning går det med 8400 tonn fosfor i kunstgjødsel.

– Til no har vi ikkje hatt god nok teknologi til å utnytte dette fosforet på ein tilfredsstillande og økonomisk måte.

Det meiner Brod er bekymringsfullt.

– Vi har mykje fosfor i avfallsprodukt. Dette kallar vi sekundær fosfor. Dette fosforet kan vi utnytte som gjødsel, men utfordringa er å få det til i praksis. I dag er resirkulering av sekundær fosfor mykje dyrare enn kunstgjødsel, men kunstgjødsel vil bli dyrare ettersom råfosfat er ein ressurs som det blir mindre av.

– Eg tykkjer vi bør tenke på framtida. På eit tidspunkt vil det ikkje vere noko anna alternativ enn å resirkulere fosfor. Då må vi ha utvikla gode metodar for å gjere dette på ein økonomisk måte.

Lite tilgjengeleg

Tilgjengelegheita til sekundær fosfor er eit anna problem. Gjødslingseffekten av sekundær fosfor varierer stort frå produkt til produkt og er avhengig av pH-verdien.

Brod har tatt for seg ni svært forskjellige avfallsprodukt: fiskeslam, kjøtbeinmjøl, treoske, kompost og biorestar av matavfall og husdyrgjødsel frå høns og storfe.

– Lågare pH gir betre gjødslingseffekt enn høgare pH. Men effekten er også ulik frå produkt til produkt. Fosfor finst i tyngre løyselege forbindingar, som gjer at plantene ikkje får tak i det like godt som med kunstgjødsel, seier ho.

– Ta til dømes kjøtbeinmjøl. Her er gjødslingseffekten ganske låg fordi fosforet er bunden fast til kalsium. Dette blir rekna som resirkulering av fosfor, men det er det ikkje i det heile tatt. Fosforet blir ført tilbake utan at plantene klarer å ta det opp og blir berre lagra i jorda, ifølgje Brod.

Ho meiner vi bør jobbe med å utvikle gjødselprodukt basert på avfall som har like god og påliteleg gjødseleffekt som kunstgjødsel.

Eva Brod etterlyser strengare regelverk på fosforbruk i landbruket og oppdrettsnæringa. (Foto: Siri Elise Dybdal, NIBIO)
Eva Brod etterlyser strengare regelverk på fosforbruk i landbruket og oppdrettsnæringa. (Foto: Siri Elise Dybdal, NIBIO)

Betre metodar

Dagens metode for å analysere fosfor i avfallsprodukt klarer ikkje å estimere tilgjengeleg fosfor i til dømes kjøttbeinmjøl.

Ifølgje doktorgradstipendiaten finst det betre jordtestar frå andre land.

– Det er i dag to metodar som er betre eigna. Og dersom vi veit kor effektivt produktet er, slepp bonden å tilføre ekstra kunstgjødsel, seier Brod.

– Bør bli pålagt

Enn så lenge trur stipendiaten at lite vil skje for å betre utnyttinga av sekundær fosfor fordi regelverket ikkje legg vekt på resirkulering.

– Viss ikkje politikken seier at dette skal vere pålagt, vil ingenting skje. Dessutan er kostnadane svært viktig – det må bli økonomisk å lage gjødslingsprodukt av husdyrgjødsel og fiskeslam. I dag er det ikkje lønsamt, seier Brod.

– Dagens regelverk for fosfortilførselen i landbruket må bli strengare. Slik situasjonen er no har bonden lov til å tilføre 3,5 kilo fosfor med husdyrgjødsel per dekar i året, i tillegg til kunstgjødsel. Dette er ofte meir enn det plantene har behov for, hevdar Brod.

Ho meiner også oppdrettsnæringa må regulerast strengare når det gjeld utslepp av fosfor gjennom fiskeslam.

– Det er særs viktig at avgjerdstakarar som styrer veksten av oppdrettsnæringa, kjem sterkare på bana. Slik næringa står fram i dag, er ho alt anna enn berekraftig. Dette er ikkje god bioøkonomi, seier doktorgradsstipendiaten.

Referanse:

Eva Brod: Resirkuleringspotensialet til fosfor i sekundære ressurser. Doktorgradsavhandling, NMBU, 2016. Brod disputerer 3. juni 2016.