Nordpolen "live" på Internett

Forskarar har sett frå seg eit kamera like ved Nordpolen. Det er kopla via satellitt til Internett, og gjer det mogeleg for forskarar - og kven som helst andre - å følgje med forholda på toppen av kloden.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Frå våren 2000 har ei internasjonal forskargruppe gjennomført årlege ekspedisjonar til Nordpolen i april månad, for å ta pulsen på det arktiske hav, og for å lære korleis det nordlegaste havområdet i verda er med på å regulere det globale klimaet.

North Pole Environmental Observatory

Forskarane har etablert ei gruppe ubemanna vitskaplege plattformar som til saman blir kalla eit observatorium. Dei forskjellige apparata samlar inn data frå vêrforhold til saltinnhaldet i vatnet og tjuknaden på isen. Kameraet skal mellom anna følgje med på snødekket, veret, og status for utstyret som er utplassert.

Kameraet er plassert ved sidan av nokre instrument på eit isflak eit stykke unna den faktiske nordpolen. Desse skal måle forhold på isen, i havet og i lufta. Instrumenta er altså synlege i bilderamma.

Isflaket som alt er festa på driv med vinden, slik at lokaliseringa av kameraet (lengdegrad og breiddegrad) endrar seg kvar dag, i det isflaket driv med straumen. Men kameraet peikar nordover, så når du ser på bileta ser du mot nordpolen.

Fire bilete om dagen

"Ved å studere bileta frå Nordpolen på Internett, kan du sjå korleis veret varierer..."
"Ved å studere bileta frå Nordpolen på Internett, kan du sjå korleis veret varierer..."

Slik det er stilt inn no, tek kameraet fire bilete om dagen og blir oppdatert kvar sjette time, men det kan fjernstyrast til å zoome inn dersom det skulle skje noko uvanleg (kanskje julenissen susar forbi), eller til å ta bilete oftare.

Prosjektet har som mål å finne ut meir om dei viktige endringane i det arktiske veret, havstraumane og isen dei siste tiåra.

Nordpolkameraet heiter NOAA North Pole Web Cam, og du finn det på nettsidene Arctic theme page

Fakta

NOAA er det amerikanske National oceanic and atmospheric administration, og NOAA North Pole Web Cam er ein del av Noth Pole Environmental Observatory, eit fellesprosjekt sponsa av National Science Foundation og utført av Polar Science Center ved University of Washington, NOAA, Japan Marine Science and Texhnology Center, Oregon State University og den amerikanske hærens Cold Regions Research and Engineering Laboratory.

Powered by Labrador CMS