På trøffeljakt i undergrunnen

Tre artar som ikkje er funne i Noreg tidlegare, er resultatet så langt for trøffeljegerane frå Naturhistorisk museum. Men delikatessen sommartrøffel manglar førebels enno.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Blåsvart løpekule er berre funnen ein gong tidlegare i Noreg, i 1959. Foto: Anne Molia, NHM/UiO

Vil du bidra?

Du kan kontakta Anne Molia på 915 99 764 eller anne.molia@nhm.uio.no.

Les meir om prosjektet

− For oss er det den faglege interessa som er viktigast. Trøflar i Noreg finst det lite kunnskap om, seier fungerande prosjektleiar Anne Molia frå Naturhistorisk museum (NHM).

− Det alle lurer på, er om vi finn dei delikate mattrøflane, men så langt må vi dessverre svara nei.

30 000 per kilo

Det er gjerne mattrøflar ein tenkjer på når ein snakkar om trøflar i daglegtale. Dei tilhøyrer slekta Tuber, og er kjent som smakstilsetning alt hjå aristokratane i Egypt, Hellas og Roma.

Den dag i dag er trøffel ei kostbar glede. Sommartrøffelen som Molia drøymer om å finna, kostar 5000 kroner pr kilo, medan dei dyraste artane kan koma opp i over 30 000.

Ved sida av prisen bidreg dei påståtte afrodisiske eigenskapane til å hylla trøffelen i eit mytisk slør. Ein treng ikkje spesielt skiten fantasi for å sjå at trøflane kan minna om testiklar i form og storleik, og dei pirrande assosiasjonane kjem nok av det.

Uimotståeleg duft

Anne Molia krafsar etter trøffel. Foto: Anders K. Wollan, NHM/UiO

For Molia har trøffel ei vidare tyding, og omfattar alle typar underjordisk sopp. Saman med kollegane Anders K. Wollan og Karl-Henrik Larsson frå NHM har ho fått støtte frå Artsdatabanken til å kartleggja slike sopp i prosjektet ”Trøffeljakt i Noreg”.

Desse soppane har gått under jorda som ei tilpassing til turke, men dermed har dei òg fått behov for ein annan type sporespreiing enn gjennom lufta.

Løysinga er å gje frå seg ei duft som er uimotståeleg for dyr.

Dyra grev opp soppen og et den, og når sporane kjem ut i andre enden, har spreiinga skjedd. Ulike artar trøffel tiltrekkjer seg ulike dyr.

Ny art

− Derfor er det mykje lettare å trena opp hundar til å leita etter trøflar enn å leita etter t.d. narkotika eller kantarellar. Det er naturleg hjå dei, forklarar Molia.

− Det viktigaste å læra ein trøffelhund er faktisk at den ikkje skal eta opp det den finn!

Trøffeljegerane får god hjelp av frivillige. Prosjektet har halde ein workshop om trøflar og trøffeljakt i Nesset i Møre og Romsdal, og det var faktisk der den eine nye arten vart funnen.

Hagekrafse på skogstur

− Men det er jo lettare å få hjelp av publikum med artar som er synlege. Å leita etter trøflar er litt som blindebukk. Ein trøffeljeger må læra seg å lesa dyrespor og skaffa seg god økologisk kunnskap, seier Molia.

− Og så er det jo ikkje alltid ein har med seg hagekrafse på skogsturen, smiler ho, og legg til at det er lett å sjå at folk med litt trening gjer fleire funn enn nybyrjarar.

I tillegg til dei tre nye artane har trøffeljegerane gjort to nye funn av ein art som berre er funnen ein gong tidlegare i Noreg, så langt tilbake som 1959. Molia er likevel ikkje heilt fornøgd.

Varm og turr haust

Trøffelhunden Lello i aksjon. (Foto: Anne Molia, NHM/UiO)

− Sidan trøflar er tilpassa turke, vil vi både finna fleire artar og fleire individ av kvar art når hausten er varm og turr. Men det er ikkje varme og turke som har kjenneteikna hausten i år, seier ho.

Draumen er at ein betre haust i 2012 skal få den ettertrakta sommartrøffelen opp i dagen.

− Den finst på Øland og Gotland, i Danmark, Tyskalnd og Polen. Vi håpar at vi skal finna den her til lands òg, om vi leitar på dei rette stadene – og har litt flaks.

Powered by Labrador CMS