Musikkprofessor Mattis Kleppen imponerer med sitt unike bass-album, som er eit kunstnarisk utviklingsarbeid. Men publikasjonspoeng for albumet får han ikkje – førebels. (Foto: Bjørnar Leknes)

Musikkprofessor vil løfte kunstnarisk forsking

I teorien er kunstnarisk utviklingsarbeid sidestilt med forsking i akademia. Men i praksis er det andre tonar.

Mattis Kleppen er professor i musikk ved Nord universitet. Han er også ein anerkjent og prisløna artist av stort format. Nyleg vart han heidra med Folkelarm-pris for plata «Bassgitar», som er eit pionerarbeid for bassgitaren som et solistisk instrument.

– Folkelarm-prisen er den aller gjævaste prisen og betyr mykje for meg, seier Kleppen.

– Dette er ein reinhekla folkemusikkpris. Det fortel at folkemusikkmiljøet synast det er veldig bra at ein held på med folkemusikk, sjølv om ein ikkje spelar eit tradisjonelt instrument. Forutsett at ein gjer det ordentleg sjølvsagt, seier han med eit smil.

Det spesielle er at albumet er eit resultat av kunstnarisk utviklingsarbeid, og altså som forsking å rekna. Likevel blir ikkje slik forsking verdset med vitskapelege publiseringspoeng. Og dermed heller ikkje tatt med i betraktning når universiteta og fakulteta skal gjera opp sit forskingsreknestykke.

– Det må da ha ein verdi for universitetet at noko som har vore forskingsarbeid får anerkjenning i det utøvande feltet. Det er jo lakmustesten på om det held mål, seier Kleppen.

Og Kleppen er ikkje aleine om å ha sterke meiningar om dette temaet. Men sjølv om det er fleire som har jobba med å gjere kunstnariske utviklingsprosjekt til poenggivande forsking, er det framleis ingen institusjonar i Noreg som har klart å bli einige om modell og kriterium.

Les meir på nettsidene til Nord universitet.

Powered by Labrador CMS