Thomas Arnesen, Jill Walker Rettberg og Harald Sodemann har motteke ERC Consolidator Grants for sine prosjekt. (Foto: UiB)

Tre UiB-forskarar fekk toppstipend

Det europeiske forskningsrådet (ERC) tildeler éin gong i året Consolidator Grants til forskarar med prosjekt som utmerkar seg.

Av fem norske prosjekt totalt fekk UiB tre tildelingar: Jill Walker Rettberg ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier, Thomas Arnesen ved Molekylærbiologisk institutt og Institutt for biomedisin, og Harald Sodemann frå Geofysisk institutt.

Jill Walker Rettberg fekk støtte for eit prosjekt som skal utforske kva som skjer med oss når vi i større grad betraktar verda rundt oss gjennom maskiner. 

Thomas Arnesen fekk støtte for eit prosjekt som skal undersøke nye system for cellulær regulering av protein med potensielle effektar mot hormonregulering og kreft.

Harald Sodemann fekk støtte for eit prosjekt som blant anna ser nøyare på vatnet sitt krinsløp, med mål om å lage modellar for betre å forstå kva som påverkar nedbøren. Sentralt i prosjektet er bruken av målefly for å følgje krinsløpet i Norskehavet.

Powered by Labrador CMS