Annonse
Fleire slags forskarar og skribentar vil bli knytt til Noregs musikkhøgskole sitt historieprosjekt. (Foto: NMH)

Forskar på historia til Musikkhøgskolen

I 2023 fyller Noregs musikkhøgskole 50 år. Eit omfattande historieprosjektet skal bidra til jubileet med forsking på og dokumentasjon av verksemda til institusjonen gjennom mange år.

Kva krefter var avgjerande for at vi fekk ein statleg norsk musikkhøgskole i 1973, 90 år etter at Lindemans organistskole starta opp i 1883? Kor stor plass har undervisning, utøving og ulike sjangrar hatt i musikkutdanninga opp gjennom historia? Korleis har dei mest kjente norske musikarane prega skolen, og kva har vore hjartesakene til leiarane? Dette er nokre av spørsmåla som er sentrale for arbeidet fram mot 50-årsjubileet i 2023.

Målet for prosjektet er å få fram forsking om og dokumentasjon av historia til NMH og å sjå på korleis verksemda har hatt med musikkutdanningshistorie generelt å gjere – frå slutten av 1800-talet av, med vekt på dei siste 50 åra.

Les meir på nettsidene til NMH

Powered by Labrador CMS