Poteta kjem frå Peru

Kvart år blir det produsert rundt 300 millionar tonn poteter i verda. Nye genetiske analyser viser at kvar einaste av dei stammar frå Peru. Der blei poteta kultivert for rundt 7 000 år sidan.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Spørsmålet om kvar poteta eigentleg kjem frå har vore kjelde til diskusjon. Poteta finnast i alle slags område på kloden frå nord til sør.

Enkelte har tenkt seg at menneske på forskjellige stader kan ha oppdaga at denne rotfrukta egna seg godt å dyrke.

Alle tidlegare hypotesar baserer seg difor på ideen om at den kultiverte poteta har utvikla seg frå forskjellige område på det Sør-Amerikanske kontinentet og frå fleire forskjellige ville artar.

Felles avstamming

Ei ny studie viser at dette ikkje stemmer. Alle dagens kultiverte poteter har felles avstamming, og kan sporast attende til eitt bestemt område.

Poteta er så hardfør og matnyttig, at ho har spreidd seg herfrå utover heile kloden etter at ho blei kultivert for første gong for rundt 7 000 år sidan.

Forskarane bak den aktuelle studien har studert 261 ville og 98 kultiverte potetvariantar, for å avgjere spørsmålet. Resultatet var klart, meiner taksonomen David Spooner ved U. S. Department of Agriculture. Han er den leiande forskaren bak studien.

Sør i Peru

"Potetforskarar samlar inn ville poteter i Peru: Botanikaren Daivid Spooner (t.h.) saman med Alberto Salas, spesialist på plantegenetiske ressursar ved Det internasjonale potetsenteret i Peru."

Kvart år går Spooner i fjella i Sør-Amerika i to månader for å identifisere og samle inn ville potetartar som han kan forske på.

- Teorien om fleire opphav var delvis basert på den breie distribusjonen av poteter frå nord til sør over mange forskjellige habitat, på liknader i utsjånad mellom forskjellige ville og kultiverte artar, og på andre data, seier han.

- Vårt DNA viser derimot at alle kultiverte poteter kan sporast attende til eitt enkelt opphav sør i Peru, seier Spooner.

Desse resultata går faktisk imot det han sjølv har meint tidlegare.

Spanske conquistadorar

I dag er poteta den fjerde viktigaste matplanta frå jordbruket, etter ris, kveite og mais. Det fins fleire tusen forskjellige variantar av kultiverte poteter.

Jordeplet kom over Atlanterhavet rundt 1570 med dei spanske conquistadorane, og spreidde seg gradvis i Europa frå Spania. Til Nord-Amerika kom jordeplet rundt 50 år seinare.

Referanse:

David M. Spooner; Karen McLean; Gavin Ramsay; Robbie Waugh og Glenn J. Bryan: A single domestication for potato based on multilocus amplified fragment length polymorphism genotyping; Proceedings of the National Academy of Sciencs of the United States of America; oktober 2005.

Lenker:

University of Wosconsin-Madison: Finding rewrites the evolutionary history of the origin of potatoes
United States Department of Agriculture: Unraveling the Mystery of Modern Potatoes’ Origins
Det internasjonale potetsenteret: (CIP): Origin of the potato centered in Peru
Det internasjonale potetsenteret (CIP): Om potet
 

Powered by Labrador CMS