Lavprisselskapet Ryanair seier opp avtalen med flyplassen Rygge i Moss fordi dei ikkje vil betale flyseteavgifta. – Vi bør kanskje ikkje trakte etter gnitne turistar som tviheld på lommeboka. Dei får heller bli heime, meiner kronikkforfattaren. (Foto: Reuters)

Kronikk: Det må koste meir å reise

Slik klimaet på jorda har utvikla seg, er det på høg tid med myteknusing om reiser, om feriar og om kva klimaøydeleggjande transport skal koste.

Sjå for deg eit slikt scenario for verdas reiseliv: For å unngå farlege klimaendringar, går land over heile verda inn for lover som låser prisen på energi, uansett prissvingingar på verdsmarknaden. Deretter aukar ein prisen på energi med 5 prosent kvart år. Flyreiser ligg i dag øvst på lista over kjeldene til klimautslepp frå turistnæringa.

Ved å fastsetje eit utsleppstak som ein senkar med ein prosent kvart år, oppnår vi ein utsleppsreduksjon som står i stil med løftet som vart avlagt i Paris – avgrense den globale oppvarminga til to prosent i året samanlikna med før-industrielt nivå.

Vrangførestilling om pris

Sjølvsagt vil ingen som veit sitt eige beste våge å føreslå noko slikt. Det er lett å førestille seg kva for eit ramaskrik forslaget ville utløyse. Dei karibiske landa ville til dømes hevde at dei blir straffa av den globale klimapolitikken. Som eitt av dei mest turistavhengige områda i verda, meiner øystatane i Karibia at dei har rett til å halde fram med den energiintensive økonomien sin. Forbunda som representerer hotelleigarar ville undersreke at dei ikkje kan finansiere tilleggskostnaden ved teknologiutskifting.

Flyselskapa og organisasjonane deira ville utan tvil framheve kor sentrale dei er for verdas handel og vise til arbeidet dei har sett i gang for å utvikle utsleppsreduserande løysingar for framtida. Ein kvar politikar som er galen nok til å føreslå at energi burde koste meir, vil bli møtt med protestrop. Refrenget i klagesongen er at energi må vere billeg og lett tilgjengeleg – også i framtida.

Reiseboomen kan ikkje halde fram

Det er kanskje på sin plass med ein liten refleksjon rundt akkurat dette. For kanskje bør vi prøve å skilje fakta frå fiksjon. Vi må meir enn ti år tilbake for å finne ein såpass låg pris på fossile drivstoff som i dag. Transportboomen vi er inne i er blitt endå større takka vere subsidiar, liberalisering og styresmaktene sin uvilje mot styring av prisen på energi. Alt dette har bidrege til ein massiv auke i reiseaktivitet. Mange heiv seg på då billegselskapet Ryanair for nokre år sidan la ut ein million flybillettar til eitt britisk pund per stykk, som i dag tilsvarar 12 kroner og 50 øre. Nett no har Ryanair ein ny kampanje av denne typen med billettar til 15 pund, eller 188 kroner – som heller ikkje er til å bli blakk av.

Påskota våre for flyreiser blir stadig meir overflatiske – vi skal i utdrikkingslag, på helgeturar til europeiske hovudstader, såkalla breakneck breaks – snarturar til fjerntliggjande reisemål. På toppen kjem flyreiser motivert av å bruke opp Eurobonus-poenga våre før dei går ut på dato. Etter kvart har vi berre vent oss til at transport skal vere billeg. Ironisk nok er den aller mest miljøskadelege transportforma, nemleg flyging, den aller billegaste.

Ein ny prismodell

Men så vidt eg veit, har billeg transport aldri vore nokon menneskerett. Klimaendringane er alvorlege, og det er på høg tid å innsjå at det vi gjer ein stad i verda, verkar inn på andre. Eit tankeeksperiment: Kva ville skje om vi innførte eit tak på energiforbruk i flysektoren? Med ei grense for talet på flyreiser, ville kostnaden sjølvsagt gå til vers. Men sidan etterspørselen etter billettar også ville auke, medan driftsutgiftene ville vere uendra, kunne eit slikt tiltak gjere underverk for flyselskapa si inntening.

