Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Ny lyttetest gir endå betre utbytte av avansert høyreapparat

Med ny lyttetest kan barn og vaksne med cochleaimplantat få betre kartlegging av høyrselen, slik at apparatjustering og oppfølging kan bli skreddersydd.

Viss du blir beden om å gjenta eit tulleord som til dømes «ara», er dette ei vanskelegare oppgåve enn å gjenta eit verkeleg ord som «bil». Dette er fordi du kan gjette deg til innhaldet når du høyrer verkelege ord, mens når du høyrer tulleord må høyrselen vere endå meir skjerpa.

Desse tulleorda kallar forskarane gjerne nonsensord, og det har vist seg å vere veldig viktige ord for å kartlegge høyrselen til høyrselshemma personar med eit såkalla cochleaimplantat, forkorta til CI.

CI er eit avansert høyreapparat som stimulerer høyrselsnerven direkte med elektrisk straum og kan gjere dei fleste sterkt høyrselshemma barn og vaksne i stand til å oppfatte lyd og tale.

– Dei fleste barn med CI får etter kvart korrekt uttale. Det er derfor vanleg at folk dei møter i kvardagen lett overvurderer kor godt desse barna høyrer, seier Arne Kirkhorn Rødvik.

I doktorgradsavhandlinga si viser han at repetisjonstestar med nonsensord gir eit meir korrekt bilde av taleoppfatninga hos barn og vaksne med CI enn konvensjonelle testar med verkelege ord.

Eit av funna til Arne Kirkhorn Rødvik var at barna med CI oppfatta fleire vokalar og konsonantar korrekt enn dei vaksne med CI.

Kor godt fungerer CI-teknologien til å oppfatte detaljar i talen?

Rødvik stilte seg spørsmåla: Kor godt fungerer CI-teknologien til å oppfatte detaljar i talespråket? Er oppfatninga av lydar like god for CI-brukarar som for dei med normal høyrsel? Viss ikkje – korleis kan vi få eit mest mogleg presist bilde av vanskane med taleoppfatning? Og kva kan gjerast for å betre vanskane?

– I dette prosjektet ville eg finne typiske forvekslingar av vokalar og konsonantar hos høyrselshemma barn og vaksne med CI og samanlikne dette med tilsvarande forvekslingar hos dei med normal høyrsel.

For å måle dette, utvikla Rødvik ein test av taleoppfatning med nonsensord. Orda består av ei eller to enkle stavingar, til dømes «iki» [i:ki], «ojo» [u:ju] og «bab» [ba:b].

– Eg såg at CI-teknologien ikkje kan gjengje stemte konsonantar heilt korrekt, seier Arne Kirkhorn Rødvik.

Grunnen til at han ikkje brukte vanlege norske ord i denne testen, var at han ville unngå at deltakarane brukte gjetting for å finne korrekt ord, i staden for berre å stole på høyrselen.

Rødvik er utdanna sivilingeniør i akustikk og jobbar som audiofysikar i CI-eininga ved Øyre-nase-halsavdelinga ved Oslo Universitetssjukehus – Rikshospitalet. Han har brukt dei siste åra på forsking ved Institutt for spesialpedagogikk ved Universitetet i Oslo.

Bruk av cochleaimplantat gir ikkje normal høyrsel

I forskingsprosjekt er det alltid viktig med ei normalgruppe, i dette tilfellet barn og vaksne med normal høyrsel.

– Resultata viser, ikkje overraskande, at dei som høyrer normalt, oppfattar fleire vokalar og konsonantar korrekt enn dei som har CI.

Barna med CI høyrer betre enn vaksne med CI

Eit anna funn var at barna med CI oppfatta fleire vokalar og konsonantar korrekt enn dei vaksne med CI.

Dette meiner Rødvik er fordi dei fleste vaksne som deltok i prosjektet, miste høyrselen i vaksen alder og fekk aldri like god taleoppfatning med CI som med den dei hadde før. Fleire hadde heller aldri hatt normal høyrsel.

Ei anna årsak meiner forskaren er fordi dei fleste barna som deltok i prosjektet, fekk CI før dei utvikla talespråk, og medan hjernen framleis var fleksibel nok til å utvikle funksjonell høyrsel «frå scratch».

Stemte konsonantar blir oftare forveksla enn ustemte

Dei stemte konsonantane, til dømes [b], [n], [m] og [v], vart oftare oppfatta feil enn dei ustemte som [p], [s] og [f].

