Forskingsleiar Halvor Dannevig. (Foto: Vestlandsforsking)
Forskingsleiar Halvor Dannevig. (Foto: Vestlandsforsking)

Ny forskingsleiar ved Vestlandsforsking

Halvor Dannevig er tilsett som ny forskingsleiar for Vestlandsforsking si forskingsgruppe på klima og miljø som utgjer 12 forskarar i inngangen til 2018. Instituttet utfører forsking og utviklingsoppdrag for offentleg og privat verksemd innan klima og miljø, reiseliv og teknologi og samfunn. Fagområdet som Dannevig får ansvar for utgjer om lag 50 prosent av forskingsaktiviteten ved instituttet, og han går inn i leiargruppa.

– Det blir ei spanande utfordring som eg gler meg til å ta fatt på. Eg overtar ei gruppe med flinke og motiverte medarbeidarar, og vi har mange gode og interessante prosjekt i porteføljen vår, seier Dannevig.

Dannevig har sidan 2011 vore tilsett som forskar ved Vestlandsforsking og har klimatilpassing som sitt fremste forskingsområde. Han har doktorgrad frå Universitetet i Aalborg i 2015 med eit forskingsarbeid utført ved Vestlandsforsking.