Det burde vere attraktivt i ein sektor som stort sett har hatt raude rekneskapstal annakvart år dei siste ti åra.

No for tida er kvart femte flysete tomt når flyet tek av frå bakken. Om vi hadde våga å innføre eit tak på energiforbruket i flysektoren, kunne vi håpe at det vart mindre av denne sløsinga. Det ville utvilsamt bli meir aktuelt for fleire å utvikle berekraftige biodrivstoff som kunne senke klimautsleppa. Folk som flyr i jobben ville i større grad satse på videokonferansar. Folk som reiser på fritida, og dermed er mindre kresne på avgangstider, ville truleg finne seg fleire lokale reisemål og bli borte lenger når dei først er på tur.

Reisemålsdestinasjonar ville lære seg å utvide produkttilbodet sitt. Kanskje ville også nokre av familiane som har spreidd seg over heile kloden og gjort seg avhengige av å fly, tenke annleis om kvar det er praktisk å bu.

Nødvendig nyskaping

Den karibiske turistnæringa har for vane å protestere høglydt mot energiavgifter og flyskattar, som dei meiner vil råke dei særleg hardt. For nokre år sidan sa ein representant for turistnæringa i desse øystatane til meg, med eit sukk, at å gå etter turistnæringa alltid er det opplagde valet – som om det ikkje fanst andre økonomiske sektorar å ta tak i. Dei aller fleste reisemål har som mål å tiltrekkje seg så mange besøkande som dei kan. Ikkje mange vel den motsette strategien: å gjere produktet sitt så godt dei berre kan.

For meg er det tydeleg at klimaendringane tvingar oss til å ta tak i eit stor behov for nyskaping. Folk kjem ikkje til å slutte å reise. Den globale turistøkonomien kjem ikkje til å gå dukken – den må berre strukturerast på ein annan måte enn i dag.

Når det gjeld overnattingsbedrifter, står dei i dag for dei nest største utsleppa i det globale reiselivet. Forslaget mitt ville utan tvil gje hotellsjefar eit dytt til å setje i verk energieffektivisande tiltak. Dei ville oppdage at slike tiltak slett ikkje er kostnadskrevjande; dei svarar seg faktisk innan kort tid. Kostnaden ved å gjere hotella 20 prosent meir energieffektive, vil ein ha spart inn att på berre to år. Potensialet for energisparing ved eit gjennomsnittleg hotell er stort – enkelte vil seie nesten uavgrensa.

Eit gullkanta privilegium

Kven andre ville hevde å bli råka viss vi innførte eit pristak på energi? Aktivitetstilbydarar, bilutleigefirma, turoperatørar? Svaret mitt er at dei vil kunne tilpasse seg, alle som ein. Vi som er kundar kan lære oss å køyre mindre leigebilar og å «spare» til energikrevjande aktivitetar – dersom vi absolutt må satse på noko slikt i ferien. Uansett kor hardt eg prøver, greier eg ikkje å sjå kva som skal hindrar oss i å utforme ein seriøs og effektiv klimapolitikk.

Det eg derimot ser, er ein endelaus debatt som dreier seg om at energi av ein eller annan grunn må vere billeg. Eg ser også at bak lukka dører, der den politiske lobbyismen rår, utøver globale korporasjonar eit massivt press for å halde på status quo. Det nye paradigmet er «grøn vekst», og utsiktene skal vere lyse. Men etter alle solemerke er dette nok eit namn på eit system som vil føre til stadig aukande utslepp av klimagassar.

I global samanheng er flyreiser – og feriar i det heile tatt – er eit gullkanta privilegium avgrensa til ein økonomisk elite. Slik klimaet på jorda har utvikla seg, er det på høg tid med myteknusing om reiser, om feriar og om kva klimaøydeleggjande transport skal koste. Sist, men ikkje minst, må vi innsjå at alle framtidsscenarioa FNs klimapanel har lagt fram, er svært dårleg nytt for turistnæringa. Mykje dårlegare nytt enn endringar i prisstrukturen for reiser.

Powered by Labrador CMS