Darwin fordømte slaveriet

Darwin omtalte slavehandelen som ei stor synd. I teorien om artane si opprinning fann han støtte for si moralske fordømming av slaveriet.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Charles Darwin.

Charles Darwin sin grunntanke var at vi alle er ein familie. Svarte og kvite er brødre og søstre, deira blod flyt i våre årer og omvendt. Dette synet var forankra i kristendomen.

– Trua på ei einheitleg menneskeheit var grunnfjellet i motstanden mot slaveriet. Darwin tok denne tanken eit steg lenger og generaliserte til å seie at alt alle levande vesen er brødre og søstre.

– Det at vi alle er knytta saman var eit argument mot slaveri og vondskap, seier Darwin-biografen James Moore, som gjesta Universitetet i Bergen denne veka i samband med Darwin-dagen 2011.

Mennesket Darwin

I 2009, 200-årsjubileet for Darwins fødselsdag, gav Moore, i samarbeid med Adrian Desmond, ut boka Darwin’s Sacred Cause: Race, Slavery and the Quest for Human Origins.

Her vert lesarane kjende med ein annan Darwin, ein mann som ikkje berre var vitskapsmann, men som også hadde eit ektefølt og sterkt engasjement mot dåtidas slaveri.

Darwin-biograf James Moore. (Foto: Åse Johanne Roti Dahl)

– Historia om slaveriet er like kompleks og debattert som historia om Darwin sjølv. Fram til no er det ikkje nokon som har vist den betydelege overlappinga. Historikarar som driv med slaveriet som fagfelt og vitskapshistorikarar har ikkje sett denne samanhengen, seier Moore.

I arbeidet med Darwin’s Sacred Cause las Moore og Desmond seg gjennom tusenvis av brev, skrivne av mellom anna Darwin sjølv og kvinnene i slekta. Desse breva gav forfattarane eit unikt innblikk i det samfunnsmessige engasjementet til slekta til Darwin.

Arveleg belasta

Darwin var arveleg belasta i sitt engasjement mot slaveriet. Begge bestefedrene hans var aktive i motstanden mot slavehandel. Mest bemerka gjorde kanskje likevel kvinnene i familien seg.

– Kvinnene legemleggjorde slekta sin motstand mot slavehandelen. Dei var aktive i komitearbeid, og Wedgewood-slekta på Darwin si morsside hadde jamvel sin eigen antislaveri-komité. Dette var ordkunnige kvinner, eit par dusin kvinner som korresponderte gjennom mengder av brev. Dei var bloggarar av si tid, seier Moore.

Darwin vaks opp i ei tid der kampen mot slavehandelen fekk mykje merksemd i Storbritannia. Engasjementet var større enn kampen mot atomvåpen nokonsinne var i løpet av 1950- og 1960-talet, ifølge Moore. Tusenvis av underskrifter vart samla inn i landsbyar landet over, særleg gjennom kyrkjelydsarbeid, og sendt til Parlamentet.

– Han vart født inn i ei verd den den frikyrkjelege røyrsla stod sterkt og der rasjonell tenking var viktig. Denne tankeretninga såg slaveri som eit brot mot Guds vilje og eit brot mot fornufta, seier han.

Då Darwin seinare kom som ung student til Cambridge møtte han igjen eit miljø med eit sterkt engasjement mot slaveriet.

Gjekk offentleg ut

Sjølv vakta Darwin seg vel for å bruke teoriane sine i nokon kamp mot slaveriet. Også på Darwin si tid var det viktig å ikkje blande vitskap og politikk.

– Vitskap og politikk skulle haldast åtskilt, slik at forskinga ikkje vart farga. Og Darwin vart allereie skulda for å ikkje vere nøytral i forskinga si, seier Moore.

På 1850-talet kom Darwin til eit vendepunkt i forskinga si. Han starta då det han sjølv seinare kalla eit korstog mot den nye og populære forma for naturhistorie som delte menneske inn i ulike artar. Han ville bevise at dette var feil ved å studere utviklinga til husdyr.

Og han nådde målet sitt. Han klarte å vise korleis husdyr kunne utvikle seg i ulike retningar, til trass for eit felles opphav. Dette kunne også generaliserast til menneske.

Men han brukte ikkje denne oppdaginga som eit argument mot slaveriet i bøkene sine, ifølge Moore. Dette ville få heile forskinga hans til å sjå mistenkjeleg ut, som om den var prega av hans ideologiske prinsipp.

Likevel valde Darwin å gå offentleg ut med sitt syn på slaveriet. I 1845 la han til to avsnitt i journalen frå reisa med The Beagle, eit verk som allereie på den tida var mykje lest. Her tilkjennegav han sitt syn på slaveriet etter å ha blitt svært opprørt over nyhende frå USA om at kristne, kvite menn kunne forsvare slaveriet.

– Det får blodet ditt til å koke, sa han den gongen.

26 år seinare, i The Descent of Man, refererer han igjen til slaveriet som ei stor synd.

– Det er ikkje lett å finne denne typen moralske vurderingar i bøker skrivne av evolusjonistar i dag, seier Moore.

Powered by Labrador CMS