Australia dumpar Kyotoprotokollen

Kyotoprotokollen om klimaendring gjekk på ein kraftig smell onsdag, då Australia slo seg saman med USA i open opposisjon mot traktaten. Dette trass i at Australia signerte for berre sju månader sidan.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

I følgje Kyotoprotokollen må industrialiserte nasjonar kutte utsleppa med gjennomsnittleg fem prosent før 2012, samanlikna med 1990. Men 55 industrinasjonar som produserte 55 prosent av CO2-utsleppa i verda i 1990 må ratifisere traktaten for å gjere den bindande.

- Vi vil miste arbeidsplassar

Australia er verdas største eksportør av kol, og nektar no å ratifisere Kyotoprotokollen, som skal avgrense utsleppa av CO2 og andre såkalla drivhusgassar.

- Det er ikkje i Australias interesse å ratifisere Kyotoavtalen. Protokollen vil koste oss arbeidsplassar og skade industrien, sa statsminister John Howard til parlamentet i Canberra på onsdag.

Denne kunngjeringa kom på verdas miljødag, dagen etter at Japan ratifiserte avtalen, og fem dagar etter at landa i EU ratifiserte avtalen i fellesskap.

Lobbyaktivitet frå gruveindustri og USA

At Australia no dumpar Kyotoavtalen kjem i kjølvatnet av intenst loybbyaktivitet frå gruveindustrien i landet, og i følgje New Scientist, også frå USA. Til no har nemleg USA vore det einaste industrilandet i opposisjon til protokollen.

Statsminister Howard hevdar at Australia vil oppleve å miste arbeidsplassar fordi kolbaserte industriar vil reise til utviklingsland, som ikkje får restriksjonar på utslepp av drivhusgassar.

Ironisk nok fekk Australia den meste sjenerøse målsetjinga for utslepp av drivhusgassar i den endelege Kyotoprotokollen. Landet skulle få ha ein auke av utsleppa på åtte prosent mellom 1990 og 2010. Gjennomsnittsmålet for industrilanda var eit kutt på fem prosent.

Lange forhandlingar

Sidan 1997 har landa som er involvert i protokollen vore i lange forhandlingar om fleksibilitetsmekanismar, som å kunne handle med utsleppskvotar og å plante skogar. Desse forhandlingane såg ut til å vere ein suksess i november 2001, då alle industrialiserte land utanom USA gav si støtte til den endelege avtalen.

Protokollen kan tre i kraft utan USA og Australia. Kravet om at industriland ansvarlege for 55 prosent av utsleppa må ratifisere, kan bli nådd dersom for eksempel Russland og Polen slenger seg på lasset. Men det at Australia nektar gjer det meir sannsynleg at også Canada får kalde føter.

Heller med på amerikansk klimaplan

Den australske regjeringa underteikna i slutten av februar ein avtale om eit klimasamarbeid med USA knytt til forsking, tiltak i industrien og samarbeid med utviklingsland. Miljøvernminister David Kemp uttrykte samtidig støtte til ein ny klimaplan frå Bush.

I mars 2001 trakk USA seg frå Kyotoprotokollen. I ferbruar i år la president Bush fram ein alternativ plan for klimapolitikken. Denne planen seier at USA bør sleppe ut stadig mindre klimagassar per dollar dei neste ti åra, mens det viser det at utsleppa per dollar har gått ned gjennom heile 1990-talet, i same tempo som Bush planlegg i den nye planen. USA står for rundt ein fjerdedel av utsleppa av klimagassar i verda.

- Målet for presidentens klimapolitikk svarer nøyaktig til det som skjedde på 1990-talet utan den nye klimapolitikken, seier økonom Fredric C. Menz som er gjesteforskar ved CICERO. Han har finlest forslaget frå president Bush.

- Ikkje utan at USA blir med

No seier statsminister John Howard at Australia ikkje vil vere med på Kyotoprotokollen utan at USA er med.

Fleire statsleiarar har sett seg som mål at avtalen skal tre i kraft til FNs toppmøte om bærekraftig utvikling (Rio +10), som finn stad i Johannesburg, Sør-Afrika, frå 26. august. Det kan sjå ut til at det skal holde hardt.

Til no har berre industrilanda Tsjekkia, Romania, Slovakia, Island, Noreg og Japan, samt dei 15 medlemslanda i Europa fullført ratifiseringsprosessen. Ei rekke utviklingsland har allereie ratifisert, og det er venta at fleire vil kome etter.

Men for at avtalen skal tre i kraft er ein no avhengig av at Russland ratifiserer. Senter for klimaforskning har laga ein eigen Kyotokalkulator, der du kan sjekke kven som må vere med for at Kyotoprotokollen skal tre i kraft.

I Russland går det sakte

Russlands statsminister og president seier landet vil ratifisere protokollen, men det er uklart når dette kan skje. Tidlegare har russiske leiarar sagt at landet kan kome til å stille som krav at EU og Japan må love å kjøpe utsleppskvotar som Russland har til overs. Ein viktig russisk politikar har nylig sagt at det er lite sannsynleg at Russland ratifiserer avtalen før slutten av 2002.

Motbør i Canada

Canada har også varsla at landet vil ratifisere avtalen. Men forslaget møter sterk motstand frå store delar av næringslivet og enkelte av provinsregjeringane. Dei fryktar at partnerane i den nordamerikanske frihandelsavtalen (NAFTA) - USA og Mexico, som ikkje er bundne til å avgrense sine utslepp, vil vinne marknadsdelar frå canadisk industri.

Kjelder:

Cicero
New Scientist

Linkar:

Kyotoprotokollen med norske kommentarer
Kyotoprotokollen
Oppdatert liste over kven som har ratifisert avtalen til no
FNs rammekonvensjon om klimaendringer
Pressemelding om Noregs ratifisering

Powered by Labrador CMS