Reinare luft, men varmare klode

Reduserte svoveldioksidutslepp frå skipssektoren vil gi færre helseskadar. Men dersom CO2-utsleppa frå sektoren ikkje blir regulerte samtidig, vil sektoren utover i dette århundret ha ein raskt aukande oppvarmingseffekt på klimaet.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

(Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no)

Fakta

Svoveldioksid (SO2) har ein avkjølande effekt på klimaet. Gassen sleppast mellom anna ut ved vulkanutbrot og frå skip.

Den avkjølande effekten har to årsaker:

Den direkte: Av svoveldioksid dannast sulfatpartiklar, som har den eigenskapen at det reflekterer solstråling attende til verdsrommet.

Den indirekte: Svovelpartiklar i atmosfæren dekkast av vatn, slik at det dannast skydråpar. Fleire skydråpar i atmosfæren gjer at mer solstråling reflekterast. I tillegg kan levetiden til skyene auke.

Nitrogenoksid (NOx) kan ha både ein oppvarmande og avkjølande effekt på klimaet, avhengig av kvar den sleppast ut.

Saman med andre gassar kan NOx danne drivhusgassen ozon. Men utslepp av NOx reduserer også levetida til drivhusgassen metan.

På grunn av dei store NOx-utsleppa frå skipstrafikk og ein rein bakgrunnsatmosfære, dominerer effekten av metanreduksjon over ozondanninga. For vegtrafikk er dette motsett.

Shipping kan bli eit viktig tema i klimaforhandlingane i København då EU og fleire andre aktørar ønskjer at shipping og internasjonal luftfart skal med i ein ny klimaavtale.

Desse sektorane er ikkje omfatta av Kyoto-avtalen som gjeld fram til 2012.

Årlege CO2-utslepp frå skipsfart er omlag 30 prosent større enn CO2-utsleppa frå flysektoren. Dette tilsvarer om lag 25 gonger dei årlege norske utsleppa.

På grunn av sterke avkjølande effektar frå andre gassar, har den totale klimaeffekten frå skipssektoren fram til no vore avkjølande. 

Nyleg vedtok Den internasjonale sjøfartsorganisasjonen (IMO) reguleringar for å redusere luftforureininga frå skip. Dette vil endre dagens bilete.

– Fram til no har effekten til CO2-utsleppa i skipssektoren blitt maskert, eller ”skjult”, fordi sektoren også slepp ut svoveldioksid (SO2), som har ein avkjølande effekt på klimaet, seier CICERO-forskar Jan S. Fuglestvedt.

CO2-utsleppa blir ikkje omfatta av dei nye reguleringane, da desse ikkje gir luftforureining. Reguleringane av andre gassar vil derimot gjere CO2-utsleppa meir synlege.

Kjøler ned og varmar opp

Skipssektoren påverkar både luftkvalitet og klimaet: Utslepp av CO2 gir global oppvarming, men store utslepp av svoveldioksid (SO2) og nitrogenoksid (NOx) gir luftforureining og helseskadar.

SO2 har i tillegg eigenskapar som gjer at han verkar avkjølande på den globale temperaturen, og NOx har klimaeffektar som både er oppvarmande og avkjølande.

Fuglestvedt har, saman med kollegaer, studert kva følgjer SO2-reduksjonar vil få for klimaet. Resultata er publiserte i Environmental Science and Technology.

– Resultata våre viser at den totale klimaeffekten frå skipssektoren seinare i dette århundret vil gå frå å vere avkjølande til å bli oppvarmande, seier Fuglestvedt.

– Slik får sektoren ein “dobbel oppvarmingseffekt”: Ein frå CO2, og den andre frå minska avkjølingseffekt på grunn av SO2-reduksjonar.

Helseskadar

(Foto: www.colourbox.no)

Fuglestvedt kan likevel ikkje seie at reguleringane er ukloke:

– SO2 og NOx har ei rekke miljøeffektar. Utslepp av desse gassane skaper lokal og regional luftforureining som kan medføre skadar både på folk si helse, avlingar og bygningar, seier han.

Det er tidlegare blitt estimert at mellom 20 000 og 104 000 menneske årleg døyr for tidleg på grunn av luftforureining frå skipssektoren. Talet vil reduserast med dei nye reguleringane.

SO2 kan også ha andre effektar på klimaet enn å redusere global middeltemperatur, ifølgje Fuglestvedt.

– Svoveldioksid bremsar global oppvarming, men gassen forstyrrar eit naturleg system til dømes ved å endre vatnet sitt kretsløp og vindmønster. Dette kan ha uheldige verknader.

Den internasjonale sjøfartsorganisasjonen (IMO) diskuterte reguleringar av SO2 og NOx i over ti år. Reguleringane vart vedtekne hausten 2008.

Powered by Labrador CMS