Flest forvekslingar vart funne for dei nasale konsonantane, til dømes [n] og [m]. Ei slik forveksling kan føre til at maken bli oppfatta som naken.

Forskjellen mellom ein stemt konsonant og ein ustemt er at stemmebanda vibrerer når vi uttalar ein stemt og ikkje når det er ustemt. Denne skilnaden kjem tydeleg fram om du held deg for øyra og vekslar mellom å seie «b» (stemt) og «p» (ustemt).

Stemte lydar ligg i bassområdet i frekvensspekteret.

– Eg såg at CI-teknologien ikkje kan gjengje stemte konsonantar heilt korrekt, truleg på grunn av kodinga av lyden og plasseringa av elektroden i cochlea eller sniglehuset.

Stemte konsonantar vart ofte forveksla med ustemte, til dømes [b] med [p] eller [f] med [v], medan ustemte aldri vart forveksla med stemte.

Overføring av bass-lydar til implantatet er ikkje optimal

Forskingsresultata viser kva vokalar og konsonantar som er vanskelegast å skilje mellom og tyder på at overføringa av lågfrekvente bass-lydar i CI ikkje er optimal.

– Dette er nyttig informasjon for dei som planlegg lytte- og taletrening for høyrselshemma, for dei som programmerer lyden i CI og for utviklinga av ny CI-teknologi, avsluttar Rødvik.

Rødvik jobbar for tida med å vidareutvikle nonsensord-testen til ein klinisk test som er lett å bruke i ein hektisk kvardag i høyresentralar, skular og spesialskular.

Cochleaimplantat (CI)

Et cochleaimplantat (CI) er et hjelpemiddel som gjennom elektrisk stimulering av hørselsnerven kan gi døve og sterkt hørselshemmede mulighet til å oppfatte lyd og tale. Det er et alternativ for personer som ikke har tilstrekkelig hjelp av høreapparat.

Referansar:

Arne Kirkhorn Rødvik: Speech sound confusions in well-performing adults and children with cochlear implants, measured by repetition of mono- and bisyllabic nonsense words. Doktorgradsavhandling ved Institutt for spesialpedagogikk, Universitetet i Oslo, 2020.

Arne Kirkhorn Rødvik mfl.: Consonant and vowel identification in cochlear implant users measured by nonsense words: A systematic review and meta-analysis. Journal of Speech, Language, and Hearing Research, 2018. DOI: 10.1044/2018_JSLHR-H-16-0463

Arne Kirkhorn Rødvik mfl.: Consonant and vowel confusions in well-performing children and adolescents with cochlear implants, measured by a nonsense syllable repetition test. Frontiers in Psychology, 2019. Doi.org/10.3389/fpsyg.2019.01813

Arne Kirkhorn Rødvik: Perception and confusion of speech sounds by adults with a cochlear implant. Clinical Linguistics and Phonetics, 2008. (Sammendrag) Doi.org/10.1080/02699200801919299

Film som forklarar kva stemte og ustemte konsonantar er. (Kilde: NDLA)

Cochleaimplantat

Cochleaimplantat (CI) er eit avansert høyreapparat som stimulerer høyrselsnerven direkte med elektrisk straum og gjer dei fleste sterkt høyrselshemma barn og vaksne i stand til å oppfatte lyd og tale. CI er det opplagte alternativet for personar som ikkje har tilstrekkeleg hjelp av vanlege høyreapparat.

Eit CI består av ein utvendig og ein innvendig del. Den utvendige delen, lydprosessoren, liknar på eit vanleg høyreapparat. Prosessoren har ein mikrofon som fangar opp lyden, som deretter blir analysert og splitta opp i ulike frekvensområde. Deretter blir lyden sendt som radiosignal via ein sendarspole inn til den innvendige delen av CI, til cochlea, eller sneglehuset

For barn som er fødde utan høyrsel eller har medfødt stort høyrselstap, gir CI eit godt grunnlag for å utvikle talespråk, dersom barna blir implanterte i ung nok alder. Kor god høyrsel barna får med CI kan variere. Nytten av CI er avhengig av dagleg bruk i miljø der kommunikasjonen føregår på talespråk. Veldig viktig er også målretta lyttetrening hos audiopedagog, logoped eller andre fagfolk. Oppfatting av dei finare detaljane i tale er utfordrande, sjølv under gode lytteforhold.

Kjelde: OUS

Powered by Labrador CMS