I februar i 2015 leikte den syriske flyktningen Mardin (5 år) i ein flyktningleir i Tyrkia. I dag har ho kanskje allereie funne seg til rette i sin barnehage. (Foto: Magnus Wennman / Aftonbladet / NTB scanpix)

Kronikk: Dei yngste flyktningane fra Syria går no i barnehagar over heile Norge

Dei må tilpasse seg mykje nytt i den norske barnehagen, men barnehagen må òg tilpasse seg desse barna og foreldra deira, skriver Anne Grethe Sønsthagen i denne kronikken.

Tekst «utan grenser»

Teksten er del av ein serie trykt i lokalavisene Firda og Sogn Avis i samband med Forskingsdagane 2016, som har temaet «Utan grenser». Forfattarane er forskarar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og Vestlandsforsking.

«Eg hugsar huset vårt og leikene våre. Mitt hus hadde same farge som sukker. Vi flykta om natta. Mamma sa at eg skulle pakke ei veske til Tyrkia. Eg visste ikkje kva Tyrkia var. Vi forlét huset og flykta mot grensa. Det var kaldt, vi pakka oss inn i tepper. Det einaste vi åt var brødskiver».

Dette er orda til Mardin på 5 år. Den svenske fotografen Magnus Wenneman, som har skildra sovande barn på flukt, møtte ho og familien i Tyrkia, like over grensa frå Syria. Mardin skildrar ei oppleving av plutseleg å bli riven vekk frå alt som er kjent og kjært. Frå huset sitt, frå leikene sine og heimstaden sin. Samtidig flykta familien for ein grunn – bomber rundt huset og ei konstant frykt for sine eigne liv. Flukt vart einaste løysing, sjølv om ingen visste kor flukta skulle føre dei.

Barn som har mista heimen sin, som Mardin, har ei sterk forhistorie som dei tek med seg vidare i livet. Nokre av desse ungane kjem til Noreg og byrjar i barnehagen; kanskje har Mardin allereie funne seg til rette i sin barnehage. Personalet må arbeide for at desse barna og familiane deira, i likskap med alle barn og foreldre i barnehagen, kjenner seg sett, inkludert og verdsett, som er viktig for at dei kan finne seg til rette og føle seg trygge.   

Misforståingar og kultur

Mardin har byrja i barnehagen og for foreldra er det viktig at ho ser presentabel ut når ho er utanfor heimen. Då representerer ho familien og mora brukar derfor mykje tid på å gjere Mardin klar for barnehagen. Ho kler ho i nykjøpte, kvite sko og blondekjole, flettar håret hennar og leverer ho i barnehagen. Når mora kjem tilbake, finn ho desse kleda i ein pose, mens Mardin har på seg ein joggedress frå barnehagen si ‘lånekasse’. Pedagogisk leiar gir beskjed om at ho ikkje kan sende Mardin i barnehagen med så upraktiske klede; ho treng klede som ho kan vere ute i, leike i og søle med. Mora står forfjamsa igjen, med ei kjensle av å ha gjort noko feil utan å heilt forstå kva. 

Dette er eit eksempel på misforståingar som fort kan oppstå i barnehagen. Foreldre med ulike kulturelle bakgrunnar, har kanskje eit anna syn på barn og oppseding, kva ein barnehage er og skal vere, korleis barn lærer. Den norske barnehagen er ofte, naturleg nok, sterkt styrt av ‘norske’ tradisjonar og kultur, med eit nordisk syn på barn, leik og læring som kan stå i kontrast til synet mange foreldre som kjem til Noreg har.

I barnehagen står ofte læring gjennom frileik og uteaktivitet sterkt. For mange utanfor Norden kan dette virke noko uforståeleg. Dei kan komme frå ein tradisjon der ein har eit meir skuleretta fokus på læring, der ungane lærer det dei treng for å klare seg fagleg, og tenkjer at den norske barnehagen har vel mykje fokus på leik.

At ungane skal vere ute i all slags ver og temperatur kan òg for mange virke noko merkeleg. Rammeverket til barnehagen framhevar foreldra si viktige rolle i deira barn sitt liv. Innhaldet i barnehagen skal skje i samarbeid og forståing med heimen. Dette understrekar kor viktig det er med ein open, gjensidig dialog mellom foreldre og barnehagepersonale.

Lytt, still spørsmål og sett eigne perspektiv til sides

Korleis kan personalet få til denne opne, gjensidige dialogen og sikre at inkludering blir ein tovegsprosess? Jo, gjennom å lytte, stille spørsmål og sette si eiga forståing og sine eigne perspektiv til sides for ei stund og prøve å sette seg inn i Mardin og foreldra si verd, samtidig som ein informerer om korleis den norske barnehagen er og kva personalet forventar av foreldra. Inkludering er ein tovegsprosess der begge partar må arbeide for å tilpasse seg den andre. Det krev kulturkompetanse hjå dei som jobbar i barnehagen, og ei evne til å sjå utover seg sjølv og si eiga forståing av verda.

Ei løysing på eksempelet over, kunne då ha vore at pedagogisk leiar tok seg tid til ein samtale med mora. Kanskje ville pedagogen forstå at det låg ei djupare meining bak klesvalet – at dei fine kleda var eit uttrykk for respekt. Mora ville på si side kunne få vite kva ungane driv med i ein norsk barnehage, og kvifor dette kanskje krev litt andre klede enn det ho hadde tenkt.

Denne gjensidige dialogen er ein krevjande prosess, som gjer at ein må arbeide med eigne haldningar, verdiar og grunnleggjande forståing som ligg så naturleg og ofte urokkeleg hjå oss.

Det handlar ikkje om å kaste vekk alt ein allereie gjer og fokuserer på i barnehagen; nei, det handlar om å vise Mardin og foreldra den tilliten og forståinga dei faktisk har rett på som likeverdige partar i forholdet mellom heim og barnehage.

Alle har godt av å heve blikket

Samtidig som barnehagen må gi foreldra den kunnskapen dei treng om den norske barnehagen, er det viktig å gi Mardin rettleiing og hjelp i å forstå korleis ein barnehagedag fungerer, korleis ho kan komme inn i leik med dei andre ungane og kva som blir forventa frå dei vaksne.

Når styraren eller pedagogen skal møte foreldra som er nye både i landet og i barnehagen, er det ein ting som er viktigare enn alt: at personalet unngår ein informerande monolog, ein straum av velvillige råd og fakta om innhald, planar, turklede og matboks. Det må vere rom for at Mardin og foreldra blir høyrde, at deira tankar blir tekne med. Personalet bør reflektere over vanene, tradisjonane og gjeremåtane dei kanskje tek for gitt. Kan hende ein og annan ting endrast litt, i takt med at samfunnet blir meir mangfaldig?

Det er mange gode måtar å gjere ting på i Noreg, og dei fleste ungane i landet har eit trygt og godt liv. Alle har godt av å heve blikket og sjå at sin måte å gjere ting på ikkje er den einaste rette. Dei nye naboane våre har sine løysningar med seg, som fungerer fint for dei og for mange millionar av menneske i landa dei kjem frå.

Powered by Labrador CMS