Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Hofteskadde er ekstra utsette for feil legemiddelbruk
Hoftebrot er ofte alvorleg for pasienten. No vil forskarar redusera risikoen for feilmedisinering av denne utsette gruppa.
I Noreg har vi kvart år rundt 9.000 hoftebrot, meir enn ein gong i timen i snitt. Behandlinga kan vera komplisert og fører ofte til eit pasientforløp med fleire ulike stasjonar i behandlingsapparatet.
Tilstanden er alvorleg: Rundt ein av fire pasientar døyr innan eit år. I tillegg får mange behov for permanent sjukeheimsplass.
– Hoftebrot er ikkje noko ein planlegg for. Starten på behandlinga er gjerne dramatisk, der ein vert frakta til akuttmottak på sjukehus i ambulanse. Etter operasjonen er det som regel rehabilitering på rehabiliteringssenter eller sjukeheim, forklarar klinisk farmasøyt Ben Tore Henriksen.
– Langt dei fleste hoftebrotspasientar er eldre. For dei inneber ei slik reise ein tilleggsrisiko, feil i legemiddellister.

Oppdaga eventuelle feil som oppstår
Det er utfordringar knytt til legemiddellister når folk vert innlagde på sjukehus. Ifylgje Henriksen er desse utfordringane ekstra store for pasientar med hoftebrot på grunn av det lange pasientforløpet, dei mange instansane som er involvert og følgjeleg fleire overføringar mellom desse.
Fleire overføringar betyr fleire moglegheiter for at feil kan oppstå.
– Di eldre vi blir, di fleire medisinar må vi ta. Dermed vert det òg viktig med presise legemiddellister, for å unngå feil dosering, uynskte biverknadar og uynskte interaksjonar, altså at to legemiddel påverkar kvarandre, eller kanskje utliknar effekten av kvarandre, seier Henriksen.
– Di lenger pasientforløpet er, di lenger tid tek det før pasienten igjen kjem i kontakt med primærkontakten sin, som fastlege eller heimesjukepleie, som kan oppdaga og justera eventuelle feil som kan ha kome til undervegs.
To område har vore spesielt utfordrande
Henriksen er tilsett ved Sykehusapotekene HF og tek doktorgraden sin ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo. Prosjektet er i samarbeid med Sykehuset i Vestfold. Målet med arbeidet er å optimalisera legemiddelbruken hjå pasientar med hoftebrot.
– For å vita kvar det er potensial for forbetringar, må vi vita kvar skoen trykkjer i behandlingsapparatet. Derfor har vi utvikla eit spørjeskjema for alle stadia i prosessen.
Det har vore spesielt to område som har vore utfordrande i arbeidet med å utvikle spørjeskjemaet, det Henriksen kallar presentasjon og representativitet.
– Presentasjon går på utforminga av spørjeskjemaet. Det handlar om slikt som visuell layout og flyten gjennom spørsmåla. Og ikkje minst gjeld det utforminga av spørsmåla, fortel han.
Fleire ulike undersøkingar
– Vi som lagar skjemaet, har eit ganske klart bilete av kva det er vi ynskjer svar på. Men vil respondentane forstå spørsmåla slik vi har meint dei, slik at vi får svar på det vi lurer på? Vi har gått fleire rundar med ulike behandlarar av hoftebrot for å kvalitetssikra dette.
Representasjon handlar på si side om å ta omsyn til at dei ulike instansane for behandling ikkje nødvendigvis møter dei same problema. Det gjeld òg dei ulike yrkesgruppene i behandlingsapparatet.
– Derfor vil du få ulike spørsmål ut frå rolla di i behandlinga av pasienten, seier Henriksen.
– Du kan nesten seia at det er fleire ulike undersøkingar, tilpassa den enkelte vi spør.
Referanse:
Ben Tore Henriksen mfl.: Development and initial validation of MedHipPro-Q: a questionnaire assessing medication management of hip fracture patients in different care settings. BMC Health Services Research, 2022. Doi.org/10.1186/s12913-022-07524-2
Les også disse sakene fra Universitetet i Oslo:
-
Hjerneforsker advarer mot ukritisk bruk av smertestillende opioider
-
Kvinner isoleres oftere enn menn under fengsling i Norge
-
Forskning møter barrierer: – Jeg er ganske bekymret over utviklingen
-
Slik kan sensorer fra smarttelefoner brukes til å ta bilde av antimaterie
-
Jordskjelv, snøskred og glass som knuser, har noe til felles
-
Digitale verktøy kan gi lærerstudenter bedre veiledning
forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER