For meir enn 25 år sidan oppdaga forskarar at grana har eit slags minne. (Foto: Shutterstock / NTB scanpix)
Bakgrunn: Julegrana og dinosaurane levde side om side
Grana er i ein stadig kamp for å overleve. Men treet hugsar tidlegare angrep og har nokre triks på lur.
NIBIO
Siri EliseDybdalfrilansjournalist
Publisert
Artikkelen er produsert og finansiert av NIBIO - Les mer
Fact: Click to add text
Grana er eit utsett treslag som slåss mot insekt og sopp.
Heldigvis har grana nokre overraskande knep i bakhand som sender fiendane på dør, fortel seniorforskar og granekspert Paal Krokene frå Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO).
– Grana tilhøyrar ei veldig gamal plantegruppe som hadde stordomstid då dinosaurane regjerte. Gran og andre bartre er altså eitt slags urtre.
Veldig få bartreartar har overlevd til i dag, men blant dei som har klart det, finn vi nokre av dei viktigaste plantene i verda, opplyser Krokene.
Han fortel at bartre kan leve i hundrevis av år og er rekordhaldarar blant plantene på volum, høgd, omkrins og alder. Den eldste organismen i verda er ei furu som er 5069 år gamal, og i Noreg finst det i dag grantre som er over 500 år gamle.
– Bartrea ser rett og slett ut til å ha knekt koden til evig liv, seier granforskaren.
I Noreg har vi granskog heilt til Finnmark i nord og arten er det viktigaste skogstreet i store delar av landet.
I tillegg er grana det treslaget som har mest å seie økonomisk både i Noreg og ute i verda. Dette er ikkje ei lita bragd for eit gamalt og primitivt treslag som vert angripe frå ulike hald.
– Grana har mange utfordringar. Den klassiske fienden er sjølvsagt granborkbille. På verdsbasis drep borkbiller fleire bartre enn alle andre skadeårsaker til saman. Desse små billene er verre enn både brann og alle andre sjukdomar, seier Krokene.
Han fortel at granborkbilla er spesialist på å drepe gran. Billa formeirar seg opp over nokre år i vindfallet etter ein storm, slik som ein såg etter orkanen Gudrun som råka Sverige i 2005. Når populasjonen er stor nok, går borkbillene til angrep også på ståande tre.
– Det er sjølvsagt ein formidabel jobb å drepe eit digert grantre for nokon som berre er på størrelse med eit riskorn, men billene angrip saman i store grupper. I løpet av nokre få dagar kan fleire hundre av dei bora seg inn i barken, seier forskaren.
Han forklarar at når dei fyrste borkbillene entrar treet, produserer dei spesielle duftstoff, såkalla feromon, som lokkar andre biller til staden. Effekten av alle åtaka kan bli for mykje for forsvaret til treet, som blir overmanna i løpet av kort tid. Billene har også med seg sopp som dei smittar treet med.
– Borkbilla er som ein buss som stansar og så hoppar det ut ein skiten gjeng med passasjerar i form av bakteriar, midd og sopp som et seg inn i treet.
Annonse
Men sjølv om billa gjer mykje skade som gir store økonomiske ringverknadar i mange land, er det likevel nesten alltid trea som vinn. For grana har nokre snedige forsvarsmekanismar på lur som gir billene store problem.
Faktisk er det grana si hukommelse som kjem til unnsetning. For meir enn 25 år sidan oppdaga forskarar ved NIBIO at grana har eit slags minne.
Tre som har blitt utsett for angrep tidlegare, «hugsar» kva som har skjedd og set i gang prosessar som sender angripande borkbiller rett ut att.
Han forklarar at grana har to typar forsvar mot insekt og sjukdommar. De har eit forsvar som er aktivt heile tida - mellom anna den karakteristiske kvaa som er lagra i kanalar i barken og veden, og som piplar ut om treet vert såra.
Grana har og eit mobiliseringsforsvar som vert aktivert først når treet blir angripe. Her inngår mobilisering av eksisterande forsvarsceller og danning av nye kvaekanalar i veden.
I tillegg til dette synlege forsvaret har Krokene og medarbeidarane hans nyleg oppdaga at grana har ei form for usynleg langtidsrespons. Det er her dei trur det molekylære minnet kjem inn i biletet og fortel treet at det må produsere meir kvae kjapt.
– Forskinga vår viser at grantreet blir særs motstandsdyktig, ja nærast immunt mot borkbilleangrep dersom det har vorte vaksinert med plantehormonet metyl-jasmonat nokre veker tidlegare.
I forsøk såg forskarane at tre som var vaksinert, produserte 60 gongar så mykje kvae som urørte tre når det vart laga sår i barken. Denne voldsame reaksjonen skjedde svært fort, i løpet av berre 24 timar. Tre som var behandla med metyl-jasmonat, men som ikkje vart såra, hadde like lite kvae som tre som ikkje var vaksinerte.
– Tre som har vore stressa tidlegare, reagerer svært fort og set i gang prosessar vi ikkje veit kva er, men dei blir mykje meir motstandsdyktige, fortel NIBIO-forskaren.
Men ifølgje Krokene er det vanskeleg å forstå dei molekylære mekanismane i gran, mellom anna fordi gensettet til grana er så enormt stort, heile sju gonger større enn hjå menneske.
– Vi veit likevel mykje meir om juletreet i dag enn det vi gjorde for 20 år sidan, seier Krokene.
Slik kunnskap kan bli viktig for å ta vare på skogen i eit endra klima, der gamle problemarter som borkbillene kan bli enda meir problematiske.
Han påpeiker at det er særs viktig å beskytte skogen, ikkje berre av omsyn til skognæringa, men også fordi skogen er viktig for rekreasjon og miljø.
– Sjå til dømes kor mykje folk som brukar skogen i Nordmarka utanfor Oslo. Granskogen kan dessutan bli ei gullgruve for bioøkonomien framover. Det kan vere mykje pengar å tene på å utnytte biomassen i skogen på nye og meir effektive måtar. I tillegg er grantrea som karbonfestningar å rekne og viktige for binding av karbon frå atmosfæren, påpeiker graneksperten.
Han legg til at heldigvis skal ein leite lenge etter eit meir tilpassingsdyktig tre enn grana, så oddsa er gode.
– Det er nok ingen fare for at vi skal mangle juletre i overskodeleg framtid, seier Krokene.
Paal Krokene: Conifer Defense and Resistance to Bark Beetles. I boken Bark beetles: biology and ecology of native and invasive species. Elsevier Academic Press, 2015. DOI: 10.1016/B978-0-12-417156-5.00005-8. Sammendrag.