- Ein gjennomgang både av den siste artikkelen som ho nemner og tidlegare artiklar i saka, viser at Uniforums dekning av saka har vore prega av god og grundig journalistikk og at alle stemmer har fått sleppa til, skriv Martin Toft. (Foto: Bjørn Sigurdson / NTB scanpix)

Debattinnlegg: - Heldigvis er ikkje Kristin Halvorsen ansvarleg redaktør for Uniforum

Og heldigvis er ho heller ikkje HR-direktør ved Universitetet i Oslo.

Styreleiar Kristin Halvorsen ved Naturhistorisk museum kjem i eit lesarinnlegg med eit åtak på Uniforums dekning av varslingssaka på museet. Ho er også så frimodig at ho foreslår si eiga vinkling på korleis Uniforum burde ha omtalt saka.

Heldigvis er ikkje Kristin Halvorsen ansvarleg redaktør for Uniforum. Og heldigvis er ho heller ikkje HR-direktør ved UiO. For ho har omtalt varslingssaka på Naturhistorisk museum som «den såkalte varslingssaken ved NHM». Det tyder på at ho har ein heilt annan definisjon av kva som er ei varslingssak, enn det UiO-leiinga har. 

Arbeidsmiljølova gir også tilsette rett til å varsla om dei finn noko kritikkverdig på arbeidsplassen, men dei må fylgja retningslinjene. Rapporten konkluderer med at varslaren har avdekt kritikkverdige ting, men vedkomande har gjort det på ein uforsvarleg måte. Forskarforbundet og NTL gjekk tidleg ut og tok varslaren i forsvar og kritiserte museumsdirektøren for å ha hatt private notat om tilsette liggjande ope tilgjengelege på kontoret sitt.

I lesarbrevet gir Kristin Halvorsen uttrykk for at ho hadde håpa at saka ville bli dekt på ein balansert måte nettopp fordi Uniforum hadde fått tilgang til innhaldet i varslingsrapporten frå Universitetet i Oslo. Ein gjennomgang både av den siste artikkelen som ho nemner og tidlegare artiklar i saka, viser at Uniforums dekning av saka har vore prega av god og grundig journalistikk og at alle stemmer har fått sleppa til. 

I den siste artikkelen har Uniforum med den kritiske omtalen av både museumsdirektøren og varslaren allereie i ingressen. «NHM-direktør Tone Lindheim har opptrådt «klart kritikkverdig» og ikke «spesielt klokt», slås det fast i UiOs varslingsrapport. Varsleren går heller ikke fri fra kritikk». 

Rett og plikt å skriva om saka

Kristin Halvorsen peikar på at saka også har «vært til belastning for de ansatte ved Naturhistorisk museum.» Det kan me godt forstå, men det er ikkje på grunn av Uniforums dekning av saka. Når dei private notata til museumsdirektør Tone Lindheim med ganske ufin omtale av medarbeidarane sine, blei tatt så alvorleg av UiO-leiinga at dei handterte det som ei varslingsssak,  er det Uniforums rett og plikt å skriva om det. Og når den ferdige varslingsrapporten ligg føre, og me får lesa hovuddelen av innhaldet, er det også avisa sin rett og plikt å skriva om både det som handlar om varslaren og det som handlar om museumsdirektøren, og då gjeld det både det som taler for og imot begge partar. Det kjem også klart fram i første delen av artikkelen etter ingressen:

«Både museumsdirektør Tone Lindheim og den anonyme varsleren som spredte notatene hennes, kommer relativt dårlig ut i UiOs rapport etter varslingssaken på Naturhistorisk museum. Det samme gjør den angivelige personen som fant Lindheims dokumenter på hennes kontor, og ga dem til varsleren. Det dreier som om brudd både på taushetsplikten og straffeloven.»

Hovudkonklusjonane i rapporten, som også Kristin Halvorsen listar opp i lesarbrevet sitt, er også med i byrjinga av Uniforums artikkel om rapporten. I resten av artikkelen har Uniforum-journalisten skrive punkt for punkt om konklusjonen i rapporten. Det kjem også tydeleg fram at den som tok dei aktuelle papira til Tone Lindheim med omtale av dei tilsette, har brote straffelova sin paragraf 209 ved å vidareformidla opplysningane til varslaren. Også at straffelovas paragraf 343 og 345 er brotne ved at dokumenta blei fjerna frå kontoret til direktøren, kopierte og så blei overrekte til ein annan person, er grundig omtalt i Uniforum-artikkelen frå 12. januar.

Sjølvsagt har Uniforum også tatt med kritikken av Tone Lindheim, som går ut på at ho hadde brote teieplikta ved å ha dokument med opplysningar som er underlagt teieplikt, usikra på kontoret sitt. 

Innlegget var fyrst publisert på Uniforum.

Powered by Labrador CMS