Professor Tina Søreide og førsteamanuensis Malin Arve er to av NHH-forskarane som får finansiert nye prosjekt med midlar frå Konkurransetilsynet. (Foto: NHH)
Professor Tina Søreide og førsteamanuensis Malin Arve er to av NHH-forskarane som får finansiert nye prosjekt med midlar frå Konkurransetilsynet. (Foto: NHH)

NHH-forskarar får pengar frå Konkurransetilsynet

Malin Arve og Tina Søreide er to av NHH-forskarane som no får forskingsmidlar frå Konkurransetilsynet.

Det er totalt fem prosjekt innan konkurranserett og konkurranseøkonomi som får stønad. Konkurransetilsynet tildeler til saman 4,8 millionar kroner i forskingsmidlar.

– Vi har teke imot ei rekke gode søknader frå anerkjente forskingsmiljø. Forskingsmidlane som vil bidra til auka kunnskap på fagområda og styrke dei forskingsmiljøa som gjer vurderingar av konkurransemessige problemstillingar, seier juridisk direktør Karin Stakkestad Laastad i ei pressemelding.

Saman med mellom anna sjeføkonom Kurt Brekke, har ho vurdert søknadane. Dei tre prosjekta som går til NHH-forskarar, er lagt til Samfunns- og næringslivsforskning (SNF) ved NHH.

Les meir om prosjekta på nhh.no.