Innebygd klokke måler alder til menneskeleg vev

Ny modell kan medverke til å forklare kvifor nokre kroppsvev er meir utsette for å få kreft.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Ny metode kan fortelje alderen kroppens ulike vevstypar. (Foto: UCLA/Horvath lab)

I samarbeid med:


 

Denne saken er produsert av NRK.

Mens nokre av oss får rynker og grått hår tidleg, ser andre uforskamma unge ut ved same alder. Dei ytre bevisa på alder er ikkje særleg presise, og endå verre er det å slå fast innvendig alder.

No har ein amerikansk forskar ved University of California, Los Angeles (UCLA), utvikla noko som kan bli eit objektivt mål for alderen til menneskeleg vev og celler.

Professor Steven Horvath ved David Geffen School of Medicine, UCLA, har funne ei biologisk klokke innebygd i arvematerialet vårt som viser at nokre vevstypar eldast raskare enn andre.

– Mitt mål med å finne opp denne klokka er å hjelpe forskarar til større forståing for kva som gjer at kroppens aldringsprosessar enten set opp farten eller bremsar opp, seier Horvath i ei pressemelding.

_____________________

Les hele saken på NRK.no

Powered by Labrador CMS