Oppdrettslaksen gjekk i fella

Store delar av oppdrettslaksen vart stoppa i laksefella i Etneelva, for å hindre at dei blandar seg med villaksen. Forskarane fekk samstundes unike datasett over mengde, storleik, kjønnsmodning og alder på fisken.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Om fella

Fella som er brukt i Etneelva heiter Resistance Board Weir.

Den blei installert i Etnevassdraget i fjor, med midlar frå havbruksnæringa, i samarbeid og med støtte frå forvaltning og det lokale elveeigarlaget.

Havforskingsinstituttet har hatt ansvar for å teste den.

Fella blir brukt til overvaking og fangst av gytefisk i vassdrag. Den blei utvikla i USA for 25 år sidan, og vårt forsøk er fyrste gongen den er testa utanfor Nord-Amerika.

Fella er produsert av Cramer Fish Science, og er eit flyttbart system basert på flyterister som vert plassert ut i elva.

Slike fellar er meint som eit virkemiddel for å få ned mengda oppdrettslaks på villaksen sine gyteplassar. 

Når oppdrettsfisk kjem fram til gyteplassane i elvane, gyt den saman med villfisken. Dermed vert ein stor del av yngelen i elva blanding av oppdretts- og villfisk.

I tillegg til at det påverkar genane til villfiskbestanden i elva, har også dette avkomet lågare overleving enn villfisken.

- Etnevassdraget i Hordaland er eit nasjonalt laksevassdrag, noko som betyr at villaksen skal ha særskilt vern, fortel Øystein Skaala som er prosjektleiar og forskar ved Havforskingsinstituttet.

- I tillegg er den kanskje det største laksevassdraget på Vestlandet.

Undersøkingar viser at 20 prosent av arvematerialet hos laksen i Etneelva kjem frå oppdrettslaks.

Sjå video.

Får unikt datasett

- Føremålet med prosjektet der vi testar fella, er sjølvsagt å sjå om den kan hindre oppdrettslaksen i å symje opp elva, men vi får og nøyaktige data på kor mykje av fisken som er villaks, fortel Skaala.

Forskarane får detaljerte data på mengde, storleik, aldersfordeling og kjønnsmodning på rømt laks, vill laks og sjøaure.

Slike data er heilt nødvendige for å kunne forvalte bestandane av villaks på ein god måte.

- Sidan vi no kan registrere om lag kvar einaste fisk som sym opp elva, blir Etne eit viktig nasjonalt referansevassdrag.

Opplysningane kan til dømes brukast til å sjå på kor sto del av laksen som overlever i sjøen, tilvekst, alder og sjølvsagt kor mykje fisk som er i bestanden.

Sannsynlegvis kan fangstteknologien som vert testa i Etnevassdraget vere til nytte i mange andre vassdrag av middels storleik.

Liten villfisk

Fella var i drift frå 12. april til 24. november i fjor, men hadde i nokre periodar redusert effektivitet.

- Det fins knapt andre vassdrag med så store bestandar av laks og sjøaure der ein i prinsippet kan registrera og analysera kvart einaste individ, fortel Skaala.

Ved hjelp av ytre kjenneteikn, registrerte han totalt 1154 oppvandrande villaks, 922 sjøaurar og 78 oppdrettslaks.

Hos villaksen varierte storleiken frå 0,5 til 12,7 kg. Fisken som berre hadde vore ein vinter i sjø var i snitt 1,6 kg med kondisjonsfaktor på 0,90.

Fisken som hadde vore to år i sjø hadde snittvekt på 3,6 kg og kondisjon på 0,95, medan laksen som hadde vore tre år i sjø i snitt var 6,3 kg med kondisjon på 1,0. 

Kondisjonsfaktor er forholdet mellom vekt og lengde, det er vanleg at den er på rundt 1,0. Er den lågare betyr det at fisken er tynn.

Sein oppdrettslaks

Oppdrettslaksen kom opp i elva noko seinare enn villaksen. Forskarane fekk dermed stadfesta tidlegare registreringar som er noko ufullstendige.

Storleiken på den rømte laksen varierte mykje, frå ca. 40 til 104 cm, noko som tyder på at dei har opphav i ulike rømingsepisodar.

Det vart tatt skjelprøver frå all fisken som vart undersøkt, og i ettertid viste det seg at sorteringa på fella var vellukka.

- Sorteringa på fella viste seg å samsvare godt med resultata frå skjelanalysane, då berre 10 oppdrettslaksar var feilsortert som villaks og tilsvarande var under en prosent av villaksen feilsortert som oppdrettslaks, seier Skaala. 

Sidan 2013 var første prøveår, og eit stort team var under opplæring, er forskarane godt nøgde med dette.

Laksen gjekk i fella

Fangsteffektiviteten vart målt med to ulike metodar for å undersøke kor effektiv fella var.

- All fisk som vart handtert på fella blei påført eit lite, men synleg kutt ytst på finna, slik at vi kunne kjenne denne igjen lenger oppe i elva, seier Skaala. 

Målet var å sjå kor mange umerkte fiskar dei fann for dermed å kunne vurdere kor effektiv fella var. Foreløpige registreringar frå sportsfiskarar viste at av 133 tilbakemeldingar, var 88 prosent merka.

Sidan det også vart gjennomført gytefiskteljing seinare på hausten i samarbeid med Uni-Miljø, gav også dette forskarane høve til å  registrera ”merka” og ”umerka” fisk.

Resultata viser godt samsvar mellom dei to ”kontrollane”, og i tillegg var det nært samsvar mellom talet på registrerte laks i fella og gytefiskteljingane.

Gytefiskteljinga i 2013 registrerte kun sju rømlingar ovanfor fella.

- Også på dette punktet må vi vera godt nøgde, då fella har sortert ut 78 av 85 rømlingar basert på ytre kjenneteikn, seier Skaala.

I tillegg til desse viste skjelanalysane at rundt 10 oppdrettslaksar som morfologisk likna villaks, vart sendt opp i elva

Powered by Labrador CMS