Å spå om framtida i landbruket har mange usikre variablar. veret er ein av dei. Biletet er teken i Ås i Akershus.  (Foto: Erling Fløistad)
Å spå om framtida i landbruket har mange usikre variablar. veret er ein av dei. Biletet er teken i Ås i Akershus. (Foto: Erling Fløistad)

Slik må landbruket tilpasse seg eit endra klima

For å sikre framtidig mattryggleik må dagens jordbruk tilpasse seg endringane i klimaet. – Vi er heilt i startfasen på klimatilpassing i Noreg, seier forskar.

Publisert

Artikkelen er produsert og finansiert av NIBIO - Les mer

Fact: Click to add text

MACSUR

For å få eit samla bilde av framtidige utfordringar og moglegheiter knytt til matproduksjon, har ein sett i gang prosjektet MACSUR (Modelling European Agriculture with Climate Change for Food Security).

Hovudmålet for prosjektet er å utvikle og bruke modellar til å vurdere risiko og undersøkje kva slags effektar klimaendringane kan ha på europeisk landbruk.

I dag omfattar prosjektet 70 institusjonar frå 18 europeiske land. NIBIO har både planteforskarar og økonomar med i prosjektet. Norske husdyrforskarar frå Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) tek også del.

Prosjektet byrja i 2012 og var i utgangspunktet eit treårig prosjekt, men har blitt utvida med to år til.

Klimaendringane vil påverke dei naturgitte føresetnadene for produksjon i landbruket. Over heile verda forsøker forskarar, bønder, landbruksbedrifter og myndigheiter å gjere dagens jordbrukssystem meir klimasmarte for å kunne brødfø ei aukande befolkning.

Noreg er framleis heilt i startfasen på klimatilpassing i landbruket. Som ein del av det europeiske forskingssamarbeidet MACSUR, som har som mål å hjelpe land i Europa å planlegge og tilpasse seg klimaendringane, skal forskarar frå Norsk Institutt for bioøkonomi (NIBIO) sjå nærare på klimaendringane sin påverknad på husdyrhald og avlingar i Noreg i framtida.

Føremålet er at jordbruket vårt skal bli betre rusta til å møte utfordringane.

Vil påverke vekstsesongen 

Når det gjeld planteproduksjonen, vil klimaendringane kunne påverke både vekstsesongen og avlingspotensialet i Noreg.

Samstundes kan vi få endringar i ugras- og sjukdom og skadedyrbilde. Høgare temperatur kan gje høgare avling og fleire innhaustingar, men auka nedbør kan påverke innhaustingsmoglegheitene, dreneringsbehovet og gje norske bønder større utfordringar med jordpakking og køyring på areala.

Hausting av gras og andre landbruksprodukt føresetter godt og tenlig ver. Uvissa er stor. Biletet er teken i Ås i Akershus.  (Foto: Erling Fløistad)
Hausting av gras og andre landbruksprodukt føresetter godt og tenlig ver. Uvissa er stor. Biletet er teken i Ås i Akershus. (Foto: Erling Fløistad)

Skal utvikle modellar

Som ein del av prosjektet er forskarar frå NIBIO med å utvikle modellar og kartlegge utsiktene for matsikkerheit i framtida både her heime og ute i Europa.

– Prosjektet omfattar europeiske forskarar med bakgrunn frå ulike fagområde som går saman i eit felles modelleringsmiljø for å studere effektar av eit endra klima på landbruk og matproduksjon lokalt, regionalt og på europeisk nivå, fortel Lillian Øygarden, forskingsleiar ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO). Ho koordinerer den norske innsatsen i MACSUR.

Lillian Øygarden. (Foto: E. Fløistad, NIBIO)
Lillian Øygarden. (Foto: E. Fløistad, NIBIO)

– Ut i frå dette prøver ein å utarbeide modellar for matryggleik. Slik informasjon er særs viktig for at politikarane i europeiske land, skal kunne ta viktige avgjersle om tilpassing av europeisk matproduksjon til eit endra klima.

Kan ikkje gje eintydige anbefalingar

Forskarane trur ikkje matvaretryggleiken for norske hushaldingar står i fare, men Øygarden meiner at vi enno ikkje veit nok til å gje eintydige anbefalingar om korleis norsk landbruk bør tilpasse seg klimaendringane. 

– Vi er heilt i startfasen på klimatilpassing her i Noreg. Vi har byrja å modellere for ein del plantevekstar og sjå på genetiske forhold for framtidas plantemateriale, fordi vi treng vekstar som kan tilpasse seg klimaet, seier Øygarden.

Men dette arbeidet kan ta fleire tiår, påpeikar ho og legg til at forskarane også ser på kva slags tiltak som kan vente og kva vi må gjere no.

– Vi treng tilpassa planteforedling, men også agronomiske tiltak.

Optimal så-dato

Øygarden seier det er naturleg å samarbeide internasjonalt om klimaspørsmål. I MACSUR samarbeider partnarar med liknande klimaforhold og produksjonsmåtar. Nokon er komen lenger på enkeltområde, då kan andre hente kunnskap frå denne.

Eit område vi forskar på i Noreg er plantevekstmodellar på gras og korn – og korleis klimaendringane med vekslande vinterforhold og auka nedbør vil påverke overvintring av graset, kvaliteten på graset og avlingane til husdyra. Forskarane har også studert kva som vil vere optimal så-dato for vårkorn i eit våtare klima i framtida.

Må ha god helsestatus for mjølkekyr

Noregs miljø- og biovitskapelege universitet (NMBU), som også er med i prosjektet. Forskarane her ser nærare på dyrehelse og utslepp av metangass i husdyrproduksjonen. Den pågåande studien viser klåre effektar av dyrehelse på klimagassutslepp, og at betre helsestatus for mjølkekyr kan ha vesentleg effekt for å redusere klimagassutslepp.
 
Noreg har gode data frå husdyrproduksjon og dyrehelse.

Ikkje krise i sikte med dagens verktøy

Øyvind Hoveid. (Foto: E. Fløistad, NIBIO)
Øyvind Hoveid. (Foto: E. Fløistad, NIBIO)

– Spørsmål knytt til globale forhold, internasjonal handel og forbruksmønster, matvareprisar og politiske avgjersle, vil også ha stor betyding i arbeidet med modellar for klimatilpassing i landbruk og kosthald, fortel Øyvind Hoveid, modelleringsforskar ved NIBIO.

Problemet med mattryggleik er at produksjonen er usikker. Både i Noreg og Europa kjøper ein inn det ein treng frå andre land dersom eigen produksjon skulle svikte. Men når det er svikt i produksjonen i heile verda, har nokon eit problem.

Denne fundamentale uvissa ved biologisk produksjon er det ikkje teke omsyn til i dei store økonomiske landbruksmodellane. Dei støttar seg til den tanken at bonden veit kva han haustar når han sår, men det er ikkje slik det eigentleg går føre seg.

– I utgangspunktet finst det mange vekstmodellar innanfor planteforsking. Desse viser korleis planter veks frå dei er sådd og fram til hausting og er utarbeidd frå svært detaljerte forsøksresultat. Slike modellar kan både bringe fram resultat for storleiken av uvissa og vise korleis ho kan endras med nye sortar og nye dyrkingsmåtar.

Slik kunnskap må inn i dei økonomiske modellane, ifølgje Hoveid.