Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Sjukepleiaren som kom til, såg kva problemet var. Den klare væska i slangen var ikkje klar lenger. Han var full av kvite krystallar.

Seksåring fekk legemiddel intravenøst. Så gjekk pumpa tett

Det sjuke barnet fekk fem legemiddel samstundes, men så gjekk den intravenøse slangen tett. Farmasøytane måtte finna ut kvifor.

Alarmen gjekk på Barneintensiv Rikshospitalet. Pumpa som gav legemiddel intravenøst til ein svært sjuk seksåring, var gått tett. Sjukepleiaren som kom til, såg kva problemet var. Den klare væska var ikkje klar lenger, men full av kvite krystallar.

– Syndaren var eit nytt produkt ved namn Plasma-Lyte. Det vert brukt til å gje pasienten væske og elektrolyttar, vassløyselege substansar med positiv eller negativ lading som kroppen treng, seier Niklas Nilsson.

Han er klinisk farmasøyt på Barneintensiv og forskar ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo.

– Barnet fekk fire andre legemiddel i same slange. Eitt eller fleire av desse hadde reagert med å fella ut eit fast stoff.

Kombinasjonar med fleire legemiddel

Vansken med å gje intravenøst til små barn er at dei ofte har færre intravenøse inngangar enn vaksne. Det betyr at moglegheitene for å setja slangen er færre.

Når pasienten skal ha fleire legemiddel samstundes, er det ingen veg utanom å gje dei i same slange. Men det er ikkje risikofritt.

– Vi identifiserte kva komponentar som ikkje bør gå saman, fortel Niklas Nilsson.

– Legemiddel er kjemiske substansar som kan reagera med kvarandre når dei vert blanda. Ein del kombinasjonar er utprøvde i laboratoriet, men ofte berre parvis og i gitte kvanta, fortel Nilsson.

Han seier at dei på sjukehuset ofte må gje kombinasjonar med tre, fire, fem ulike legemiddel. I doseringar som varierer frå pasient til pasient.

Testar vanlegvis ut kombinasjonar

Sjukepleiarane som skal gje legemidla, hamnar i eit dilemma. Men som Katerina Nezvalova-Henriksen, ein farmasøytkollega av Nilsson, seier:

– Du veit ikkje om legemidla er trygge, men du veit kva som skjer om du ikkje gjev dei. Slik sett er valet enkelt.

– Når situasjonar som dette oppstår, betyr det at behandlinga med legemiddel kan bli avbroten eller forseinka. Og denne behandlinga er kanskje den viktigaste av alle, seier Nilsson.

Han og Nezvalova-Henriksen forskar begge på kombinasjonar av intravenøse legemiddel. Vanlegvis tek dei utgangspunkt i mykje brukte legemiddel. Dei testar dei ut i ulike kombinasjonar for å finna ut kven som er trygge å gje saman. I dette tilfellet var utgangspunktet det motsette.

– Vi starta med ein kjend kombinasjon som vi visste var utrygg. Oppgåva vår her var å rekonstruera det som hadde skjedd. Deretter identifisera kva komponentar som ikkje bør gå saman.

Reagerte med utfelling

I situasjonen med seksåringen klarte sjukepleiarane omsider å finna ut at utfellinga forsvann når Plasma-Lyte vart fjerna. Dermed kunne behandlinga takast opp att.

– Det løyste den akutte situasjonen.

Likevel måtte forskarane finna ut av kva legemiddel som hadde reagert med kvarandre. Slik at ikkje liknande situasjonar kan oppstå i framtida.

Gjennom forsøk i laboratoriet kunne forskarane slå fast at to av legemidla som var brukt, midazolam og ketamin, begge reagerte med utfelling når dei vart blanda med Plasma-Lyte.

Dei to andre, fentanyl og kaliumklorid, verka derimot å vera trygge.

– Det er viktig å gjera slike forsøk i laboratoriet. Slik kan vi fanga opp utfall som er for lite til å sjå med det blotte auga. Dei kan likevel vera store nok til å blokkera dei minste blodårene i kroppen, seier Nilsson.

Viktig med kliniske farmasøytar på sjukehus

– Det som er litt urovekkjande, er at informasjonen frå produsenten av Plasma-Lyte seier at han er trygg å blanda med både midazolam og ketamin. Forsøka våre viser at det ikkje er tilfelle. Så analysane deira har nok ikkje vore gode nok.

Episoden er eit godt døme på korleis forskinga bidrar til å lukka avvik. Avviket har blitt rapportert, kartlagt og forska på. Forskinga kjem rett tilbake som retningslinjer.

– Dette hadde ikkje vore mogleg utan farmasøytisk kompetanse. Plasma-Lyte er ei såkalla bufferløysing. Det betyr at pH-verdien ikkje lett let seg påverka. Plasma-Lyte har ein pH-verdi på litt over sju, medan bufferløysinga som tidlegare var vanleg, låg rundt fem, forklarar Nilsson.

– Denne forskjellen er årsaka til at legemidla reagerer ulikt med dei to løysingane. Å fanga opp dette krev kunnskap om kjemi ut over det legar og sjukepleiarar har. Dette viser kor viktig det er med kliniske farmasøytar på sjukehus.

Referanse:

Niklas Nilsson mfl.: Exploring a case of incompatibility in a complex regimen containing Plasma-Lyte 148 in the pediatric intensive care. Pediatric Anesthesia, 2022. Doi.org/10.1111/pan.14598

Powered by Labrador CMS